Kultur

"Split the G"-trenden herjar i Bergen: –Det er jo ikkje noko godt, eigentleg
Bergen tørstar etter Guinness – Viral trend driv salet til nye høgder.
Hos utestadane i Bergen har salet eksplodert. Stout-ølet du vanlegvis ser på rolege, brune pubbar har nådd nye høgder blandt unge etter Tiktok-trend. Dette har ført til tomme ølkranar i Bergen – og ellers i Europa.
Heiv seg på trendbølgja
– Eg såg det kanskje først på reels eller TikTok. Første gong eg kjøpte den, var det kun for å prøve å splitte G-en. Eg har aldri drukke Guinness eigentleg, ikkje før eg så trenden.
Studenten Jacob Schrader Kvanvig er ein av mange unge som har fått auga opp for Guinness. Han fortel at trenden har spreidd seg som eld i tørt gras blant vener og bekjente, og at ølet no er fast inventar på mange kveldar ute. Likevel er han ikkje heilt overtydd – sjølv om han kjøper Guinness, har han framleis ei høne å plukke med smaken.

– Det er jo ikkje noko godt. Den er eigentleg berre veldig vond. Eg synast den første slurken kan vere ganske god, men når man er på fjerde, femte, sjette og ... botn ... Eg tykkjer ikkje botnen er noko god i det heile teke.
Og om han klarar å splitte G-en?
– Det er noko eg har prøvd fleire gonger. Årsaken til at eg kjøper den, er for å prøve å splitte den. Og det har eg sjeldan greid.

Guinness-mani i Bergen
På grunn av den aukande trenden merkar fleire av Bergens-pubbane på etterspunaden. På The Old Irish har salet av det mørke-ølet eksplodert.
– Guinness har blitt mykje meir populært. Me ser jo korleis Tiktok og instagram påverkar salga her i Bergen, seier dagleg leiar for puben Vegard Pottage.

Pottage ved The Old Irish Pub uttrykker stor tilfredsheit med dei rekordhøge salstala. Aldri før har puben opplevd så stor etterspurnad etter den irske øla. Likevel stiller han spørsmål ved om det yngre publikummet verkeleg set pris på smaken, eller om det høge salet i større grad er drive av trendar og det sosiale aspektet.

– Nei, eg trur det er ein lav prosent av dei som faktisk likar Guinness. Men det er sånn sosiale medier og trender funkar. Det påverkar kva folk syns er kult.
Fleire lokale pubar i Bergen slit med å ha nok Guinness på lager til å møte den aukande etterspurnaden. The Old Irish Pub har derimot klart å sikre seg rikelege forsyningar av det populære ølet, noko som har gitt dei eit fortrinn i møte med den veksande interessa.
– Heile Guinnessfabrikken slit jo, og dei er nødt til å ekspandere. Me skjønar dette og bestilte ein ekstrem mengde berre for å ikkje gå tom
Rekord for det irske gullet
Den kraftige etterspurnaden har ikkje berre skapt utfordringar for pubane i Bergen. Ringnes, som er ansvarlege for import og distribuering av ølet, merkar også presset og stadfestar at Guinness-salet har skote i vêret både i utelivet og daglegvarehandelen.
– I fjor slo Guinness alle rekordar og hadde ein vekst innan uteliv på 50 prosent. I daglegvare var auka på 40 prosent. Det er ikkje ofte me opplever at eit merke veks på denne måten, skriv ølsjef i Ringnes Peder Osøyen.
Det er ikkje berre ein auka nasjonal etterspurnad som ikkje blir møtt – heile Europa er tørste på det irske gullet.
Vidare skriv Ølsjefen:
– Guinness gjer alt dei kan for å møte den eksplosive veksten i etterspurnaden. På lang sikt vil dei betre si leveringsevne når dei utvid kapasiteten og det nye bryggeriet står klart. Men på kort sikt klarar dei ikkje fullt ut å møte etterspunaden. Dette gjeld både i Norge og i resten av Europa.
Presset etter å få levert ut nok til norske pubar er høgt. Ringnes beklagar situasjonen og understrekar at dei jobbar for å sikre nok forsyningar til tørste Guinness-fans landet over.
– Me har dei siste veken motteke mindre leveransar frå Guinness enn det me har ønska oss til det norske markedet. Dessverre har det ført til at kunder som har bestilt Guinness har opplevd forseinkingar eller manglar i sine leveransar. Det beklagar me ovanfor kundane våre og dei stadig fleire Guinness-fans i det ganske land.
Forbipasserande trend eller ekte kjærleik?
Den kritiske studenten Jacob er misnøgd med smaken, men anerkjenner likevel at Guinness har sine fordelar.
– Eg tykkjer det er noko litt hyggeleg med det og eg kjøper det ofte når eg ser på fotballkamp. Den varar vertfall ut omgongen, svarar Jacob lattermildt
Guinness falt nok ikkje i smak hjå Jacob, men han meiner at det sosiale aspektet rundt trenden likevel har sin verdi.