Sport

Landås sykkelkafé satsar grønt:–Flaut å kjøpe nytt på Landås
Det er rekordhøge tal på sykling i Bergen. Landås sykkelkafé fremjar berekraft når sykkelen får problem.

Bergen har for andre år på rad ein historisk høg andel sykkelbrukarar i byen. Dette la BA nyleg fram i ein artikkel. Landås sykkelkafé stiller opp med lågterskeltilbod for dei som treng tips og triks når syklane treng litt kjærleik.
– Dette er eit veldig bra tilbod, fortel Lea Toska Oppedal (39). Her kan ein låne utstyr, få råd óg det er sosialt!
Lea Toska Oppedal har for lengst droppa bilen og bruker sykkelen som transportmiddel.
– Det er nokre dagar på vinteren der det er surt, men elles går det fint, seier Lea.

Kafeen drivast av frivillige medlem knytta til organisasjonen Berekraftige liv Landås (BLL).
I BLL er mange av dei frivillige damer, men i sykkelkaféen er det berre menn som er sykkelverkstadvertar, seier Arild Vengen (46). Han var ansvarleg sykkelekspert i kaféen på tirsdag.
Arild legg fram at det er mange gode sykkelverkstadar i byen med kort ventetid, men at kaféen er eit godt alternativ for dei som treng små tips og triks om sykkel. Ei av desse er Ingeborg Vårdal (42) som for fyrste gong tok turen innom Landås sykkelkafé.

Bergen har skulda
Ingeborg hadde planar om å sende sykkelen sin på verkstad, men tenkte ho heller kunne prøve å reparere den sjølv, med litt bistand.
– Har du reparert mykje på sykkelen din før?
– Nei aldeles ikkje! Men no byrjar eg å ha trua, seier Ingeborg.
Arild fortel at problema med syklane ofte har med Bergen å gjere.
– Når dei saltar, rustar sykklane. Salt er sykkelen sin verste fiende! Seier Arild.
Lea fortel likevel at det kun er nokre gongar i året syklane treng reparasjon. Då set ho pris på at det er ein stad ho kan gå:
– Hadde eg stått heime og reparert hadde eg kun blitt irritert, men her er det koseleg å stå og mekke på sykkelen sin, seier Lea og smiler.
Landås er i særklasse
På sykkelkaféen er dei alle samde om at Landås er kjent for å vere eit engasjert nabolag som satsar grønt.
– Det er flaut å kjøpe nytt her på Landås, seier Ingeborg.
Ho fortel at det kan vere stas å unne seg noko nytt i ny og ne, men at det er mange gode bruktmoglegheiter i nabolaget.

Dette er Ivar Eidem (59) samd i. Han er ofte innom kafeen for å fikse og trikse på eigen sykkel. Og for å bistå med hjelp.
Ivar meiner engasjementet på Landås er heilt spesielt.
– Dette nabolaget er bevis på at sivilsamfunnet byrjar å fungere igjen. Å gjere nabolaget levande er Landås i særklasse på, seier Ivar.
Han har sykla i Bergen i over eit tiår og legg merke til den aukande sykkeltrafikken. Det er mykje gode sykkelmoglegheitar i byen, men det er framleis ein god veg igjen.
– Eg trur det er ei stor gruppe som har eit ynskje om å sykle meir, men som rett og slett ikkje tør fordi det framleis er parti i Bergen som er utrygge, seier sykkelentusiasten.
Han jobbar sjølv på skule og er oppteken av å lære opp skuleelevane til å ferdast trygt i trafikken.

Ingeborg og Lea er samde om kvifor sykkelkulturen i Bergen blomstrar.
– Det kan hende folk syklar på grunn av miljøet, men eg trur det handlar meir om økonomi, seier Ingeborg.
– Også er det praktisk! Det er mykje kjappare enn med bil, supplerer Lea.
Får tid til å tørke
Etter litt bistand frå Arvid og Ivar fekk Ingeborg skifta bremseklossar og er klar for nye sykkelturar i Bergen.
– Kor mykje syklar du?
– Eg prøver å sykle til jobb fleire gongar i veka. Eg jobbar i Fyllingsdalen, så då er det perfekt å kunne sykle gjennom Fyllingsdaltunnelen. Då får ein tid til å tørke når det typiske regnvêret pøser ned, avsluttar Ingeborg.