Kultur

Kosmetikkbutikkar sel vippeserum med prostaglandiner: – Begynte å få noko rart i auga
Vippeserum som lokkar med lange, fyldige vipper er freistande for mange, men kan gå utover augehelsa. Augelege ville ikkje ha brukt det sjølv.

– Eg var veldig fornøgd i starten. Så merka eg at eg byrja å varte mørk rundt auga, både over og under. Eg fekk fleire kommentarar på det, fortel Elida Marie Veie-Rosvoll (21).
Ho byrja på vippeserum får å få lengre vipper. No er ho klinkande klar på at ho aldri kjem til å prøve slike produkt igjen.
Sjølv om vippene vart lengre, slutta ho på serumet på grunn av misfarginga rundt auga. Men biverknadene tok ikkje slutt.
Etter at ho hadde slutta byrja det å skje noko rart i auga.
– Det kjentest som eg hadde noko på det. Det kjendest litt som at eg var allergisk, men at det var nesten konstant.
Ho beskriv at ho hadde noko kvitt, liknande det ein av og til kan få i hjørnet av auget, men under augelokket. Ho fekk det ikkje bort.
– Eg er veldig allergisk mot pollen og gras og slikt, og det var litt slik det kjentest. Eg har gått til legen min, øyelege og fleire. Legen meiner at vippeserumet starta ein allergisk reaksjon, slik at eg vart endå meir allergisk mot pollen, men at det også var på vinteren. Det var det som var så rart.

Mattilsynet åtvarer
Irmelin Grini, seniorinspektør i Mattilsynet ved avdeling Bergen og omland, bekreftar at vippeserum kan føre til meir enn lange vipper.
– Augevippeserum som inneheld prostaglandiner kan gje skadar på og rundt auga. Difor oppfordrar Mattilsynet forbrukarar til å vere bevisste i sine val av kosmetiske produkt dei kjøper og unngå slike stoff.
– Mogelege biverknader av vippeserum kan vere misfarging av huda rundt auga, augeirritasjon, utslett og andre allergiske reaksjonar som raudheit i auga. I nokon få tilfelle kan vippeserum som inneheld prostaglandinanaloger medføre ein alvorleg og permanent auka pigmentering i regnbogehinna, fortel Grini.
Vidare seier Grini at regelverket for kosmetiske produkt ikkje forbyr prostaglandiner, men at regelverket framleis krev at det er trygt å bruke produkta.
Emina Bektesevic Holmlund er spesialist i augesjukdom, overlege på Universitetssjukehuset Nord-Noreg avdeling Harstad og leiar og styreleiar for Augelegeforeininga.
Ho meiner at sidan prostaglandiner er eit biologisk aktivt stoff, bør det administrerast av helsepersonell.
Min Mote omtala åtvaringa fyrst.
– Ville ikkje brukt det sjølv

– Mengdene og konsentrasjonane av prostaglandiner i vippeserum antek eg at er i såpass små konsentrasjonar at den primere frykten kanskje ikkje er at det skal ha effekt på djupare augestrukturar, i og med at det er godkjent for marknadsføring i Noreg sjølv om Mattilsynet fråråder det, fortel Holmlund.
Likevel meiner ho ein kan forvente seg både biverknader og plager på lokal vev og hud.
– At du vil kunne få lokal effekt på augevev kan ein ikkje utelukke. Det er rett og slett fordi at når du får vippeforlenging, så betyr det at det verker på cellene. Det er ikkje slik at dette berre verker på vipp for vipp. Det verker inn i cellene som produserer håret.
Augelegen bekreftar også at serum med prostaglandiner vil kunne endre fargen på regnbogehinna, dersom serumet absorberast av augeslimhinna.
Når det gjeld eige bruk av produktet, er ho klar i talen.
– Det er ikkje noko eg ville ha brukt sjølv, tydeleggjer ho.
– Det kan gje plager med syn, dersom ein får tørre auge eller betennelse i augelokka og hevelse. Og ikkje minst plagsame symptom i form av kløe, smerte, ubehag eller hevelse.
Butikkjedene svarer
Vita og Lyko er blant kosmetikkleverandørane som sel vippeserum med prostaglandiner. Butikkane sel variantar med same ingrediens eller andre prostaglandiner enn det Veie-Rosvoll brukte.
Både Beate Misund Barstein, kategoriansvarleg i VITA, og Tom Thörnblom, Head of Communications & Investor Relations i Lyko, seier at kjedane foreld seg til gjeldande lovgjeving i Noreg.
– Om ein kunde kontaktar oss med ein uynskja effekt har me rutine for å undersøkje det. Det inkluderer at me sporer produktet tilbake til produksjonen, lagring o.s.v. saman med leverandørane våre. Dersom eit produkt er utrygt kontaktar me kundar og tilbakekallar dei. Våre kundar kan vere trygge på å bruke produkta me selg og så snart det kjem ny lovgjeving om stoffer så implementerar me dei umiddelbart, seier Thörnblom.
– Me følg med på anbefalinger og uttalingar, og har løpende dialog med våre leverandørar. Samtidig stoler me på at alle produkt som er innanfor norsk lovgivning/regulering er trygge for våre kundar, seier Barstein.
Om prostaglandiner, seier ho at Vita tilbyr serum med og utan ingrediensen.
– Det er også veldig vesentleg kor mykje prostaglandiner produktet inneheld. Våre leverandørar er forplikta til å sørgje for at dei følg regelverket i kosmetikklova og kosmetikkforskrifta, og dei er forplikta til å ha dokumentasjon som underbygger dette.
Har framleis plagar
Augespesialist Holmlund seier at det finst påliteleg og lett tilgjengeleg informasjon om biverknader av lokalbehandling av prostaglandiner. Ho peiker også på at dette er lov å selje i Noreg, trass i strenge kriterium for kosmetikk. Dersom kosmetikkprodusentane informerer om biverknader, er det til ein viss grad opp til forbrukaren å sette seg inn i dette, meiner ho.
– Dersom det verker, så har det effekt på cellene det vert påført på. Då har du eit heilt tydeleg teikn på at dette er noko som har effekt, og at det då også har ein ganske høg risiko for ein biverknad.
Til slutt legg ho til at alderen på forbrukaren er med på avgjere forutsetninga til å kunne vurdere eventuelle biverknader frå produktet.
Veie-Rosvoll trur ho slutta på serumet vinteren for eit år sidan. Plagene er der framleis, men ikkje like mykje. Ho håper det er i ferd med å gje seg.
– Akkurat no er eg spent på korleis det vert til sommaren, for då kjem pollen tilbake. Pollen pleier jo å vere slik at det vert betre når ein vert gammal, men i fjor sommar var det på sitt verste. Eg trur det er på grunn av vippeserumet.