Kultur
Bergensungdom unngår nynorskbøker
Forfattar Terje Torkildsen meiner nynorsk er ekstra godt eigna til historieforteljing, medan ungdom set nynorskbøker tilbake i bokhylla.
I andre etasje på Bergen offentlege bibliotek, er det ei eiga avdeling reservert for ungdom. Der har dei frammøtte akkurat avslutta første treff med lesesirkel for ungdom mellom 13 og 18 år.
– Om eg oppdagar at boka er på nynorsk, set eg ho rett inn att i bokhylla, seier vidaregåande-elev ved Olsvikåsen, Arambha Shrestha.
Han liker å lese, og er ofte på biblioteket. Sjølv om han har starta å skrive snap-chat meldingar på nynorsk, med mål om å få på plass riktige bøyingar før neste års eksamen i sidemål, vil han ikkje lese nynorske bøker.
Sean Turville-Johannessen, er vidaregåandeelev ved Bergen Katedralskole, og hugsar godt korleis det var å bli introdusert for nynorsk på ungdomsskulen.
– I starten gjekk det veldig greitt, for vi starta opp gradvis, men etter kvart tenkte eg at å lære nynorsk var å kaste bort skikkeleg mykje tid, seier han.
Låner nynorsk fordi dei må
Bergen offentlege bibliotek lånte ut 821 nynorske ungdomsbøker i 2023. Til samanlikning vart 11697 utlånt i same kategori på bokmål. Det vil seie at 6,5 % av den norske ungdomslitteraturen som vart lånt på Bergensbiblioteket i fjor var skive på nynorsk.
– Nyleg var det faktisk ein ungdom som kom og fortalte meg at det var skikkeleg deilig å lese bøker på nynorsk, og lurte på om eg hadde noko å anbefale, seier bibliotekar Silje Monsen Solsvik.
– Men det er ikkje ofte eg høyrer det på den måten, held ho fram.
– Vanlegvis seier dei at dei treng ei nynorskbok, fordi dei må lese ho på skulen, seier Solsvik.
Ho har og opplevd at det er om å gjere å finne den tynnaste boka.
Minoritetsforfattar
– Eg er bevisst på at eg skriv på eit minoritetsspråk, seier forfattar, norsklektor og skodespelar Terje Torkildsen.
– Det er ein av grunnane til at eg gjer det òg, fordi eg meiner det er viktig, seier han.
– Og så er nynorsk eit så godt verktøy at eg skriv betre på det målføret.
Forfattaren trur vokalvariasjonen i det nynorske språket gjer at det høyrest veldig bra ut, og at språket difor er ekstra godt egna til historieforteljing.
Sjølv brukar han alltid ungdom som konsulentar og responsgrupper når han skriv for målgruppa.
– Action og humor, det trur eg ungdomane vil ha når dei skal lese bok.
Nynorske favorittar
Bibliotekar Silje Monsen Solsvik har inntrykk av at det blir gitt ut få bøker på nynorsk retta mot ungdom, og at dei bøkene som har kome ut dei siste åra ofte tek opp samfunnsaktuelle tema, med tung tematikk.
Det trur ho kan gje ei ekstra sperre på å gå i gang med ei bok.
– Då blir det i staden dei same bøkene vi tar med kvar gong vi skal på skulebesøk, seier Solsvik.
Bibliotekaren kunne ønske at utvalet blant nyutgjevingar var betre, med fleire ungdomsbøker som var laga for å underhalda.
– Vi vil jo nå forskjellige typar menneske, stadfester ho.
– Kvil i fred av Peter F. Strassegger handlar om gutar og miljøet deira, og var den nynorskromanen som var mest utlånt i fjor, tipsar bibliotekaren.
– Og Skammar-serien, med Skammarens dotter, er ei fantasy bok som alltid er med på klassebesøk, den har vore populær på biblioteket i mange år, seier Solsvik.
Lesing er nøkkelen til språkforståing
– Det er dei same strategiane som gjeld når ein skal lære sidemål som hovudmål, seier Trude Hoel.
Hoel er professor i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger.
– Det handlar om eksponering for språket, forklarar ho.
– Ofte når ein lærer nynorsk som sidemål, leiter ein etter ord, og hyper-korrigerer, slik at det blir laga ord som ikkje finst, seier Hoel.
– Når ein les nynorsk litteratur møter ein språket slik det blir brukt, med dei enkeltorda og bøyingsformene som skil seg frå bokmål. Då blir ein blir meir van med det, og får ei forståing for språket, seier leseforskaren.
Hoel tipsar først og fremst om å finne god litteratur, som ein blir oppslukt av.
Leselyst på biblioteket
Arambha Shrestha reflekterer.
– Om det var opp til meg å bestemme, synes eg alle burde læra nynorsk frå første klasse av, seier han.
Sean Turnville-Johannessen er ikkje eining.
– Då trur eg barna ville ha blanda saman dei ulike orda, spår han.
– Uansett om nokon liker å lese på norsk, engelsk, nynorsk, eller kva som helst, så ynskjer vi å bli kjent med fleire som vi kan snakke om bøker med, konkluderer Shrestha.
Han oppfordrar ungdom til kome til biblioteket og bli med på lesesirkel.