– Eg vil ikkje skamme meg over det lenger. Eg vil vere open for min eigen del, og det er fint om det kan hjelpe andre.
ZuperMaria er ein artist frå Fyllingsdalen som syng på bergensk om det å vere ung og rastlaus. Ho seier avhengigheita ikkje er eit problem lenger. No som ho har blitt eldre og skjønar konsekvensane av bruken, ville ho aldri latt seg sjølv gå så langt igjen.
Træbakken meina avhengigheit er avhengigheit. Om det er av alkohol, leggje seg under kniven eller å bruke pillar. Ho har fått nokre negative kommentarar på videoane ho har lagt ut om openheita. Likevel har det vært mest støttande tilbakemeldingar frå folk som heiar på ho eller kan kjenne seg igjen.
–Det er digg for meg å vite at jeg ikkje er åleine også.
Skremmande endring
Roar Doksæter (52) er vegleiar i Blå Kors sitt tilbod “Steg for steg”, som hjelp rusavhengige med støtte og vegleiing til å bli friske og ta langsiktige kloke val. Han hyllar det Træbakken gjer og meina openheita inspirere fleire til å prate med nokon om problema sine utan at det treng å vere så skambelagt.
– Ho er ein stor ressurs for dei som høyrer på musikken hennar.
Tidlegare var han sjølv avhengig av rus og har valt å vere open og bruke dei erfaringane sine til å hjelpe andre til å komme der han er i dag. Vegleiaren ser ein tydeleg samfunnsendring i synet på rus og at dei siste åra har det blitt ufarleggjort.
–Denne trenden er skummel og er veldig skadeleg.
I 1985 då han begynte med rus var det eit heilt anna stigma rundt rusmidlar. Doksæter måtte gjere det i skjul og det vart sett ned på av resten av samfunnet. No ser han ein utvikling der det florera med dop på vanlege festar med folk frå alle samfunnsklassar og aldrar.
–Dei fleste rusavhengige er usynlege, ein ser det ikkje på dei.