Sportskommentar

Kommentar: No treng du ikkje berre idrettstalent, men kjendisfaktor
Ein kan ikkje nekte på det lenger: TikTok er her for å bli. Kanskje vil det føre til såkalla "brainrot", men kan slike plattformer føre til eit auke i idrettsinteressa?
Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens mening og holdninger.
Under OL i Paris deltok norske utøvarar som Karsten Warholm, Grace Bullen og Line Flem Høst. Alle desse tok medaljar i si grein. Fekk du med deg det? Tvilsamt. Norge stilte med 112 utøvarar i sommarens OL, men dei profilane dei fleste har høyrt om er nok Markus Rooth og Henrik Christiansen.
Rooth fekk merksemd etter å ha tatt eit historisk gull i tikamp. Men kvifor veit alle kven Henrik Christiansen er og ikkje kven til dømes Grace Bullen er? Jo, det er fordi Christiansen er glimrande på TikTok. Du kjenner han kanskje som «The muffin man». Christiansen er ein 28 år gamal symjar frå Skjetten som har teken fleire gull i norske meisterskap, tre VM-sølv og to VM-bronser i tillegg til fleire medaljar i europeiske meisterskap. Men det er ikkje på grunn av hans sportslege prestasjonar at han får merksemd.
Under OL stal han alt rampelyset frå dei andre norske utøvarane sine prestasjonar ved å lage ein «romanse» mellom han og sjokolademuffinsane som vart servert i kantina. Hans beste resultat i OL var fjerdeplass på 1500 meter, resultatet på TikTok var millionar av visningar, 29,7 millionar likarklikk og 493.000 følgjarar. Dette slo så godt gjennom at andre utøvarar frå andre nasjonar ville henge seg på trenden, og byrja å hamstre på disse muffinsane. Skal OL-høgdepunktet være en muffins? Sjølvsagt er det gøy at en norsk utøvar, i en sport som får lite merksemd, skal bli verdskjent. Men tek ikkje dette bort frå prestasjonane som vart gjort i OL? Og er det muffinsen sitt ansvar å få sjåarar til OL?
Sjølvsagt er det interessant å vite kva desse utøverne gjer på fritida si, men det er ikkje alle utøverane vi bryr oss om like mykje. Markus Rooth har gitt søstera kontroll over sine sosiale medium, der har han no 134.000 følgjarar på Instagram. Då Rooth tok gullet var det 820.000 nordmenn som fulgte med på NRK. Til samanlikning har Grace Bullen 16.000 følgjarar på Instagram og på grunn av rettar og liten popularitet vart ikkje bryting sendt på NRK. Det vart ikkje symjing heller, men likevel klarte Christiansen å få seg eit publikum ved bruk av sosiale medium.
Kan vi kreve at utøverane sjølv skal ha stor personlegdom og stor medietilstedeværelse? Har vi som publikum blitt så lite merksemde på kva som skjer rundt oss at vi treng utøverane sjølv til å arbeide ræva av seg for å prøve å kome opp i feeden din på Instagram for at vi skal gidde å sjå på? Dei treng sjåarane for å få sponsorarar og moglegheit til å fortsette å drive med jobben sin. Då treng sporten meir merksemd.
Kanskje er løysinga at utøverane faktisk må legge til i arbeidsdagen sin å lage innhald for sosiale medium eller berre arbeide med å ha tydelegare personlegdom som skaper omtale og oppmerksemd. Etter Petter Northug la opp sank antal saker skriven om langrenn med 42 prosent, fortel NRK. Hat han eller elsk han, men Northug kan å skape overskrifter. Det var ikkje at alle desse artiklane handla om Northug ein gong, men at heile langrennsuniverset vart uinterresant sekundet den største personligdommen forsvant. No er han tilbake for VM, og eg kan vedde på at mange skrur på TV-en berre fordi han er med.
Sosiale medium har kanskje teken bort fokuset frå idrett, men dersom utøverane tilpassar seg og følgjer med i trendane kan også idretter som bryting verte populært på same måte som Henrik Christiansen fekk auga over på symjing for ei lita stund.