Innenriks

KAN VERTE RÅKA: Reiarlaget Odfjell fraktar varer til USA og kan verte råka av tollkrigen.

Tollkrigen sine ringverknadar kjem til Bergen: – Veldig mange lag med usikkerheit

Shippingnæringa er ein viktig del av byen sitt næringsliv. No kan reiarlaga og deira tilsette verte råka, fortel UiB-professor. 

Publisert

– Det som skjer no er ikkje bra for internasjonal handel. Med ein gong det går dårleg for verdshandelen, er det også dårleg for shippingnæringa, seier Hans K. Hvide, professor ved Institutt for økonomi på UiB, om tollkrigen.

Den vil kunne råke norske reiarar og dei tilsette, uavhengig av om Noreg vert direkte råka av EU sine mottiltak eller ikkje.

– Det er dårleg nytt for verdshandelen og norsk næringsliv, men nøyaktig kor dårleg er vanskeleg å seie, fortel UiB-professoren.

– Vil straffe seg

– Toll vil venteleg føre til lågare handelsaktivitet, og med det kjem lågare volum og færre varer som skal krysse verdshava, fortel Sigvald Sveinbjørnsson, dagleg leiar i Maritime Bergen.

I tillegg dreg han fram at potensiell hamneavgift for skip som er bygd i Kina, også vil kunne råke norske verksemder.

– Trumpadministasjonen har også lefla med idéen om ei eiga, veldig høg hamneavgift for skip som er bygd i Kina eller for reiarlag som har mange skip som er bygd i Kina i si flåte. Dersom det vert ein realitet, vil det treffe reiarlaga ganske hardt.

– Det er veldig mange lag med usikkerheit som gjer at dette vert vanskeleg, seier Sigvald Sveinbjørnsson.

– Då vil det straffe seg å eige kinesisk bygde skip i flåten, seier Sveinbjørnsson.

Han opplever at den største bekymringa for shippingnæringa i Bergen når det gjeld Trumpadministrasjonen, er usikkerheita rundt korleis politikken vert å sjå ut.

Vidare fortel han at det er vanskeleg å spå korleis etterspørselen i norsk shipping vil utvikle seg. Sidan reiarlaga fraktar ulike varer til ulike område, kan somme oppleve at etterspørselen fell. Andre vil kunne oppleve ein auke, til dømes knytt til opprusting i Europa, meiner han.

– Den gode nyheita oppi dette, er at mange av dei norske reiarlaga har lange fraktkontraktar, legg han til.

Likevel trur han ein del av dei er bekymra for at prisen per tur skal gå ned som følge av mindre laster.

Lokale ringverknader

Sveinbjørnsom seier at ei nedgang i shippingnæringa heller ikkje vil vere positivt for lokalsamfunnet i Bergen.

– Det er betydelege ringverknader av aktiviteten, seier den daglege leiaren, som bekreftar at næringa er viktig for byen.

Sjølv er han likevel ikkje bekymra for framtida i bergensk shippingnæring og alle verksemder som støtter opp under den.

INTERNT I EUROPA: Reiarlaget Utkilen fraktar varer internt i Europa, ikkje til USA.

– Eigentleg ikkje. Ting endrar seg heile tida, det er berre å tilpasse seg det. Å gå rundt å vere bekymra veit eg ikkje om er så lurt. Ein må på ein måte verte vandt til at det er slik verda er, at det svingar.

Han oppfattar heller ikkje at stemninga blant reiarlaga i Bergen, og shippingnæringa generelt, er prega av redsle.

– Nei eg vil ikkje seie redde, men ein følg veldig godt med.

Dette seier verksemdene

Siri-Anne Mjåtvedt er Chief Executive Officer i Utkilen, eit av reiarlaga som held til i Bergen.

Ho fortel at dei berre fraktar varer internt i Europa, og vil difor ikkje verte direkte råka av USA sine tollsatsar. Vert dei råka, er det i så fall av ringverknadane av Trumpadministrasjonen si politikk.

På grunn av dette er ho mindre bekymra for påverknaden tollkrigen vil ha på Utkilen, men vektlegg at reiarlaget ikkje liker å måtte halde seg til ei uføreseieleg og usikker verd, i likskap med dei fleste andre.

FOR TIDLEG: – Foreløpig er det imidlertid for tidlig å vite nøyaktig hvilke økonomiske konsekvenser den amerikanske politikken vil få, seier Harald Fotland

Eit av reiarlaga i Bergen som derimot fraktar varer til USA, er Odfjell.

Administrerande direktør Harald Fotland seier at dei foreløpig ikkje kan føresjå dei økonomiske konsekvensane av USA si politikk, men det er mogeleg at denne vil føre til at dei får færre oppdrag.

– Generelt sett er det også ein risiko at tollsatsane vil føre til redusert verdshandel. Dette kan føre til lågare aktivitet hjå våre kundar og dermed færre oppdrag for våre skip.

– Det har vore kjend lenge at den amerikanske skipsindustrien ynskjer å gjere noko med konkurransen frå Kina. Likevel var tollforslaget overraskande og me jobbar no med å forstå korleis dei ulike tiltaka vil treffe oss, seier Fotland.

Dersom tollen vert ein realitet, bekreftar direktøren at dette vil ha ei betydeleg påverknad på både Odfjell og næringa generelt. Reiarlaget har 16 skip som er bygd i Kina. I følgje Odfjell si nettside, har dei 70 skip i flåten. 

– Dersom planen om toll på kinesiskbygde skip vert sett i verk vurderer me å leggje om rutene slik at det berre er skip som ikkje er bygd i Kina som seilar til USA. Men dersom forslaget om at alle selskap med kinesiskbygde skip i flåten må betale avgift, er det inga veg utanom.

 

Powered by Labrador CMS