Kultur

– Bergen har mista sin status som kulturby
Det er eit halv år sidan Bergen kommune kutta 2,7 millioner frå kultursektoren. Nokre av desse øknonomiske kutta blir no reversert, men for AKKS Bergen er det alvor - særleg for barn og unge.
Bergen har lenge hatt sterk status som kulturby, men etter kutta har bekymringane vokse. Til tross for at enkelte kutt no blir reversert, er usikkerheita stor blandt kunstnarar og kulturaktørar. Kulturbansjen har i lengre tid mobilisert seg under #ViVilSkapeIBergen, og håpar kommunen får opp augo for kor viktig kunst og kultur er for Bergen.
AKKS Bergen: – Kutta rammar dei unge musikarane
For organisasjonen og festivalarrangøren AKKS Bergen ser situasjonen mørk ut. Dei fekk store kutt som ikkje blir reverserte, noko som set framtida til Eggstokkfestivalen i fare.
På spørsmål om Phoebe Dobey, AKKS Bergens arrangøransvarleg, meiner Bergen sin status som kulturby er svekka, svarar ho kontant:
– Ja, 100 prosent.
– Me fekk drastiske kutt. For oss er det faktisk ikke berre budsjettkutt, det er også måten dei har omorganisert støtteordningar på. Kuttet vår endte på 140 000 kr, noko som er ein tredjedel av budsjettet til Eggstokkfestivalen. Til neste år har vi 30-årsjubileum. Så at me i det 29. året ikke skulle få gjennomføre eggstokk fordi me ikke får pengar frå kommunen, er heilt sinnssjukt, seier Dobey.

– Det Eggstokk har betydd for Bergen og musikk-Bergen er enormt. Så den beskjeden var beintøff å få. Det er kjemperart at Bergen kommunene ikkje ser verdien i det.
Heldigvis vart festivalen redda gjennom ein donasjon frå Bergen Fest sin stipendordning Bergenfeststipend, samt grundig omfordeling av eigne midlar.
– Dei har skote seg i foten når det kjem til musikk, verkeleg. Me har invitert Byrådet til årets festival. Dei kan komme og sjå kor flotte folk me har på scena, seier Dobey med eit glimt i augo.
Dobey forklarar også at andre viktige tilbod for born og unge må bli vekkprioritert som følgje av dårleg økonomi.
– Me må nedprioritere gratisplassar på kurs. Det betyr at folk frå lavinntektsfamiliar ikkje får spele og delta. Det er dumt for då mistar me plutseleg ein Aurora, kanskje me mistar ein Miss Tati eller Sigrid. Og det er heilt sjukt å sei i Bergen.
Sjølv om det er tøffe tider, ser ho noko positivt i alt engasjementet som har vakse fram.
– Me har vore ein del av massen som har stått bak #ViVilSkapeIBergen, me har delteke på demonstrasjonar, og me følgjer med i Facebook-gruppa. Det manglar ikkje på entusiasme og kampvilje i kulturbransjen!
#ViVilSkapeIBergen
Vi vil skape i Bergen er eit opprop som representerar mange forskjellige kunstnarar og kulturarbeidarar. Bak dette engasjementet har det stilt seg ei rekke kulturorganisasjonar frå alle moglege kulturfelt. Blandt desse organisasjonane er forfattarforbundet, og deira representant, Vibeke Koehler.

– Det er organisasjonane som representerar enkeltkunstnarar. Me støttar oss bak dette, fordi det er vanskeleg for enkeltkunstnarar å bruke mye tid på å protestere . På den måten kan vi òg vise kor mange ein kunstnar representerer, forklarar Koehler.
Til tross for vanskelege tider, utrykker Vibeke kor fint det var å sjå alle stille opp for kvarandre.
– Heile denne sektoren er utruleg god til å mobilisere, og medlemmene betyr mykje. Ingen kjem til å slutte å protestere. Me har fint klart å vise byrådet i Bergen kor mykje alle desse kunst- og kulturarbeiderane betyr for kommunen. At folk samarbeidar betyr mykje for oss.
No har det gått eit halv år sidan kuttet. Fleire av dei kutta som blei vedteke i september i fjor, blir reversert.
– Det som har blitt bra akkurat no, er at dei kunstnarstipenda ikkje blei kutta
Til tross for dette kjenner ho på ein usikkerheit og fryk på om desse kutta blir føreslått igjen.
– Eg håpar dei innsåg denne gongen kor mykje det faktisk betyr for kunstnarane. Ein begynner også å lure litt på kvifor politikarane kjem med forslaga i utgongspunktet. Eg håpar dei skjønnar kor mykje kunst og kultur betyr. Me tek sjølvkritikk. Me kunne vore betre på å formidle kor mykje dette faktisk betyr, før det blei nødvendig å protestere. Så det må me halde fram med.
Kutta blei reversert
ByMag har vert i kontakt med byråd for næring, kultur og idrett, men dei har ikkje svart på henvendelsane. Dei viser til eit intervju med ein annan ByMag-journalist og svarar der:
– Me tok til oss tilbakemeldingane som kom på forslaget om å kutte arbeidsstipend og kunststipend for 2025 og for åra framover. Me reverserte dei kuttforslaga sånn at det ikkje blei gjort. I årets budsjett er stipendordninga sterkare enn nokon gong. Den har auka med 400 000 kr i etablererstipendene.
byrådet er også ueinig i at Bergen har mista stillinga si som kulturby:
– Eg er ingen måte enig i at kulturlivet holder på å utraderes, eller at det svekkes.
Kultur skapar meining
– Kultur gir folk meining med livet. Både det å kunne skape noko, men også det å kunne delta som publikum. At kommunen undervurderer det er litt pussig, Seier Koeheler
Også Doeby understrekar kor viktig eit levande kulturliv er for byen - særleg for dei yngre:
– Det er ekstremt viktig at Bergen kan vere ein stad kor born og unge kan delta i - og oppleve kultur. Me ser at det har ein enorm verdi