Starta å springe i sommar: vann prestisjeløp

Publisert:16. mars 2023Oppdatert:16. mars 2023, 18:55
Rask: Andreas Fantoft i sitt første 5km løp. Foto: Arne Dag Myking

Tidlegare fotballproff Andreas Fantoft (23) vann førre veke skulemeisterskapet til Norges Handelshøgskule (NHH) si springegruppe. Det er ein god prestasjon, men bergensaren har endå større mål med springesko på beina.

- Eg var ikkje klar over at det var mogleg å få så rask utvikling, seier far Erik Fantoft.

Mange NHH studentar som har hevda seg i norgestoppen har prøvd seg i den fire kilometer lange løypa som går i Hellevegen ute ved NHH, men med tida 12.37 er den ferske løparen Andreas Fantoft nummer ti gjennom alle tider. Sjølv meiner han det er meir å gå på.

-  Eg er veldig fornøgd med å vinne og at eg slår løparar frå Gular friidrett, men føler eg kan springe ei betre tid med meir konkurransespesifikk trening, seier han.


Gamle kunster: Andreas Fantoft i aksjon i ein av dei siste kampane til Øygarden FK. Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball

Mål for sesongen

Han slo ein av norges største talent på 800m i løpet, sjølv om han så seint som i fjor spelte i andre divisjon for Øygarden FK. Sotraklubben gjekk konkurs i fjor, og då valde Fantoft å legge opp. Kort tid etter å ha bytta ut fotballsko med joggesko, har han blitt ein av NHH sine beste løparar. Det betyr at han vil få ein viktig etappe i den tradisjonsrike stafetten Bergensbaneløpet mellom BI og NHH, som i år fyller 50.

-  Eg har ikkje tenkt så mykje på stafetten, men trur det blir veldig kjekt og god stemning å vere med på, seier Fantoft.

Sjølv om Fantoft ser fram mot Bergensbaneløpet, er han endå meir motivert for å springe fort individuelt. Hovudmålet i 2023 er å springe under 32 minutter på 10km, og dersom han klarar det er han også kvalifisert for Norgesmeisterskap i friidrett (NM). Dette er det mange utøvarar som jobbar fleire år mot å oppnå.

-  Det hadde vore kult å klare det i min første sesong, og du skal du ikkje sjå vekk frå at eg stiller til start i NM dersom eg klarar det. Målet er å gjere det på Hytteplanmila, men det er etter NM, fortel Fantoft. 

Blitt god på kort tid

Trenarlegende i Ask Friidrett, Audun Lavik, er usikker på om han har sett nokon springe dei tidene på så kort tid. 

- Eg kan ikkje seie det på stånde fot, men det lovar veldig godt når han springe så fort i sine første løp. Eg trur han vil springe under 32 minutt på 10km til sommaren basert på dei tidene. Dersom treninga går greit og han får litt oppfølging av nokon med litt kunnskap. 

Erik Fantoft er imponert over den raske utviklinga sonen har hatt. At han sprang 5km på 16.32 og held ei fart på 3.18 per km, nesten heilt utan springetrening, slit han med å forstå. 

-  Han stilte på sitt første løp nesten heilt utan trening. Eg var ikkje klar over at det  var mogleg å få så rask utvikling, seier han.

Fantoft junior fortel at han allereie er oppe i høge treningsmengder. Det er minst ei økt om dagen, og på tysdagar har han to intervalløkter på same dag. Litt som dei beste løparane i landet driv med. Studier prioriterast, men så lenge han trivast med springing vil han prøve å nå så langt som mogleg. 

- Eg har lyst å bli så god som potensialet tilseier.