Sport

Halvmaratonkameratene (Frå venstre: Henrik Karlsen, Theodor Odland, Jacob Kvanvig og Audun Hvitstein)

Den perfekte krysning mellom innovasjon og tradisjon 

Halvmaratonkameratene valte å ikkje delta på halvmaraton i Bergen. Dei meiner likevel dei har knekt koden.

Publisert Sist oppdatert

LØPING er i vinden. Det er også Halvmaratonkameratene som joggar jamt og trutt med draumen om halvmaraton i sikte. For å nå målet må ein trene mykje, men gutane verdsette også det sosiale.

Løpekameratane Jacob Kvanvig, Audun Hvitstein, Theodor Odland.

 – Sjølv om halvmaraton er ein individuell deltaking så er vi eit lag, seier Jacob Kvanvig. 

I januar 2025 stifta halvmaratonkameratene løpegruppa si med åtte medlemmer fordelt på to fylker. Dei fleste bur i Bergen, men dei har også eit medlem i Oslo som dei held kontakt med via Zoom. Slik går kameratskapen mange mil. Idéen om halvmaraton starta på eit vors, men gjennom ein motiverande gruppe og ein streng motivasjonssjef, Theodor Odland, blei ideen verkeleg. Dei skulle løpe halvmaraton i Oslo til hausten. Den 20. september brakar det laust når dei skal delta i BMW Oslo Maraton. Halvmaratonet i Bergen neste månad, var derimot ikkje aktuelt. Gutane ville heller fokusere meir på å kome i form, samtidig som dei dyrkar lagkjensla og kameratskapet.

 – Vi hadde drukke litt og så tenkte vi: nei, vi må løpe halvmaraton. Det var då vi bestilte t-skjortene våre.

Når dei blir spurt om den sosiale kosen svarer gutane med glimt i auge:

– Vi vil ikkje definere det som kos, men kameratskap og team-building, Forklarer Odland. 

– Kos er ikkje vår verdi, det blir for useriøst, legger Kvanvig til. 

Likevel er gutane opne om at det ofte er dei hyggelege stundane utanfor løpeturane som motiverer mest. Om det er ein middag før trening, å sjå ein fotballkamp eller ein fest for å avslutte treningsveka med.

Dei har alle ulike utgangspunkt og mål med ein viss løpeerfaring i bunn. Gutane meiner dei har innovert løpevanane sine ved å springe saman. Ofte rundt store Lungårsvann og ut på Nordnes. 

– Vi har løpt i alle år, men så fant vi koblinga mellom innovasjon og tradisjon. Å bruke nye moglegheitar samtidig som ein tek vare på dei gamle, seier Jacob Kvanvig.

Theodor Odland supplerer:

– Vi har alltid løpt mye alene, men nå får vi til å samlast.

– Å da bryter vi tradisjonen, avsluttar Jacob og smilar.

Alle kameratane har eiget "merch".

Fest som motivasjonsfaktor

Gutane har også store planar om eigeninitiert treningsleir før startskotet i Oslo. Både Sverige og Frankrike skal besøkast, der gutane skal terpe treningsstrategi. Formen, strukturen og ernæringa skal bli betre, men dei ser ikkje vekk frå at turen blir perfekt for teambuilding. 

– Alt skal optimaliserast, vi har forbetringspotensiale i alle områder.

Odland skal på denne turen vere oppvakningsansvarleg og Adun Hvitstein som ernæring- og champagneansvarleg får også mykje ansvar. Når han blir spurt om tittelen, svarer Hvitstein at litt champagne må til, men at det selvfølgeleg er ein balanse. Kun fokus på fest og kameratskap kan bli for mykje, men gutane meiner tvert i mot at dette er ein motivasjonsfaktor.

– Ein gidder ikkje å gå på trening om ein ikkje har det gøy saman.

Vi kunne sikkert alle løpt i morgon, tenker Odland, då avbryt ernæring- og champagneansvarleg;

– Nei, vi kunne ikkje alle løpt halvmaraton i morgon. Altså alle hadde fullført, men målet er å klare løpet på under 2 timar.

Ellers har ikkje klubben så mange spesefikke mål, men fokuserar heller på reisa. 

– Utan gruppa hadde vi ikkje klart å nå måla våre.

– Vi vil også bygge vennskap, ikkje berre løpe.

Optimalisering er ikkje alltid nødvendig 

Per Sjöberg, idrettspsykolog

Idrettspsykolog Per Sjöberg meiner dei fleste som er med på halvmaraton ikkje alltid er topptrente, og derfor ikkje nødvendigvis har behov for å perfeksjonere seg for å få utvikling. 

Sjöberg seier at det er godt nok å ete passe sunt og ikkje drikke for mykje alkohol, men mest sannsyneleg trenger ikkje alle detaljar å sitte for å prestere godt. Så lenge ein trenar sånn passe godt over tid, og et, så har ein nok energi til å utvikle seg.

– Det verkar som det er ein trend å gjere alt så perfekt no, seier psykologen 

Han forklarar at det ikkje er nødvendig å perfeksjonere. Dei fleste kan ha ei meir avslappa tilnærming til trening. For folk flest har det ikkje mykje å sei at ein et økologisk pasta og har dei beste løpe skoa. Du kan mest sannsyneleg løpe bra i billige sko.

Psykologen poengterer at det er ein ærleg sak at ein ikkje alltid har det kjekt når ein trener. Når du skal løpe litt fortare enn vanleg tempo kan ein kjenne på eit ubehag. Du får som regel mange signalar på at du burde stoppe og du kan kjenne på ein tvil. Akkurat undervegs kan ein oppleve mykje negativt, men det er då du kjenner mestring. Når du løper på tross av at beina er slitne, får du ein mestring som gjer det heile verdt det.

Når september kjem nærare vil gutane bli strengare på matinntak og alkoholforbruket. Om dei gir opp ein kald pils totalt er dei likevel delte om. 

– Vi er seriøse om målet, men vi vil ha det så gøy som mogleg på vegen, seier motivasjonssjef Theodor Odland.

Powered by Labrador CMS