Melding

Antal mobbeofre i Bergen aukar

Elevundersøkinga frå skuleår 2023/24 viser at mobbetala har auka drastisk sidan 2022/23.

Publisert

I år viser Elevudersøkinga frå Udir at det totalt er ti prosent av elevar på Vestlandet som opplever mobbing, og at tiltaka på skulane mot mobbing ikkje hjelp, seier NRK.

Sidan 2023 har talet på mobbing frå femte trinn til tredje året på vgs stege frå 7,3% til 10%. I 2021 var talet på 5,9%. 

I Bergen kommune har antal elevar som seier at dei opplever mobbing på tiende trinn stege frå 10,9 % til 14% frå 2022/23. 

Den vidergåande skulen med høgast tal på mobbing i Bergen er Noregs Toppidrettsgymnas Bergen AS, og har sidan 2022 hatt ein andel på 9,1% elevar som vert mobba.

Undersøkinga viser at alle former for mobbing aukar – av medelevar, digital mobbing, eller mobbing av vaksne på skulen. (NPK-NTB)

Powered by Labrador CMS