Innenriks

Helene Karlsen, Alperen Muzaffer Kara og Thea Kismul meiner studentar med praksis bør få meir støtte frå Lånekassen.

– Plutseleg hadde eg gått 17 dagar samanhengane med jobb og praksis

Praksisstudentar må slutta i deltidsjobbane sine fordi det blir for tungt. Bør Lånekassen gje ekstra stønad til praksisstudentar som jobbar ulønna for staten?

Publisert

Studentane Helene Karlsen, Alperen Muzaffer Kara og Thea Kismul skildrar ein tøff kvardag. Dei har alle deltidsjobbar, samstundes som dei går andreåret på sjukepleiestudiet ved Høgskulen på Vestlandet.

Eit studium med 50% ulønna praksis.

–  Sjukepleiestudiet er ein bachelor på tre år. Ulønna praksis utgjer difor eitt og eit halvt år av denne utdanninga, fortel Helene Karlsen. 

Det tilsvarar 2300 timar. Med ei vanleg timeslønn på 210 kr, hadde dette blitt ei lønn på 483 000 kr. 

– Det er over ei årslønn. Det er ganske sjukt å tenkja på, seier Karlsen.

– Studentane hadde fått det betre med litt ekstra støtte, seier Thea Kismul, Helene Karlsen og Alperen Muzaffer Kara.

Gjekk på helsa laus

Alperen Muzaffer Kara kjem opphavleg frå Tyrkia og er 26 år gamal. I haust måtte han sei opp stillinga i heimesjukepleien, fordi han ikkje klarte å kombinera det med sjukepleiestudiet og praksis.

 – Det gjekk rett og slett ikkje, fortel han.

Kara fortel at det gjekk på helsa laus då praksis og jobb tok over livet.

 – Kroppen min var heilt nedbrutt, fortel han medan han ristar på hovudet.

Alperen Muzaffer Kara fortel at han har godt immunforsvar og er sjeldan sjuk. – Men etterkvart gjekk det ikkje lenger, seier han.

– Det vart alt for tungt

Thea Kismul er 20 år gamal og kjem frå Bergen. Ho er samd i at praksis og jobb påverkar helsa til studentane.

– Eg trur ikkje eg har sove ordentlig på ti veker. Stress over lang tid set seg i kroppen, fortel ho.

Kismul kombinerer sjukepleiestudiet med jobb på sjukeheim, men har i år sagt opp sin faste prosentstilling.

– Eg merka det vart alt for tungt, fortel ho.

Thea Kismul fekk stillingen i fjor, men i år måtte ho kasta inn handkleet.

Saknar lærlinglønn

Helene Karlsen kjem frå Austevoll og er 22 år gamal. Ho har fagbrev som helsefagarbeidar og fortel om store kontrastar mellom yrkesfag og høgskule.

– Då eg gjekk helsefagarbeidar fekk eg lærlinglønn. Så det er stor forskjell, seier ho.

Karlsen fortel at det gjerne ikkje var så mykje ho fekk, men at det hjalp på økonomien.

– Det er rart at det er så store skilnader mellom vidaregåande skule og høgare utdanning. Dei utdannar jo begge viktige yrker innanfor helsevesenet, understrekar ho.

Ved sidan av studiet jobbar Helene Karlsen tredjekvar helg i heimesjukepleien.

– Studentane får ikkje tid til å gje seg sjølve omsorg

Studentane fortel at det kjennast ut som dei jobbar heile tida.

– Plutseleg hadde eg gått 17 dagar samanhengane med jobb og praksis. Utan ein einaste dag fri, seier Alperen Muzaffer Kara.

Thea Kismul fortel at dette også kan ha negative ringverknader for pasientane.

– Studentane får ikkje tid til å gje seg sjølve omsorg. Korleis skal ein då klara å gje omsorg til eit anna menneske? Spør ho.

– Når me vert utslitne, påverkar det også pasientens helse, understrekar Thea Kismul.

Blir brukt som gratis arbeidskraft

Fleire gonger har studentar også opplevd å bli utnytta i praksis.

– Studentar skal ikkje gå som ein del av bemanninga. Men mange gjer det likevel, fortel Thea Kismul.

Helene Karlsen og Alperen Muzaffer Kara nikkar til det Kismul seier. Dei har alle høyrt historiar frå medstudentar som har blitt utnytta som gratis arbeidskraft.

