Dagleg leiar hjå Fløyen, Anita Nybø, er svært optimistisk på vegne av reiselivet til Noreg og Fløyen.
– Kronekursen vil jo i størst grad påverke dei oversjøiske turistane, slik som amerikanarane, seier Nybø.
Ho meiner at det ikkje er lett å halde kontroll over alle nasjonalitetane som kjem på besøk. Nybø utdjupar med at Fløyen er så store at alle reiser dit. Likevel legg ho vekt på at plasseringa deira er gunstig for alle besøkjande.
– Me er heldige på den måten at me er veldig lett tilgjengeleg i Bergen By. Når det er tilreisande til Byen er me eit føretrukke alternativ.
Nybø understrekar at Fløyen er store på både krus og landbaserte turistar og at dei derfor får dei fleste på besøk. Ho opnar også for at den svake krona vil gjere at fleire nordmenn ferierer i Noreg.
– Me ser jo at folk er flinke til å bruke sitt eige land, seier Nybø.
På før-Covid-nivå
Også reiselivsdirektør i Bergen og CEO i Visit Bergen, Anders Nyland, kan sjå at den svake krona betyr at særleg dei som betaler i dollar, euro og pund får ei rimelegare reise til Noreg.
– Det trur me at vil slå positivt ut. Særleg i Bergen merker me ei auking spesielt frå den amerikanske marknaden. No er jo krona nesten historisk svak mot dollar, så me merker veldig høg interesse frå USA, fortel Nyland.
Vidare utdjupar Nyland at Statistisk Sentralbyrå (SSB) sin gjestestatistikk for januar viser at den amerikanske etterspørselen er tilbake på nivå med slik det var før Covid 19.
– I tillegg til amerikanarar, såg me at det var ein del sveitsarar og nederlendarar på besøk i fjor, fortel Nyland.
Han ser ikkje vekk ifrå at det vil vera nordmenn som vel å feriere i Noreg i staden for utlandet. Han seier at svært mange nordmenn har lågare kjøpekraft enn før Covid, og ser etter ein rimelegare ferie.
– Vil bli veldig billeg for amerikanarar
– I seg sjølv er hypotesa om at fleire turistar vel Noreg no som kroneverdien er så svak, rimeleg.
Det seier professor i økonomisk historie ved NHH, Ola Honningdal Grytten, og bekreftar mykje av det Nyland seier.
– Dollaren har stige enormt, som betyr at ting vil bli veldig billeg for amerikanarar i Noreg. Det er ikkje lenge sidan dollaren var på 6-7 kroner, og no er den på 11 kroner, utdjupar Grytten.
Han kan fortelje at også Euroen har stege mykje i forhald til krona. Noko som kan gagne tyskarar, hollendarar og franskmenn som vel Noreg som ein feriestad.
– Noreg stillar relativt sterkare til andre land no enn det dei gjorde før krona vart svekka. Det er fleire nordmenn som må feriere i Norden fordi det er for dyrt elles, og fleire utlendingar som finn ut at Noreg ikkje er så veldig dyrt likevel, fortel Grytten.
Trass dette vil Grytten vera forsiktig i å spekulera i ein turistboom.
– Det skuldast rett og slett at kjøpekrafta i heile verda søkk.