Innenriks

Studentane Kristin Torvanger og Ragne Schøyen viser fram dagens fangst på Landåspikenes bruktmarknad

Loppemarknadsesongen er i gong med eit brak: 
– Kvaliteten er mykje betre enn Temu

Det er sein-mars og loppemarknadsesongen er i gong. I helga var det stinn brakke på Landåspikenes bruktmarked, medan Minde skule sitt musikkorps slo eigen inntektsrekord. Dette er i takt men ein pågående trend om å handle brukt.

Publisert

På søndag var det stappfullt av folk i alle aldrer på jakt etter Bergens beste loppar. Blandt desse var studentane Ragne Schøyen og Kristin Torvanger, som oppsøkte Landåspikenes bruktmarknad på Bergen storsenter.

– Dette loppemarkedet har blitt arrangert i mange år, men i år er det sjukt mange her. Det er vanskeleg å komme seg fram, forklara Schøyen medan ho ser seg rundt.

Ein pågåande trend

Kjøp av brukte ting, særleg klede, har blitt meir populært dei siste åra. Ein undersøkelse frå Finn.no viser at 59% av nordmenn kjøpte brukte klede i 2024. Dette er ei auking på 14 % frå før pandemien. 

Den store skattejakten

Schøyen og Torvanger trur at trendar, kvaliteten og ikkje minst prisane, har mykje å seie for den auka populariteten.

– Det verkar som om at fleire dreg på loppemarknad no enn før. At det blir meir trendy, liksom. Prisane på vanlege bruktbutikkar har stege, men på loppis er det mykje billegare, seier Schøyen.

Studentane meiner at loppemarknad er eit godt alternativ til å handle på billege nettbutikkar.

 – Me finn alltid mykje greier på loppis. Det er billig og farlig. Ikkje berre finn ein meir unikte ting, kvaliteten er mykje betre enn Temu, legg Torvanger til.

Kun ein time har gått sidan marknaden opna, og folk står som sild i tønne i underetasjen på Bergen storsenter.

Fleire sel, fleire kjøper

Selgjarane på Landåspikenes bruktmarknad merkar at det er ekstra mange besøkjande i år. Jeanette Ekroll og Martin Christiansen sel blandt anna ting som Ekroll har hekla sjølv.

Martin Christiansen og Jeanette Ekroll tivast best med å selje.

– Eg er glad i å selje ting. Eg driv mykje med dette på fritida, og i motsetning til mange, er eg ikkje så glad i å handle brukt sjølv. Derfor bidreg eg som selgjar, forklarar Ekroll.

Sjølv om Ekroll og Christiansen er med som seljarar, set dei stor pris på engasjementet kring loppemarknadar her i Bergen.

– Eg føler det er mange fleire i Bergen som går på loppemarknad. Folk er flinke til å stille opp og støtte lokallag. I Stavanger, der eg kjem frå, er ikkje engasjementet like stort, seier Ekroll.

Jeanette Ekroll og Martin Christiansen har på kort tid solgt tre ting.

Ny inntektsrekord for Minde skoles musikkorps

Også på Minde skule merkar dei trenden. Dei sette ny inntektsrekord i helga og tente heile 20 000 kroner meir enn dei gjorde på loppemarknaden dei hadde i haust. Dette er "loppegeneral" Eli Merete Velle veldig nøgd med. Inntektene er viktige for skulekorpset.

– I helga blei det ny rekord. Dette er i hovudsak fordi det kom so mange kundar. På loppemarknaden me hadde i helga tente me godt over 200 000 kroner, skriv Velle.

Eli Merete Velle har vore "loppegeneral" sidan 2017. Ho blei med då dottera vart aspirant i Minde skoles musikkorps. No er dottera russ og snart ferdig i korpset, men Velle tykkjer arbeidet er so kjekt at ho muligens blir med neste år også.

Minde skule sitt musikkorps starta i det små med loppemarknad på byrjinga av 80-talet, men då brukte dei kun skulens uteområde. Etter ti år flytta dei inn i gymsalen. I følgje Eli har dei no blitt så store at dei brukar skuleplassen, gymsalen, fem klasserom og eit lagerbygg ved sidan av skulen. 

Ho meiner dei aukande besøkstala er ein del av av ein pågåande trend.

– Dette er ein trend me har merka over fleire år, særleg etter pandemien. Det kan ha ein samanheng med at det har blitt populært med retro og gjenbruk. Fleire er meir miljøbevisste og prøver å unngå å kjøpe nytt dersom dei heller kan kjøpe brukt. Det er også mange som har lite pengar og har behov for å kjøpe ting rimeleg.

Sjølv har Minde skole sitt musikkorps merka at engasjementet rundt loppemarknaden har stege kvart år sidan pandemien. Dei set enorm pris på at folk stiller opp og støttar korpset, særleg fordi inntektene dei får er heilt avgjerande.

– Inntektene frå loppemarknadane er heilt avgjerande for aktiviteten i korpset. Det er dei som gjer at vi kan halde eit såpass høgt aktivitetsnivå. Me må lønne instruktørar, kjøpe instrument, arrangere konsertar og seminar, delta på korpsfestivalar og NM. 

Kø utanfor Minde Skule før opning av marknaden på laurdag

Dei besøkjande studentane Schøyen og Torvanger forklarar at dei hyppig sjekkar sosiale medier for å finne byens beste loppemarknader. Dei oppfordrar fleire til å gjere det same.

– Det er mykje kjekkare å finne ein skatt enn å finne noko frå butikken som alle andre har, seier Schøyen

Powered by Labrador CMS