Nyheter
Russearrangement gjekk over styr: Politiet brukte peparspray mot ungdommar.
Klokka 23 laurdag-kveld, fekk politiet varsling om slagsmål og stor mengde berusa ungdom ved ein utestad i Valkendorfsgaten i Bergen sentrum.
Til BT fortel Ole Bjørn Sveen, leiar for patruljeseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon, at det var 300-400 ungdommar utanfor, og dei måtte stenge ned russearrangementet på grunn av for stor pågang og fleire slagsmål.
Det skal vere snakk om eit såkalla "pop-up arrangement", for 18-åringar.
Stefan Minde var på staden laurdag og beskriver at det var svært trongt i køa som strekte seg nedover gata. Ungdommen var berusa, så då oppstod det problem.
Brukte peparspray
- Det var så mange som pressa. Også blei det slåsskamp på grunn av all knuffinga i køa. Hovudsakeleg var det to som slåss, men fleire slang seg på, seier Minde.
Han kan også fortelje at politiet måtte ty til andre metodar for å stanse dei aggressive ungdommane.
- Politiet kom og fekk stoppa situasjonen. Dei brukte peparspray på dei to ungdommane som slåss. Dette fekk roa dei ned, slik at politiet fekk lagt dei i handjern.
Sveen seier til BA at politiet brukte peparspray etter at ein ungdom som angreip to-tre andre ikkje ville stoppe eller roe seg ned.