– Mange veiledarar er flinke og understrekar at me ikkje skal jobba gratis. At me er der for å læra. Men ikkje alle er slik, fortel Karlsen.

– Me er i konstant vurdering

I praksis må ein vera påskrudd heile tida. Thea Kismul fortel at det kan vera slitsamt i lengden.

– Det er ikkje slik som på jobb, der du kjenner deg komfortabel med arbeidsoppgåver og kollegium, seier Kismul.

I praksis lærer studentane nye ting heile tida. Dei må passa på å visa interesse, ta intiativ, hiva seg ut i ting og gjera mykje dei er usikre på.

– Me er i konstant vurdering. Når du har ti veker i praksis, er dette utruleg krevjande. Det er ikkje alltid ein har overskot og energi til å jobba ved sidan av, fortel Helene Karlsen.

Praksis kan vera slitsamt. – Du føler eit konstant press på at du må prestera og visa kva du kan, fortel Helene Karlsen.

Er avhengige av ei ekstra inntekt

Studentane skildrar ein trong studentøkonomi. Dei faste utgiftene som husleige, busskort, telefonrekning og mat kan vera store påkjenningar.

– Eg hadde aldri klart meg utan jobb ved sidan av, seier Helene Karlsen.

Etter Thea Kismul slutta, fekk ho ny jobb som ringehjelp på Haukeland Sjukehus. Det er ho glad for.

– Den ekstra inntekta er viktig. Eg har jo eit liv, der eg vil kunne gå på kino med ei veninne utan at eg ruinerast fullstendig økonomisk, seier Kismul.

Alperen Muzaffer Kara fekk også ein vikarstilling etter han slutta i den faste jobben.

– Eg er avhengig av inntekt frå jobb for at økonomien skal gå rundt, forklarar han.

– Spesielt oss som bur åleine treng denne ekstra inntekta, fortel Alperen Muzaffer Kara.

– Me lagar ikkje reglane

Anette Bjerke er kommunikasjonsdirektør i Statens Lånekasse. Ho fortel at den vanlege støtten studentar får er eit basislån.

– Me har ulike typar tilleggsstipend, basert på kva livssituasjon ein er i. Til dømes viss ein er over 30 år, har barn eller liknande, fortel ho.

Bjerke fortel at Lånekassen ikkje gjev tilleggstipend til praksisstudentar, og seier dei aldri har fått spørsmål om dette før.

– Dette er ei problemstilling som me aldri har vore borti før, så me har ikkje så mange synspunkt rundt dette. Reglane me har gjeld for alle studentar, og me har ikkje noko særskilte ordningar for studium som omfattar praksis, forklarar kommunikasjonsdirektøren.

– Lånekassen er jo eit statleg organ. Kunne det vore rettferdig å gje dei ekstra stønad, sidan praksisstudentar jobbar ulønna for staten?

– Det er i så fall eit politisk spørsmål. Me lagar ikkje reglane som gjeld for studielån, me forvaltar berre regelverket, fortset Bjerke.

Kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke seier Lånekassen ikkje gjev ekstra stønad til praksisstudentar. – Det er ikkje noko som spelar inn når ein søkjer om studielån, fortel ho.

Meiner fleire hadde blitt motiverte

Studentane fortel likevel at dei vil behalda praksis slik er.

– Praksisen er utruleg viktig for sjukepleiaryrket. Det hadde berre vore fint å fått noko støtte undervegs, fortel Thea Kismul.

Kismul fortel at ho hadde vore nøgd med berre litt ekstra finansiering.

– Då hadde me ikkje vore avhengige av å jobba så mykje ved sidan av. Det hadde me blitt utruleg takksame for, understrekar ho.

Helene Karlsen trur også dette ville hatt positive effektar for sjukepleiestudiet.

– Dei seier me treng fleire sjukepleiarar. Då må det vel vera viktig for staten at studentane blir på studia? Hadde me fått litt meir støtte, ville nok enda fleire blitt motiverte til å gå på sjukepleiarutdanninga, avsluttar Karlsen.

Helene Karlsen, Alperen Muzaffer Kara og Thea Kismul hadde vore takksame for ekstra stønad.
Powered by Labrador CMS