Kultur

Forventar auka etterspørsel for kulturtilbod: – Heilt fantastisk
Nordmenn vil i større grad nytte seg av kulturtilbod i 2025. Dette er til glede for både forbrukarar og aktørar.
– Me ser at folk har endra kjøpemønsteret sitt veldig etter pandemien, fortel Sølvi Rolland, eier og teatersjef på Ole Bull Scene.
– Me har brukt alle sparepengane våre gjennom pandemien, det me hadde på konto til investering. Det tek lang tid å komme seg opp igjen.
Ho har merka ei endring i etterspurnaden i kulturtilbod blant bergensarane.
– Der ein før spelte doble framsyningar både torsdag, fredag og lørdag, speler me no gjerne berre dobbel framsyning ein dag i veka. Det gjer noko med botnlinja og risikosatsinga.
Ole Bull Scene har måtte setje opp færre framsyningar, men no ser ettespurnaden ut til å kunne snu.
Ein tredjedel av nordmenn ventar nemleg å nytte seg av meir kulturtilbod i 2025. Det skriv Virke, hovudorganisasjonen for handels- og tenestenæringa i Noreg, i ei pressemelding på NTB.
– Det er heilt fantastisk, meiner Rolland.
Pause i kvardagen

Ei av dei som ynskjer å nytte seg av fleire av kulturtilboda Bergen har å by på, er Leonora Jacobsen (23). Ho tykkjer det er kjekt å sjå nye filmar på kino, men har også utvida horisonten.
– Eg har vorte mykje betre på å nytte meg av kulturtilbod i det siste, og har gått mykje på teater og opera.
Jacobsen trur det er fleire grunnar til at nordmenn vil nytte seg av fleire kulturtilbod, deriblant at ein får ei pause frå kvardagen og verdsbiletet.
– Sidan det skjer såpass mykje ellers, er det fint å kunne sette seg ned og tenke på noko heilt anna i ein til tre timar. Eg trur også folk innser at kultur er viktig, og difor ynskjer å investere tid og pengar i det.
Sjølv håpar ho å kunne gjere akkurat dette; bevare kulturtilboda gjennom eigen støtte.
– Eg vil spesielt utnytte meg av konserter og teater, fordi eg meiner det er eit veldig fint kulturtilbod som ein må bruke slik at det held seg oppe.
Ynskjer 30 prosent vekst

Administrerande direktør på Bergen Kino, Jeanette Heggland, fortel at dei også har opplevd ei endring i folk sine vaner etter pandemien. Til dømes spelar sjølve opplevinga rundt kinobesøket ei større rolle no enn før.
Ho legg likevel ikkje skjul på at dei ynskjer å få fleire bergensarar til kinosalane i 2025.
publikums vaner har endra seg etter pandemien, og at f.eks. sjølve opplevinga rundt kinobesøket no spelar ei større rolle enn før
– Me har sett oss eit veldig ambisiøst mål på 30 prosent vekst i 2025.
Program- og markedssjef, Birgitte Hammer, er einig i at dei ynskjer fleire på visningane. Ho trur nordmenn sitt ynskje om å prioritere kulturtilbod handlar om felleskapskjensle.
– Det er eit felleskap i å oppleve noko med fleire andre menneske. Det er mykje stress i kvardagen og økonomisk press. Difor tenker eg kinoopplevingar og andre kulturtilbod er positivt og kjekt.
Hammer legg også til bærekraft som ein bidragsytande faktor.
– Eg trur også det handlar om at me lev i eit forbrukssamfunn. Folk endrar kanskje vanane sine i form av at ein kjøper mindre "kjøp og kast" varer, og heller vil unne seg opplevingar.
Foreløpig ligg kinoen på samme nivå som i 2024, men program- og marknadssjefen seier at dette heng saman med at dei største filmane kjem nå og vidare utover året.
Skulle likevel ikkje auken i etterspørsel skje, er direktør Heggland trygg på at kinoen framleis vil klare seg.
– Me har god økonomi, så me kjem til å klare oss.
– Skal klare oss i 20 år til

Ole Bull-sjef Rolland håpar å sjå ein auke i etterspurnaden i 2025.
2024 er det fyrste året etter pandemien med økonomisk overskot for Ole Bull Scene. I likskap med Jacobsen, trur også Rolland at verdsbiletet aukar behovet for kulturelle opplevingar.
– Folk har behov for å gå ut og le, verte underhaldt, gå på konsert og vere saman. Dei har behov for opplevingar i sin heilskap, om det er latter, gråt eller alvor.
I likskap med Bergen Kino, tryggar også Rolland med at scena skal halde stand, også om aukinga ikkje finn stad i 2025.
– Dersom me held oss på nivået frå 2024, skal me klare oss. Me er har klart oss i 20 år og skal klare oss i 20 år til, avslutter Rolland.