Kultur

Forbod mot anti-ageprodukt, men ikkje harde aknekurar: – Vert du gravid, må du ta abort
Ungdommen får bruke sterke, reseptpliktige produkt mot akne. Dei vaksne må derimot nøye seg med eit svakare butikkutval av produkt med A-vitaminsyre mot aldringsteikn.
– Det var nokon gonger eg vurderte å sove med sminke, fordi eg berre ikkje hadde lyst til å sjå på min eigen hud, fortel Louise Anne Françoise Kobberstad (20).
Ho har slite med intens, hormonell akne frå elleve/tolv-årsalderen, og har gått tre rundar på den reseptpliktige aknebehandling Isotretinoin.
Tal frå Legemiddelregisteret ved Folkehelseinstituttet viser at bruken av kvisekuren nådde nye høgder i 2023. BA har tidlegare skreve om aukinga. Der kjem det fram at bruken omtrent er tidobla frå 2005 til 2023.
– Sjølv om Iso er ein hestekur, som ein kallar det, er det for meg ikkje eit spørsmål ein gong om det er verdt det eller ikkje, meiner Kobberstad.
Ein annan variant av A-vitamin i hudpleie, er retinol. Denne ingrediensen kan ein finne i reseptfri hudpleie i butikkane, men ein må ikkje la seg lure av det. Ingrediensen er på ingen måte ein ukomplisert mirakelløysing til kviser og rynker.
Frå første november i år av skjerpar Regjeringa reglane for sal av hudpleie med retinol. No får ikkje butikkane lenger selje hudpleie med høgare konsentrasjon enn 0,05 % av ingrediensen til kropp og 0,3 % til andlet.
Dette for å hindre for høge A-vitaminnivåer i kroppen, skriv Helse- og omsorgsdepartementet.
Men isotretinoinbruken vert ikkje råka av forbodet.
Kvifor vert ikkje bruk av aknemedisinen avgrensa?
Hudlegane Eli Synnøve Lilleskog og Emilia Hugdahl ved Bryggen Hudlegesenter forklarar skilnaden på retinol og retinoin. Sistnemnde er å finne i Isotretinoin.
– Dei er ganske like eigentleg, men retinol er litt svakare. Når den verkar i huda vert den omdanna til det same som ein får for kviser, men i ein litt mindre mengde, seier Hugdahl.
Bruk av både retinol og reseptbelagt retinoin fører med seg fleire biverknader. Mellom desse er alvorlege fosterskadar.
Dette veit kvinner som har gått på Isotretinoin mykje om. Dei må nemleg gå på prevensjon og ta blodprøve kvar månad for å sjekke om ein er gravid, dersom ein er i fruktbar alder.
– Den mest alvorlege biverkninga er dersom ein vert gravid. Da må ein ta abort, fordi det er veldig fosterskadeleg, seier hudlege Lilleskog.
Men lista stoppar ikkje der.
Tørr hud, tørre lepper og tørre slimhinner er meir av det du kan forvente deg, om du skal starte på Iso-kuren
Hudekspertane er positive til at retinolforbodet hindrar ukritisk bruk av ingrediensen. Trass i dette, støttar dei bruken av Isotretinoin og grunngjev dette med den tette legeoppfølginga.
– Du får oppfølging, me tar blodprøver undervegs og får ein biverknader fangar ein det opp og reduserer dosen eller avsluttar behandlinga. Men dei som får det utan resept kan styre på på eigenhand, utan at nokon fangar det opp. Det er den største forskjellen, seier Hugdahl.
Den lange lista over biverknader er Kobberstad godt kjend med, etter nesten ti år i kamp mot alvorleg akne.

Leddsmerter og psykisk påkjenning
– Det som er så fint når ein går på Iso, er at ein får veldig tett legeoppfølging, seier Kobberstad.
20 åringen fortel om ei rekke biverknader ho har opplevd, som følge av Isotretinoin. Leddsmerter, tørre auge, tørr hud og tørt hår.
– Eg har slite veldig med leddsmerter. Vondt i ryggen, også vidare. Eg har jo nokon gonger mått ty til smertestillande på grunn av det. Men det er overkommelig, sidan du veit at det går over når behandlinga er ferdig.
I startfasen av behandlinga, når huda hennar vart verre før den vart betre, fortel ho at behandlinga kan ha hatt ein litt dårleg effekt på psyken hennar. Samstundes presiserer ho at ho ikkje veit om dette kjem av aknen i seg sjølv, eller om det er ein biverknad av medisinen.
Det er nemleg inga tvil om at ho erfart kva psykisk påkjenning ubehandla akne kan utgjere. Kobberstad fortel om at aknen gjorde det vanskeleg å forlate huset.
– No har eg slete med dette så lenge at eg har funne meg i at ein ikkje må la det påverke seg så mykje. Men det har definitivt vore periodar der eg har droppa planar med vener og eg har droppa å vere med på bilete. Dei periodane der eg har hatt det aller verst, så finnast det ikkje bilete av meg fordi eg har nekta å vere med på det.
– Vert forskreve forsvarleg

Marte Kvittum Tangen, leiar av Norsk foreining for allmennmedisin, er ikkje bekymra for bruken av Isotretinoin på norske fastlegekontor.
– Eg har tru på at Isotretinoin vert forskreve forsvarleg og etter dei retningslinjene som gjeld, fortel ho.
Blant desse retningslinjene er at fastlegar må ha tilstrekkeleg erfaring med medikamentet for å få skrive det ut til pasientar.
– Det vil alltid vere slik når det er eit medikament som vert brukt av fleire, at det vert meir kjend i befolkninga og at det difor vert ein større etterspørsel på fastlegekontoret, seier ho om auka i bruken.
Ho meiner også at noko av auken skuldast at Isotretinoin kan erstatte langvarig antibiotikabruk mot akne.
Når det gjeld forgifting som følge av for mykje A-vitamin i kroppen, er ikkje dette noko leiaren av foreininga er bekymra for, i likskap med hudlegane.
– Eg ser inga stor risiko for A-vitaminforgifting, tydeleggjer ho.
– Klar samanheng mellom akne og depresjon
Når det gjeld psykisk helse, fortel både hudlegane og leiaren av Norsk foreining for allmennmedisin at dei alltid følg med på om pasientar merkar noko psykisk påverknad av Isotretinoinbehandling. Sjølv om forskinga ikkje har funne ein sikker samanheng her.
Hudlege Lilleskog legg til at mellom dei som må byrje på p-piller i samanheng med Iso-behandling, kan også prevensjonen påverke psyken.
Ho er likevel sikker på ein ting:
– Forsking viser at det er ein samanheng mellom alvorleg akne og depresjon. Det er ein veldig klar samanheng der.
Etter eigen erfaring er heller ikkje 20 år gamle Kobberstad er i tvil om samanhengen mellom akne og psykiske lidingar.
– Det er eg 100 % eining i!
– For meg har Iso vore ein oppriktig «life savior» fordi det har forbetra livskvaliteten min ekstremt mykje, seier ho.
Kjelder:
Forskrift om endring i forskrift om kosmetikk og kroppspleieprodukter
Regjeringa.no
Helse- og omsorgsdepartementet