Sport 

Fleire slo rekord under stemnet i ADO-arena i helga.

Meir enn eit svømmestemne 

Bergen Swim Festival kallar seg Norges kulaste. Svømmestemnet har no fått eit løft og har tatt på seg festival-badehetta. 

Publisert

Frå torsdag til søndag forrige veke bogna det av symjarar i ADO-arena, når Bergen Swim Festival gjekk av banen. Symjarar frå heile verda deltok. 

– Det viktigaste er god stemning, fortel dagleg leiar Markus Lie. 

Sjølv med strålande sol ute, var det innanfor symjehallens veggar folk ville vere. Markus Lie er stolt over kva dei har fått til:

– Vi vil ha ein stemning der det skjer mykje. Det er kjekt å sjå utviklinga stemnet har hatt. 

Markus Lie er sjølv symjar og har vore involvert i stemnet i lang tid. 

– Det er eit "full circle moment" for meg. I 2007 var eg ikkje gammal nok til å vere med å symje, så då var eg den som heldt medaljane og no er det eg som er ansvarleg, seier Lie. 

Markus Lie vil gjere Bergen Swim Festival til ein av dei beste.

Ei oppleving for alle 

BSF har arrangert svømmestemnet 18 gongar, men no har arrangementet fått eit løft. Konseptet har blitt utvikla og fått nye element, derfor kan ein kalle det «Norges kulaste festival». 

– Vi har hatt konsert, signering og mykje meir, fortel dageleg leiar. Dette er jo verdas finaste by, så det er klart vi må ha verdas beste symjestemne, seier Lie. 

Erik Kubon Halvorsen er i styrekommitèen for festivalen. Han fortel at det er svært viktig at alle skal ha ei fin oppleving av arrangementet. Dette gjeld symjarane, men også publikum skal få vere med på opplevinga.

– På torsdag hadde vi besøk av 850 barn frå fjerde trinn som var her og symde i stafett. Då var det tårer, latter og stjerner i auga, fortel Halvorsen. 

Halvorsen legg fram at målet med festivalen er å inspirere: 

– Det er viktig for oss at alle skal bli behandla likt, enten du er elitesymjar eller skuleelev. Alle kan kome hit og kjenne på symjegleda på eit proft nivå, seier Halvorsen. 

Alltid kjekt å vinne

Tobias Moen Olsen (22) var ein av symjarane som stakk av med gull i helga i kategorien 800 meter, friteknikk

 – Det er alltid kjekt å vinne, men det er ikkje hovudfokuset mitt. Hovudmålet er å symje raskare enn eg har gjort før. Klarer eg det, kjem medaljar og pengepremie som ein bonus, seier Moen. 

Han er likevel sikker på at han kunne ha sumt enda raskare, men det får han ny moglegheit til å gjennomføre i NM til sommaren. 

–  Stemnet var kjekt. Det var mykje rask symjing og mykje god stemning. Eg trur hallen var så og sei heilt full på finaleøkta på fredag, som gjer det ekstra kjekt å symje. Eg hadde nok mest fokus på symjinga, men det var god stemning på tribuna heile helga, seier Olsen. 

Kva var kjekkast?

– Det var å sjå Kyle Chalmers symje. Han er ein av verdas beste symjarar.  Det var spesielt spanande å sjå han i kategorien 100 fri, der sumde han raskare enn han gjorde i OL!

Køa var lang då den australske symjaren Kyle Chamlers delte ut autografar.

I autografkøa til Kyle Chamlers står Hanna Rygg-Berg (15) og Linnea Grøn (15). 

Hanna Rygg-Berg (15) og Linnea Grøn (15) frå Lillestrøm slo begge personleg rekord i helga.

– Kvifor vil de ha autografen hans?

Kyle er ein veldig rask og flink symjar, han har jo vore i OL. Fortel Rygg-Berg.

Det er ei festivalkjensle her ja! Det er musikk, masse folk og olympiske symjarar, seier jentene og ler.

Begge jentene var nøgde med helga når dei begge slo personleg rekord. Hanna i kategorien 100 meter, friteknikk på 1:05.67. Og Linnea i kategorien 50 meter, bryst på 37:59. 

Powered by Labrador CMS