
Eit kommunalt tilbod som fungerer: – Kraftverk har vore ein livbøye
Kraftverk er eit kommunalt tilbod som kan hjelpe uerfarne skribentar å ta del i det litterære miljøet i Bergen. Dei er no i prosessen å velje ut tekstar til den 71. utgåva av tidsskriftet.
– I Bergen bør ein gå stille i dørene om tilbod som fungerer, seier Gunhild Haga Hofstad.
Tidsskriftet Kraftverk er no i gang med å plukke ut skjønnlitterære tekstar til den 71. utgåva av skriftet. Sidan 2002 har det kommunale tidsskriftet Kraftverk publisert tekstar av folk med psykiske vanskar. Etter kutt i fjor var ein redde utgåve 70. skulle vere deira siste.
Redaktør Sindre Ekrheim fortel at dei var usikkre på Krafverk si framtid då byrådet tilrådde å leggje ned kulturetaten og gjere kutt på 10 millionar.
– Sidan det ikkje blei spesifisert kor innsparingane skulle kome, så kjende nok alle at dei kunne bli råka, seier redaktøren.
Likevel har ikkje Kraftverk blitt ramma av sparekniven. Noko som overraskar Gunhild Haga Hofstad, som har publisert i tidsskriftet sidan oppstart.
– Eg hadde trudd det skulle ryke då kommunen skulle kutte så mykje. Eg er litt overraska over at tidskriftet består, det hadde eg nesten ikkje trudd, seier ho tankefullt.
Hofstad forklarer at Kraftverk har hatt ein stor innverknad på livet hennar.
– Det er ein del av DNA-et mitt, forklarer Hofstad med eit smil.
Har alltid hatt ei opa dør
Hofstad (45) har publisert tekstar i nesten kvar utgåve sidan starten i 2002. Ho har publiser både dikt og prosa tekstar. Det ho likar best å skrive om er tekstar med humor som rimar. Skribenten fortel at det er alltid eit mål å få sendt inn ein tekst før fristen. Eg hadde eit meir intenst forhold til det før, da gjekk eg gjerne kvar dag å venta på tilbakemelding.
Hofstad har ein emosjonelt ustabil personlighetsforstyrrelse. Ho sleit lenge med å få hjelp og har opplevd svært mykje motstand frå helsevesenet.
– Kraftverk har aldri avvist meg. Eg hadde ikkje levd viss ikkje det var for dei opne dørene som har vore, seier skribenten.
Hofstad presiserer at Kraftverk ikkje er det einaste tilbodet som har vore til hjelp, men at det har hjulpe med mestring og gjett mykje glede.
I dag har Hofstad det betre, noko som gjer at ho skriv mindre.
– Det kan vere veldig smertefullt å skrive, men eg blir stolt av å lese dei gamle tekstane mine. Det er ei glede der, det er mykje morosame tekstar, men selfølgeleg, er det jo veldig sårt. Det hender at eg gjennom tekstane mine får helse på gamle minner på ny. Det er tøft, men også fint å sjå tilbake på minner som ellers ville gått tapt, seier skribenten.

Ei trygg ramme
Liv Yvonne Heyerdahl er psykiater, kunst og uttrykksterapeut.
– Å utrykke seg sjølv gjennom kunst er ein måte å bli kjend med kva som bur i deg, fortel psykiateren.
Ho er likevel skeptisk til at ein skal kunne sende tekstar ut i verda utan ei ramme. Ho fotel at ein kan angre seg etter publisering. Derfor er det bra at ei trygg ramme kan hjelpe og veilede dei som sender inn tekstar.
Dette er noko Kraftverk jobbar aktivt for. Her ønskjer vi å redusere fordommar rundt psykisk uhelse, psykiske helseproblem og ta vekk noko av tabuet, fortel redaktør Sindre Ekrheim.

– Kraftverk er ikkje eit terapeutisk tilbod, men heller eit tilbod som kan setje lys på dei friske sidene til eit menneskje. Vi legg vekt på skriving som eit handverk og kunstnarisk ytring. Deltakinga i skriftet er sjølvdefinerande. Om ein sjølv definerer seg som eit menneskje med psykiske helseplager kan ein sende inn skjønnlitterære tekstar, seier redaktøren.
Sjølv om dei innsende kvart nummer ligg på 150 til 200, er det ca. 30 tekstar som kjem med i ein utgåve.
Ekrheim opplyser at det som gjer tilbodet så spesielt, er at alle som sender inn skjønnlitterære tekstar skal få ei grundig tilbakemelding.
– Vi vil ikkje ekskludere. Nettopp fordi psykisk helseproblematikk ikkje er einsarta. Her er det nyansar, eit stort spekter, påpeiker Ekrheim.
Måler ikkje sukess i pengar
– Tilbodet er for uetablerte skribentar. For meg som redaktør syns eg at dei som ikkje kjem med er like viktige som dei som er representert i tidsskriftet. Det viktigaste er å ta folk på alvor. Vi er jo så klart opptatt av å lage eit tidsskrift, men sjølve prossesen er også viktig, med tekstutviklinga og forbetringa, forklarer Erkheim.
– Det betyr mykje at tilbodet eksisterer. Ein kan ikkje måle det i pengar, men det har ein kulturell verdi, understreker redaktøren.
– Det handlar om å leve i eit samfunn der alle er representert. Spesielt sårbare samfunnsgrupper som ofte ikkje blir høyrt. Ein trekkast også inn i ein større samanheng. Ein littærer arena der ein får plass til å vere, seier redaktør Ekrheim.
Dette er noko Hofstad seier seg einig i:
– Det hadde ikkje ført til min undergang om tilbodet hadde blitt kutta, men det har berika livet mitt enormt at det har eksistert. Noko eg håpar det vil fortsetje å gjere.