Kultur

Få brukar kulturtilboda: – Eg kjenner ingen interesserte
I England går Chris Taylor på museum gratis. I Bergen slit han med å finne liknande tilbod.
– Eg er ein veldig turist-aktig person, men oppdagar ikkje andre tilbod enn dei fyrste som kjem opp på Tripadvisor. For å finne noko nytt må eg leite lenge etter det på eiga hand, seier engelske Chris Taylor om kulturtilboda i Bergen.
Med norsk kjærast tilbringar Taylor mykje tid i byen. Kulturinteressa hans er høg og han besøker ofte museum om krig og historie. Men engelskmannen seier det er vanskeleg å finne andre spennande tilbod med mindre han oppsøker det sjølv.
Å vere uviten til tilboda i byen fører til at Taylor som oftast ender opp på same restaurantar og aktivitetar som han har vore på før, i staden for å utforske det Bergen har å by på.
Han vert overraska når Bymag spør om han har testa ut Grieghallen.
– Grieghallen veit eg ikkje kva er. Eg er glad i kultur, men det er vanskeleg å kome utanfrå og finne nye spennande ting, svarar han.
Kulturinteressa er låg
Sjølv om Taylor er veldig glad i kultur, synest han interessa for kulturopplevingar er lita. Han har ingen vennar i Bergen som deler interessa hans og vennane frå England er heller ikkje interesserte.
– Eg kjenner ingen i Bergen som er interessert i slike tilbod, og vennane mine i England må eg nesten drage med meg for å få dei med meg på ting, innrømmer Taylor.
I England er det mange museum som har gratis inngang, og desse nyttar Taylor seg mykje av. Han skulle ynskje at det var fleire slike tilbod i Bergen. Han seier at lave prisar eller gratis inngang kan hjelpe å få fleire interesserte i det som skjer.

Dumt at få interesserer seg
Ein undersøkelse av Nordstat på vegne av NRK i 2023, viser at interessa blant nordmenn har falt, særleg etter pandemien. I undersøkinga svarar 44% at dei brukar kulturtilboda mindre hyppig enn før.
Student Merejem Emma Torlo Djugum har sjølv merka den minkande interessa, særleg blant andre unge.
– Eg synest dessverre at det er mindre interesse for kulturelle opplevingar og at det er mange som må bli pusha for å bli med på ting. I begynnelsen av studentlivet mitt vart eg pusha til å bli med, men no har eg endt opp som den som pushar, seier studenten.
Djugum studerar ved Universitetet i Bergen som er omringa av kulturopplevingar. Slike tilbod nyttar ho ofte og prøver å få til ein aktivitet minst 2 gongar i månaden. Alt frå konsertar, bingokveldar eller museumsvandring er aktivitetar Djugum hiv seg med på. Interessa hennar er det dessverre ikkje alle som deler. Det synest ho er dumt.
– Kultur er utruleg viktig. Det inneber så mykje og ein kan lære ekstremt mykje av å vere med på ulike kulturtilbod. Det er kjempesosialt og det er viktig å kome seg ut og utforske nye ting i ein bergensk grå kvardag, seier Djugum.
Jobbar med saka

Sindre Nordås Viulsrød er formidlar ved Kode og har jobba der sidan 2019. Han bekreftar at det er lite interesse blant unge og spesielt studentar. I 2023 utgjorde studentar berre om lag 3,2% av alle besøkande. Dette synast han er rart sidan Kode har fleire bygg i sentrum som ligg nære mange av Universitetet i Bergen sine bygg.
– Når museet ligg så nærme det største campuset i byen, må vi kunne klare å generere synlegheit. Og av dei 35 000 studentane som er i byen, er det nok ikkje så mange som veit kor mykje vi har å tilby, seier Viulsrød.
Viulsrød meiner at unge er viktige for kulturlivet i Bergen og at Kode veit at ikkje alle er klar over tilboda. Men seier at dei no går inn i ein prosess for å gjere tilboda betre for denne gruppa.
– Vi ynskjer å bli synlege og innhaldet må bidra til å skape denne synlegheiten, seier Viulsrød.

Kode opererer på fleire plattformer, men i følgje Viulsrød er den beste måten å bli synleg på den gode gamle metoden med «Word of mouth». No arbeider Kode med å få innspel frå unge og spesielt studentar, slik at dei kan forbetre tilbodet for denne aldersgruppa.
– Studentane må få dei tilboda dei interresserer seg for slik at Kode blir eit slags slott som feirer ein rik studentradisjon, avslutter Viulsrød.
I følgje Djugum kan meir synlegheit frå arrangørane gjere terskelen for å vere med på arrangerte kulturtilbod lågare.
– Eg les mykje i nettaviser eller går inn på nettsida til arrangørar for å finne ut om det skjer noko. Plakatar på fakulteta fangar alltid merksemda mi og det gjer det lettare å finne arrangement som du ikkje aktivt leiter etter sjølv, seier Djugum.