Innenriks

Få studentar nyttar seg av stemmeretten: – Stemmer i blinde
Universitetsstyreval er eit sikkert vårteikn i Bergen, men valkampen ser ut til å gå dei fleste studentar hus forbi. – Kor mykje innverknad det faktisk har på studentkvardagen min, sit eg alltid igjen med eit spørsmålsteikn om, seier student Isac Bartvik Jørgensen.
– Fyrst og fremst tapar studentane på å ikkje engasjere seg og ikkje bruke stemmeretten sin. Det er også til gunst for alle dei andre gruppene, seier Victor Botnevik (23).
Dei andre gruppene han peiker på er stipendiatane, professorane og dei administrativ tilsette.
Jusstudenten har representert studentane i Universitetsstyret i snart to år, og er på ingen måte blant dei som ikkje nyttegjer seg av stemmeretten.
– Min samvit er rein, fortel studentpolitikaren, som stiller til gjenval for Universitetsstyret til våren.
I år er det nemleg duka for val til både UiB sitt Universitetsstyre og rektorval. Sistnemnde vert arrangert kvart fjerde år.
I følgje tal frå UiB stemte berre 12 % av studentane ved sist rektorval. Tal frå studvalg.no viser at berre 2.490 studentar brukte stemmeretten sin i fjor.
I skrivande stund, har UiB 20.118 registrerte studentar. Dersom like mange stemmer i år som i fjor, vert valdeltakinga 12,4 %.
Altså er det langt ifrå alle UiB-studentar som kan skryte på seg rein samvit, skal ein bruke Botnevik sine ord.
– Folk veit ikkje kva dei stemmer på
Studentar som brukar stemmeretten sin er likevel å oppdrive. Ein av desse er Isac Bartvik Jørgensen. Hovudmotivasjonen hans til å stemme, er å vere ein god borgar som bidreg til demokratiet.
– Eg har jo stemt litt for å få ei god kjensle, fortel han.
Jørgensen er tidlegare journalistikkstudent og tek no ein master i medier og kommunikasjon. I tillegg er han fagansvarleg i Studentradioen. Han dreg fram at dette bidreg til at han sett seg meir inn i studentvala.
Likevel har det skjedd at sjølv han har gløymt å stemme. Masterstudenten føler han nesten stemmer litt i blinde, og trur dette er noko av årsaka til den låge valdeltakinga.

– Eg prøvar å vere engasjert og har velvilja til at det skal fungere. I tillegg meiner eg at alle demokrati har godt av engasjement. Eg har absolutt interessa for å stemme og delta, men eg veit liksom ikkje heilt kva eg stemmer på.
– Mi teori for kvifor desse vala har så dårleg oppslutning, er fordi folk eigentleg ikkje veit heilt kva dei stemmer på.
Han peiker på at politikken bør synleggjerast meir gjennom heile året.
– Eg er usikker på om dei fleste studentane i det heile tatt har høyrt om kandidatane, og endå mindre kva dei faktisk driver med i kvardagen.
– Eg veit jo litt kva dei arbeider med, men kor mykje innverknad det faktisk har på studentkvardagen min, sit eg alltid igjen med eit spørsmålsteikn om, seier Jørgensen.
Konsekvensar av låg stemmedeltaking
– Når studentane ikkje engasjerer seg, bygg dei opp under ei haldning i einskilde miljø om at du ikkje treng å ta stilling til studentane fordi dei er her på kort tid og ikkje engasjerer seg. Dermed treng ein eigentleg ikkje å ta dei i betraktning i ein del vegval, seier Botnevik.
Han meiner dette kan føre til ein ukultur.
– På sikt trur eg det skapar ei form for arroganse eller eit syn på studentar som me ikkje er tent med. Men som dessverre er litt sant, fordi me gong på gong ikkje engasjerer oss.
Dette meiner han både har uheldige konsekvensar i eit kortsiktig og langsiktig perspektiv.
– Den kortsiktige effekten er at me ikkje får så mykje gjennomslag ved val, men den langsiktige effekten er inntrykket me etterlet oss hjå alle dei andre på universitetet og i samfunnet elles.

Han har likevel ein idé om eit konkret tiltak som kan betre valdeltakinga, nemleg å vie litt tid på den fyrste førelesninga i dei ulike emna til å informere om dei demokratiske prosessane studentane kan ta del i. Han samanliknar dette med måten ein til dømes vert informert om fagforeiningar når ein er tilsett i arbeidslivet.
– Når du vert ny tilsett på universitetet, får du informasjon om kven som er verneombodet ditt, kor fagforeininga sitt og kven du kan ta kontakt med dersom det er noko som skjer og du treng hjelp. Me studentar får jo langt på veg ikkje den informasjonen, iallfall ikkje gjennom dei rammene som me vanlegvis forheld oss til. Informasjonen ligger jo der ute, men på lik linje med mange andre oppsøkjer ikkje studentar den.
Når det gjeld studentar som framleis ikkje tenker det er viktig å stemme, er Botnevik klar i talen.
– Dei tar jo feil, det er det dei gjer.
– Det er framleis mykje knytt til din studiekvardag som enkeltstudent som mange gjerne skulle ha endra på.
– Alle på UiB ynskjer at studentane engasjerer seg
Rektor ved UiB, Margareth Hagen, er ikkje einig i at den låge valdeltakinga fører til at einskilde miljø på universitetet får inntrykk av at dei ikkje treng å ta høgde for studentane.
– Eg trur ingen av dei eg kjenner som arbeider på universitetet ser at det er til gunst for dei at studentane ikkje engasjerer seg. Eg trur alle på UiB ynskjer at studentane engasjerer seg.
– Det er ikkje ein kamp mellom studentane og andre grupper, vektlegg ho.
I tillegg er ho tydeleg på at studentane som vert stemt inn i Universitetsstyret har ei reel innflytelse på universitetskvardagen.
– Universitetsstyret har stor innflytelse på kvardagen og på kvaliteten på universitetet. Det er elleve medlem i styret og to av dei er studentar. Eg kan love deg at dei stemmene vert høyrt. Det er tunge stemmer i universitetsstyret. Så ja, det ligg mykje makt der.
Ho dreg fram at utover studentane si eiga kvardag, har også studentrepresentantane innflytelse på forskinga, prioriteringa i styresakene, retningslinjer og meir.

Når det gjeld dei låge stemmetala, peiker også rektoren på at valet kanskje kjennest litt fjernt for nokre av studentane. For å auke valdeltakinga, meiner ho dette må kommuniserast i alle kanalar, men at studentane sjølv og har eit ansvar til å informere kvarandre.
– Eg ynskjer definitivt ei breiare deltaking, fordi UiB er ein institusjon som skal hegne om demokratiet, fortel rektoren.
Til slutt kjem ho med ei klar oppfordring til studentane:
– Eg vil oppfordre studentane til å stemme. Stemme ved alle vala, også ved Universitetsstyrevalet.