Melding

Varslar tosifra temperatur til helga

Yr.no meldar opphold og temperatur opp mot 13 grader.

Publisert

Dei neste dagane framover vil det vere vårleg ver fleire stadar i Noreg. På Vestlandet kan det bikke 10 grader langs kysten. Den vårlege temperaturen vil halde seg lik inn i neste veke. I Bergen meldar Yr.no temperatur mellom 4 og 10 grader på dagtid, med svak vind frå nordøst.

Varmen kjem sigande frå sør og dreg med seg den vårlege temperaturen mot Vestland og Trøndelag. I Trondheim vil temperaturen ligge på 10 grader. Svalbard har fortsatt låg temperatur og vert på det kaldaste -12 grader.

Powered by Labrador CMS