Innenriks
Krav om 50 prosent sjølvforsyning kan føre til meir heimedyrking: – Eg ynskjer at vi heime skal tenke annleis
På onsdag deltok Jeannie Haukeland på Bybonden sitt kjøkkenhagekurs for nybegynnarar. Det kan vere viktig dersom me skal nå regjeringa sin plan om sjølvforsyning.
Ein ny plan frå regjeringa ynskjer å auke sjølvforsyninga ifrå 40 ttil 50 prosent. Dette ynskjer også Bybonden i Bergen å oppnå, berre i ein mindre skala. Bybøndene jobbar for eit grønare og meir sjølvetande Bergen, ved at fleire skal dyrke mat i området.
På kurset "Kjøkkenhage for nybegynnere" lærer deltakarane korleis dei skal ta vare på plantane sine, kva jord dei skal bruke, om skadedyr og plantesjukdommar, før dei avsluttar med å så sine fyrste frø til kjøkkenhagen sin.
Kursa vert halden i Lystgården, og er så populære at dei har venteliste.
To av deltakarne som fekk plass på kurset var dei gode venninnene Helle Birkeli og Jeannie Haukeland. Med godt humør, var dei klare for kurset.
– Eg har jo berre gras i hagen, så eg ynskjer å få det koselegare heime. Og så har eg trua på at det er bra for psykisk helse og velvære, meddeler Birkeli.
Haukeland sitt mål for kurset er å få et nytt perspektiv på sjølvdyrking.
– Eg ynskjer at vi heime skal begynne å tenke annleis, og motivere både dei og vennane mine rundt meg til å skape noko nytt og tenke nytt. Og so trur eg det er positivt å få det grønt rundt seg!
– Mange trur poteta veks over bakken
I flotte omgivnadar var kurshaldar Hermansen klar for å spreie kunnskap om korleis ein kan starte sin eigen kjøkkenhage. I gjennom kurset håper ho at fleire kan få auka bevissthet om matproduksjon.
– Vi bybøndene tenker at det å lære folk å dyrke mat er eit viktig vern dersom det skal oppstå ei krise i framtida. At folket faktisk veit kor maten kjem frå, og kan dyrke det er viktig, fortel Hermansen.
Ho drar fram dømet om då ein overlevde på sild og poteter under andre verdenskrig, og grunnen til at det ordna seg var på grunn av kunnskapen befolkninga hadde om sjølvforsyning.
– Men det vi ikkje tar med i historien, er at då krigen kom til Noreg var det tre generasjonar som hadde kunnskap om korleis dei skulle dyrke poteter. Mens i dag er det dessverre veldig mange som går rundt og tror at poteta veks over bakken, fortviler ho.
Det er fleire grunnar til at kursa er full-booka, i følgje Hermansen.
– Noko kjem nok fra at mat er dyrt og at folk har lyst til å produsere sjølv. Men det viktigaste er nok at folk synest det er gøy og kjekt å få til å lage noko sjølv.
Dele på gleden
Venninnene Birkeli og Haukeland mener at det er viktig å dele den nye hobbyen med andre.
– Eg trur det er viktig at vi er fleire, slik at vi kan inspirere saman. Dele bilder, ideer og kunnskap. Og vi to skal jo dele en pakke tomatfrø! Seier Haukeland, og snur seg til Birkeli.
Grunnen til at dei møtte opp på kurset var fordi det var sosialt å reise saman, men og fordi dei har fått auka interesse for sjølvdyrking og berekraft.
– Eg ynskjer å få meir kunnskap om dyrking og hvordan ein kan produsere mat sjølv. Men no skal eg kun konsentrere meg om å dyrke, og ikkje på å sjølvforsyne meg. Det kan eg ta seinere! Seier Birkeli og ler.
– Viss eg får liv i ein plantekasse, så er eg fornøgd, avslutter Haukeland.
– Grønnsakene veks ikkje av seg sjølv
Svanhild Kambestad, rådgjevar i seksjon for næring og landbruk i Bergen kommune, meiner det er bra at folk engasjerer seg for sjølvforsyning ved å prøve og dekke litt av matbehovet sjølv. Ho synes det er bra at slike kurs blir arrangert for at nybegynnere kan lære å gjere det riktig.
– Det er mange som begynner å dyrke og som ikkje har peiling. Då er det fint at dei kan ta slike kurs for å lære om til dømes spredninger av plantesjukdommar og skadedyr, seier Kambestad.
Ho tenkjer også at det kan skape auka bevissthet rundt norsk matproduksjon.
– Eg trur det er viktig i forhold til kva pris folket er villig til å betale for norske varer, for det kostar tid og pengar å dyrke fram maten. Dei må vete at det ligg meir bak enn at det berre går an å kjøpe ferdige grønnsaker og ein melkekartong i butikken, avsluttar Kambestad.