Deltakarane på Fana Arena er i full gang med oppvarming.

Viktig treningstilbod for tidlegare kreftsjuke må kjempe om finansiering 

Eit to årig treningstilbod for tidlegare kreftsjuke mistar finansiering, korleis dei skal gå fram er usikkert. 

Publisert Sist oppdatert

Trening har ein stor gevinst for helsa di, og bidreg til å førebyggje ei rekka sjukdommar, også kreft. Fysisk aktivitet er ein sjøvstendig krefthemmar. Om ein får ein kreftdiagnose og er i aktiv behandling, men har trena på førehand, er det forsking som viser at det har positiv effekt på behandlinga. Fysisk aktivitet og trening kan vera til hjelp for å meistra kvardagen som kreftpasient, og kan også bidra til å redusera biverknader og følgjetilstandar. Dersom ein er sjuk og i behandling bør ein ha dialog med legen sin for å avklara kva som er moglegheitene og avgrensingane for kvar enkelt. Rørsle og fysisk aktivitet er gunstig for alle, og kor mykje avheng av behandling, situasjon og dagsform.

- Geir Vangsnes, Regionleder for Kreftforeningen i Bergen.

-Det klarer vi ikkje å tenke på, sier Kate Arnesen. 

Drivkraft er kun eit av fleire treningstilbod for folk som er eller har vore i kreftbehandling, men Drivkraft skilljer seg likevel ut frå resten. Dei får finansiering av Stiftelsen Dam ut 2025, dei går ein usikker framtid i møte, men vil gjere alt for å beholde tilbodet!  

– Tilbodet betyr alt, seier Trude Nord Arnesen. 

For eit år sidan besøkte journalist Lily Austdal frå Bymag, Drivkraft. Då var deltakarane henrykte over tilbodet. Det er dei framleis, når eg besøker dei.  

Treningstilbodet er for folk som er, eller har vore kreftpasientar. Tilbodet er støtta av Kreftforeningen og er organisert av Idrett Bergen Sør. 

Før trening drikk deltakarane kaffi og pratar, og eg får bli med på kaffipraten med nokre av deltakarane som har møtt opp til trening. Nina Parmann, som vi vart kjent med i fjor, fortel at ho planlegg feriar rundt treningsøktene så ho ikkje går glipp av noko!

Treninga er veldig variert, men det er mest styrke og kondisjonstrening det går i. Deltakarane trener på å bygge opp kjernemuskulaturen igjen. 

Maren Lerøen seier at uansett om folk ikkje er i form til å trene, har ein alltid eit ønske om å komme for det sosiale. Det betyr like mykje som sjølve treninga.

Rundt bordet hyllar dei tilbodet og dei flinke instruktørane sine. Treninga er tøff nok, men alle er i same båt. 

– Det er greitt å ta pausar og stoppe når det passar, fortel Parmann. 

Dei forklarer at det er spesielt viktig å trene etter kreftbehandling. Ein må byggje kroppen opp igjen etter at ein har vore heilt på felgen, meiner Lerøen. 

Maren Risøen og Thea Melkevik Fløten, leiarar for treningstilbodet Kraftfull.

– Vi kan ikkje tenke på at Drivkraft kan avsluttast i år. Då blir vi lei oss, seier dei alle rundt bordet. 

Eit anna tilbod i Bergen for folk som har vore ramma av kreft, er treningsgruppa Kraftfull. Dei driv no med ein stor utviding av sitt kommunale program, der dei utvidar frå å trene to dagar i veka til å trene kvar dag. Gruppeansvarlege Maren Risøen og Thea Melkevik Fløten er no midt oppi rekruttering av deltakarar til det utvida tilbodet. Dei seier at programmet er svært viktig for sine 12 medlemmer.  

– Medlemmane seier at dette har vore vegen tilbake til kvardagen. Kraftfull har vore sjølve redninga, forklarar dei gruppeansvarlege. 

Slit med å trene på treningssenter

I dag stod sirkeltrening på programmet.

Parmann er likevel skeptisk til Kraftfull. Ho var sjølv deltakar før ho kom til Drivkraft. Ulempen der er at du kun får vere med i eit halvt år. Når du akkurat har kome i gang må du slutte. Det var kjempe frustrerande. Dette tar jo tid, og det handlar også om det psykiske. Å sjølv få ansvaret åleine for å gå på treningssenter, det er jo noko heilt anna, fortel Parmann. 

Kate Arnesen stemmer i at ho sjølv har opplevd liknande med eit anna tilbod. 

– Dei hadde det same på Askøy når eg var sjuk. Det var tre månader så; goodbye.

Maren Risøen frå Kraftfull seier at dei fleste trenings - og rehabliteringstilbod varer i ein avgrensa periode. Målet er å få inn treningsrutiner sjølv i kvardagen vidare. 

Lerøen forklarer at det sjølvsagt er tilbod i der ute, men at det ein får ofte er begrensa. Det står alltid nye pasientar i kø, og då må du ut igjen. Slike tilbod blir eit lite springbrett ut, men du må ha ein stad å lande. Eg fekk beskjed om at det er viktig å fortsetje å trene etter behandling. Eg såg for meg eit treningssenter og tenkte:

–  Ja, det skal eg sikkert få til. 

Ho fortsett: Men der er det så mykje støy. Etter ei tøff behandling har ein ofte mange plager. Mange får usynlege skadar som trøttheit, lyssensitivitet og stive ledd. Det passar ikkje så godt overeins med å stå på treningssenter i ein stappfull sal med mykje støy. 

Heldigvis fekk eg tips om Drivkraft, fortsett ho. Eg trur det er mange som kan seie seg einig i at dei ikkje hadde fått landa godt på eit treningssenter. Og då var dette heilt genialt. Drivkraft er ein trygg stad å lande.

Nina Parmann seier seg einig: 

– Eg blir sliten berre av å sjå på dei som spring på mølla. Så ler dei alle godt rundt bordet med ein kaffi koppen i handa. 

Benedikte Wie Pedersen har vore instruktør i Drivkraft sidan start.

Benedikte Wie Pedersen, instruktør i Drivkraft og Arne Hauge, dagleg leiar i Idrett Bergen Sør, er einige om at dei skal gjere alt for at tilbodet ikkje skal leggjast ned. Hauge tvilar på at Stiftelsen Dam vil fortsette å finansiere prosjektet. 

– Å fornye eit prosjekt er noko dei vanlegvis ikkje gjer, så eg tvilar sterkt, men vi skal prøve å overtale dei, seier Hauge. 

Hege Bjørnsdatter Braaten, Kommunikasjonssjef i Stiftelsen Dam svarer at dei ikkje støttar langvarige tilbod. Dei er ein av Noregs største pengeutdelande stiftelsar. Likevel støttar dei ikkje langvarige tilbod, men heller prosjekt med ein sluttdato. Om Drivkraft-prosjektet vidareutviklast derimot, er det fullt mogeleg å søkje om nye prosjektmidlar, forklarer kommunikasjonssjefen. 

Pedersen forklarer at det er vanskeleg å få finansiering til prosjekt som angår vaksne, noko ho tenkjer er veldig synd. 

–Vi kan ikkje gje oss, det kan vi berre ikkje, men det blir vanskeleg, seier instruktøren fortvila. 

Ein moglegheit for at tilbodet skal få fortette er at deltakarane sjølve betalar. Når eg spør om dette rundt kaffibordet er dei einige: det er det absloutt verdt!

 

Powered by Labrador CMS