Melding
Pågåande svindelforsøk: Falsk SMS frå Statens vegvesen
Statens vegvesen skriv i ei pressemelding om eit pågåande svindelforsøk på SMS der kundar vert bedt om å fornye førarkortet.
– Dessverre er det lite Statens vegvesen kan gjere for å unngå at kriminelle utgjer seg for å vere oss, men me jobbar dagleg med å finne kjelda til meldingane og stoppe svindlarane, seier Gjermund Skotte, analytikar i Krimavdelinga i Statens vegvesen.
Vegvesenet skriv at dei ikkje sendar SMS-ar med lenker, men at falske SMS-ar som er del av svindelforsøket kan leggje seg i meldingstråden med tidlegare meldingar frå dei.
Lenka leiar til ei vegvesenet-side, der du til slutt kjem til ei falsk side for pålogging med Bank-ID.
Dersom du har opna lenka frå ein SMS som er eit svindelforsøk, meldar Vegvesenet at du bør kontakte politi og banken for hjelp mot ID-tyveri. Du bør også endre passord på nettsidene og tenestene du har brukt mobilen til å besøke.
VG omtala saka fyrst.