Innenriks

– Kontorjobb er det siste eg vil ha!
Rykjande ferske tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 2025 er rekordår for yrkesfaglinjer på Bergen vidaregåande skular.
Utdanningsdirektoratet (UDIR) skriv at i inntaksområdet Stor-Bergen (Bergen by og strilelandet rundt, tilsaman 13 kommuner) har 54% av ungdommen vald yrkesfag som sitt primærønske til skuleåret 2025-2026. Dette er i tråd med den generelle trenden i Vestland fylke, kor 60,3% av søkjarane har yrkesfaglege utdanningsprogram som førsteval.

Ivar Hauge Mjånes (18) trur årsaken er at unge er skulelei og vil ut i arbeid.
– Eg trur unge er drit lei av å sitje på skulebenken. Kontorjobb er det siste eg vil ha!
Ein variert skuledag med mange moglegheiter
Mjånes er elev ved Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule. Sjølv gjekk han teknologi og industrifag (TIP) i første klasse på vidaregåande (Vg1). No tek han maritime fag og fortel om ein variert skulekvardag, som inneheld alt frå skruing i verkstaden til å reise ut på fiske.

– Det eg likar aller best med linja er at kvardagen er variert og praktisk. Eg trur også det er grunnen til at det har blitt so populært. Eg har nokre kompisar som går studiespeialiserande linjer som vurderar å byte til yrkesfag.
Han forklarar også at du ikkje må ta fagbrev sjølv om du vel yrkesfagleg linje.
– Det som er så fint er at du kan ta påbygg. Istaden for å slite seg gjennom tre år med studiespeialisering og lese fag, kan du ta eit år med påbygg og få generell studiekompetanse. Eg trur mange tykkjer dette er befriande.
Merkar trenden
Også rektor ved Laksevåg og Bergen maratime videregående skule, Jan Kåre Greve, er godt nøgd med årets rekord. Han fortel at skulen har sett ei stor auke i interessa for teknologi og industrifag.
– Me er så heldige som har så mange søkjarar som vil vere hjå oss!

– Me merkar trenden godt bland skulane i Bergen. Det er stor etterspurnad etter fagarbeidarar, forklarar Greve.
På Vg2 tilbyr dei, som einaste skulen i fylket, faget brønnteknikk. Dette gir lukrative arbeidsmoglegheiter i oljebransjen. På spørsmål om kvifor akuratt dette faget har blitt så populært, svarar han kontant:
– Arbeidstid og lønn. To veker på jobb og fire veker av, samtidig som at du tjenar godt. Det er ikkje rart at unge tykkjer dette er fordelaktig.
– Ein blei sett litt ned på
Rektor Greve trur som Mjånes at skuleleie ungdommar og attraktive jobbar er med på å auke interessa for yrkesfag. Likevel peikar han på andre årsaker.
– Haldningane til yrkesfag har endra seg gjennom åra. Ein blei sett litt ned på. Før var det sånn at dei som var flinkast på skulebenken måtte gå studiespesialiserande. Dei som ikkje var flinke gjekk yrkesfag. Eg vil tru at desse haldningane har snudd.
Ikkje berre merkar dei at fleire såkalla "skuleflinke" søkjer seg til yrkesfag, kjønnstrenden på skulen har også endra seg dei siste åra.
– Fleire jenter søkjer seg til oss, noko me er veldig glade for. Så mange at me måtte bygge ny jentegarderobe!