Melding

Færre flyktningar til Noreg i 2025 enn fyrst venta

Publisert

Ei ny prognose viser at Noreg treng å ta imot 3.100 færre flyktningar enn det Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) eigentleg ba kommunane om å busette i 2025.

I november i fjor ba dei kommunane om å busette 18 900 flyktingar i 2025, no har talet søkke til 15.800, melder IMDi i ei pressemelding på NTB. 

Tal frå kommunane viser at dei ligg an til å busette 15.400 flyktningar.

13.100 av flyktningane IMDi ber kommunane om å busette, er ukrainare.

VG omtala saka fyrst.

Powered by Labrador CMS