- Det har ikkje så mykje å seie for kvaliteten at menn får ekstrapoeng på sjukepleiestudiet. Eg trur det vil føre til betre miljø for både menn og kvinner, seier Oskar Eidsheim.
Eidsheim er førsteårsstudent på sjukepleiestudiet på VID (Vitenskapelig høgskole) i Bergen, og er klar på at kvinnedominansen i sjukepleie og i andre helseutdanningar er eit problem. Han fortel at han trivast i studiekvardagen, men at det er litt for lite med 21 menn i klassen når det er 210 studieplassar.
- Ein er jo klar over at ein søker seg inn i ei kvinnedominert utdanning, men eg tenker at det må ligge på minst ti prosent menn på studiet. Visst ikkje blir det nok kjedeleg, fortel Eidsheim.
Anita Lyssand er instituttleiar for sjukepleieutdanninga ved VID. Ho fortel at dei foreløpig ikkje har søkt om å ta i bruk kjønnspoeng eller kvotering, men at dei følgjer med på dei som gjer det.
- Eg veit ikkje om vi har nok søkjarar til at det vil vere ha effekt å innføre kjønnspoeng. Vi har planar om å sjå på andre skular om ordninga har ein effekt også på søkjartal. Vi gjer også andre tiltak for å få fleire mannlege søkjarar, gjennom for eksempel informasjon om kva utdanninga or yrket inneberer, seier Lyssand.
Fungerande studiesjef ved Lovisenberg Diakonale Høgskole, Rannveig Taylor, kan fortelje at sidan dei innførte kjønnspoeng i 2018, så har antall mannlege studentar dobla seg.
- Frå 2018 til i dag har vi gått frå 9.6 til 18.4 prosent, som viser at det har fungert godt for oss. Det viser at det har fungert godt for oss.
Sigrid Husøy Larsen er leiar i NSF student (studentmedlemmene i norsk sykepleierforbund) og ho meiner at andre tiltak må gjerast før kjønnskvotering blir innført.
- Vi meiner kjønnspoeng er positivt dersom ein har gjort andre tiltak først. Det er positivt som eit midlertidig tiltak, men det negative er at ein stiller forskjellige krav, som vil kunne gå ut over kvaliteten, seier Larsen.
Larsen fortel at dette er ei problemstilling som dei jobbar med i NSF Student, som dei ser alvorleg på.
- Det er kjempesynd at det er så lite menn. Vi skal jo drive med sjukepleie for heile samfunnet og då er det viktig at kjønnsfordelinga er betre. For å kunne sikre breiare rekruttering trur eg det er essensielt å formidle kva sjukepleie faktisk inneberer.
Ifølge nettavisa Khrono er det i 2023 elleve studiar der menn blir kvotert, mens kvinner har 31 studietilbod der dei får ein fordel over menn. Eidsheim synast det då er rart at ein ikkje prioriterer kjønnskvoter når kvinnene er såpass overrepresentert i sjukepleiestudiet.
- Det er litt dumt at dette ikkje blir prioritert meir. Litt med tanke på at det er fleire menn som slit med karakterane på vidaregåande, og som slit med konsentrasjonen i den alderen, seier Eidsheim.
Instituttleiar Lyssand synst ikkje ein skal dra inn likestillingsdebatten i dette, og meiner det er viktigare å fokusere på å auke interessen for sjukepleiaryrket.
Eidsheim har trua på at menn kan vere veldig nyttig for helsevesenet, og han ser spesielt eit område der menn kan vere både viktig, og kan trivast.
- Ein har jo gjerne litt ulike eigenskapar. Menn er ofte glad i action, og kan passe veldig godt inn og gjere ein god jobb i akutten, meiner Eidsheim.