Kultur

Kosmetikkjede med mangelfull ingrediensliste: Mattilsynet åtvarar mot bruk
Kosmetikkbutikk Vita har feil ingrediensliste for eit av vippeseruma på nettbutikken. Skjult ingrediens kan gje fleire biverknader.

– Eg syns det er dumt at ingrediensane i produkta ikkje kjem godt nok fram, seier Sofie Lill Knutsen. Ho pleier bruke tid på å sjekke ingrediensane i produkta ho kjøper og meiner det er viktig at informasjonen ho får på nett er rett.
– Eg føler det har vorte meir populært å setje seg inn i ingrediensane i produkta ein bruker. Hudpleie vil vere individuelt for kvar einskild og nokon vil kunne reagere verre på einskilde ingrediensar enn andre.
Tidlegare i vår skreiv ByMag om at fleire kosmetikkbutikkar sel vippeserum med ulike formar for prostaglandiner. Slike ingrediensar er lovlege, men Mattilsynet åtvarer mot bruken, då dei kan skade auget og området rundt.
ByMag har avslørt at kosmetikkjeda Vita ikkje har oppført prostaglandinen Isopropyl Cloprostenate i ingredienslista til eit av vippeseruma dei sel på nett.
Ingrediensen står oppført på forpakninga til produktet, og på produsenten av serumet si eiga nettside. Ingredienslista stemmer altså ikkje overeins med lista på forpakninga og det er fleire ulikheiter mellom dei to.
Knutsen håpar at feilen i ingredienslista ikkje er ei bevisst handling frå Vita si side.
– Det kan hende det har skjedd ein glipp og at det ikkje har vore med vilje. Ein må jo nesten håpe at det er det som har skjedd og at dei ikkje er prøvd å skjule ingrediensen med vilje.
– Eg handlar ein del kosmetikk på nett, og ein vert jo litt svikta dersom det ikkje vert oppgjeve rett ingrediensar på nettsida. Det skal ikkje vere ei ulempe å handle på nett, fortsett Knutsen.
Langsiktige konsekvensar

Produktet feilen gjeld for er GrandeLASH-MD Lash Enhancing Serum 2ml (Artikkelnummer: 363402). Produsenten Grande Cosmetics har sjølv lista opp prostaglandinen på eiga nettside.
Prostaglandiner gjev lengre vipper, men har også ei rekke potensielle biverknader, fortel Emina Bektesevic Holmlund.
– Det kan gje plager med syn, dersom ein får tørre auge eller betennelse i augelokka og hevelse. Og ikkje minst plagsame symptom i form av kløe, smerte, ubehag eller hevelse.
Holmlund er spesialist i augesjukdom, overlege på Universitetssjukehuset Nord-Noreg avdeling Harstad og leiar og styreleiar for Augelegeforeininga.
Ho bekreftar også at prostaglandinger kan gje permanent misfarging av regnbogehinna.
– At du vil kunne få lokal effekt på augevev kan ein ikkje utelukke. Det er rett og slett fordi at når du får vippeforlenging, så betyr det at det verker på cellene.
Augelegen er tydeleg på at ho ikkje ville brukt vippeserum med slike ingrediensar.
Elida reagerte på vippeserum: Les hennar oppleving her
Meiner forbrukarar har krav på informasjonen

Mattilsynet kjenner ikkje til den spesifikke saka rundt Vita si mangelfulle ingrediensliste.
Seniorinspektør Anna Helleve seier likevel at dei same reglane for sal av varer i vanleg butikk, for det meste også er gjeldande for netthandel.
– Me meiner at du som forbruker har krav på å få same informasjon ved nettsal som sal i butikk. Dette for å kunne ta informerte val. Kosmetikklova § 7 gjev at merking «skal vere korrekt, gje mottakaren tilstrekkeleg informasjon og ikkje vere eigna til å villeie», fortel Helleve.
Har retta opp i feilen
Vita er vorte presentert for problematikken.

Are Berg er CEO i Vita Group AS og seier at det har skjedd ein feil med ingredienslista.
– Me selg to ulike størrelsar (1 ml og 2 ml) av Grande LASH-MD, Lash Enhancing Serum. Her har me ved ein feil kun oppdatert ingredienslista på 1ml og ikkje 2ml. Me vil rette opp dette umiddelbart.
– Det er beklageleg at me ikkje hadde oppdatert ingredienslista til det eine produktet. Me sett difor stor pris på at me vart gjort oppmerksame på dette av ByMag slik at me fekk retta dette opp, avslutter CEO-en.
Seniorinspektør Helleve meiner riktig merking er avgjerande.
– Korrekt merking er viktig fordi det gjev forbrukaren informasjon om produktet og mogelegheit til å føresjå og vurdere om det einskilde produktet er trygt for dei.