
Jazzen blomstrar i Bergen, eller gjer den?
Det blir stadig fleire jazztilbod i Bergen, medan Old Times Jazz Venners Klubb slit med å få fleire medlemmer.
– Det å studere jazz gir deg tid til å jobbe med eigne prosjekt. Du får starte band og spele. Det hjelper ikkje å sitte inne på øvingsrommet å brenne inne med musikken, den må ut! Fortel studenten Arin Myklebost Gran (22) på gitar.
Over heile Bergen kan ein høyre søte tonar av jazzmusikk. Tilbod som Jazz i Siktet og Rett Fra Jobb-Jazz gjer det mogleg for jazzen å nå fleire. Old Times Jazz Venners Klubb har sidan 1993 arrangert uavbrotne månadelege spelekveldar. No har tallet på medlemar gått ned i samband med ein auke i musikarhonorar og utgifter. Korleis kan jazzen blomstre og samtidig stå i fare?

Dogmode er eit jazzband som starta i november i fjor. Musikken deira er høglytt, leiken og draumande med element frå rock. På kort tid har dei turnert mange stadar i landet, også i Bergen. Dei går alle jazzlinja på Griegakademiet og er klare for å ta verda med storm.
– Det er så bra med kulturtilbodet i Bergen. Det er ein kort veg frå
øvingsrommet til konsterlokalet, seier Gran.
Ask Viste (20) på kontrabass, nikkar og stemmer i:
– Du har eit miljø for alle musikksjangerar her i Bergen og det er alltid eit publikum som vil høyre!
Dette er dei alle samde om.
– På mindre plassar er ein kanskje meir kresne på kva ein vil ha. Dei vil ha Vassendgutane og Kurt Nilsen, men i Bergen er ein opne for å høyre noko nytt, seier Gran og ler.
– Og ein er nyssgjerrige, suplerer Alfred Wammer (21) på trombone.
Gutane fortel også at arenaene og arrangørane i Bergen betyr alt. At det er dei engasjerte folka bak klubbene og arrangementene, som løftar fram artistar og får det heile til å gå rundt.

Old Times har sine jazzperferansar
Old Times Jazz Venners Klubb har sidan 1990-talet drive ein jazzklubb. Dei held no til på Biblioteket bar. Målet med klubben var å skape ein arena der musikarar kunne spele for andre musikarar, samt å skape ein sosial møteplass. Old Times spelar mainstreamjazz og tradisjonelljazz (tradjazz). Dei ser at publikummet sitt er 50 år og oppover.
– Kvifor trur de at det er slik?
– Det er ikkje godt å seie, dei unge er vel kanskje meir glad i den meir eksperimentelle jazzen, medan vi likar det meir tradisjonelle, seier Stein Bakke (79). Han er langtids styremedlem i klubben.
Når eg spør dei om dei er villig til å forandre på sjangeren sin for å appellere meir til eit yngre publikum, er svaret klar:
– Nei! Skal du spele jazz må du vere autentisk, ein kan ikkje "fake" det, seier Bakke bastant.
Dei er derimot opne om at dei gjerne vil ha inn yngre band til å spele på klubben. Dei presiserer likevel at den yngre jazzgenerasjonen sin meir eksperimentelle smak, kan bli litt skummelt for deira eldre publikum.
– Det høyrer jo ungdommen til å eksperimentere, men vi er ein av få arenaer i Bergen som fokuserer på mainstreamjazz og tradjazz. Det vil vi halde på, fortel styremedlem Karstein Oen (68).

Fryktar det ikkje er arbeidsplassar
Sigurd Ulvseth (71) er jazzmusikar på fulltid. Han er einig i at det er ein oppblomstring i jazzmiljøet i Bergen. Likevel kan det ikkje samanliknast med tilboda på 1970- og 80 talet.
– Ein kunne reise på turné i Sogn og Fjordane i fleire dagar, det bogna av jazzklubbar. Det gjer det ikkje no lenger.
Dette meiner Ulvseth ikkje berre gjeld Bergen, men Norge generelt. Det er for lite med tanke på alle som utdannar seg, seier Ulvseth.
Musikaren bekymrar seg for at Griegakademiet utdannar fleire jazzmusikarar enn det er arbeidsplassar, men han håpar at jazzinteressen i Bergen vil føre til fleire moglegheitar.
Når eg spør om jazz blomstringa i Bergen kun er ein trend, er både Dogmode og styremedlemmane i Old times usikre. Dei har likevel alle eit håp om at jazzen kan fortsetje å berike Bergens kulturby i fleire ti-år framover som den alltid har gjort.