Ingelin Paulsen (27) er parautøvar hjå Haugesund CK, og stortrivst i idretten.
– Det er kjekt at dette er ein idrett som passar for dei i rullestol også. Eg er på trening kva veke, fortel ho.
Paulsen meiner at paracurling er viktig for å vise at alle kan gjere same ting, uavhengig om ein har funksjonsnedsetjingar.
– Sjølv om det vert gjort på litt ulike måtar, så vert alle samla om ein felles ting. Det er ikkje slik at dei med nedsett funksjonsevne gjer noko, og funksjonsfriske gjer noko anna. Her er alle samla.
Ho fortel at ho vart godt tatt imot, og at det vert lagt godt til rette for utstyr og nye metodar ho kan bruke. Til potensielle parautøvarar i Bergen ynskjer ho berre sei ein ting:
– Eg vil absolutt anbefale det. Det er mange idrettar det er vanskeleg for oss å drive med, men curling kan ein gjere både ståande og i rullestol.
Tilfanget er lite i Bergen
Hausten 2022 vart BCC gjenoppstarta etter mange år utan drift. No held dei til på Åsane arena, men tilfanget er ikkje stort.
– Me håpar jo å få i gang eit paracurlingsmiljø her i Bergen også, men me i BCC ser at det er vanskeleg å få tak i nye medlemmer.
Dette seier Vilde Aabrek, nestleiar hjå Bergen Curling Club (BCC) og ansvarleg for paracurling-tilbodet. Vidare fortel ho at det er eit lågterskel tilbod for både dei som ynskjer å prøve og dei som ynskjer å spele fast
– Det vert tilrettelagt for at ein kan bruke rullestol, og andre liknande hjelpemiddel. Det er jo ein sport ein lett kan ha glede av, og der ein ikkje treng å vere i super fysisk form, fortel Aabrek.
Sjølv om paracurling er ganske stort elles i Noreg, er det ikkje den mest populære sporten i Bergen. Aabrek trur det kan vere fordi det ikkje vert vist like mykje på TV som fotball, handball og andre store sportar.
Open dag for å tiltrekkje seg folk
– Petter Dahlmann, trenar for paralandslaget i curling, og utøvar Rune Lorentsen, besøkte oss før jul for å gi ein introduksjon til sporten. Då fekk me gjennomgang på både korleis me skal ta imot utøvarar og ulike tekniske tips når me skal instruere folk som sitt i rullestol, opplyser Aabrek.
Ho fortel at i slutten av april vil dei halde open dag for at folk skal få kome og sjå. Aabrek understrekar at det viktigaste er å få ut informasjon om at det ikkje er problem for menneske med funksjonsnedsetjing å drive med curling.
– Spelarar frå paralandslaget i curling syns jo dette er kjempeartig, og dei får stor glede av dette, fortel Aabrek.
Utfordrande å få folk til å møte opp
Petter Moe, utviklingskoordinator hjå Noregs Curlingforbund, er svært positiv til BCC sitt nyaste tilbod.
– Dette er jo noko som har fungert godt andre stader i Noreg, og Bergen har også vore kjempepositive til paracurling, fortel han.
Moe understrekar at Noregs curlingforbund ser at curling som idrett er mogleg å gjennomføre for funksjonsfriske og personar med funksjonsnedsetjing saman på isen.
– Den store utfordringa er å få folk til å møte opp på isen, seier han.
Moe seier seg einig med Aabrek og meiner at det er viktig å få informasjon om tilbodet ut til dei rette. Han trur at det kan vera skummelt å møte opp til ein ny idrett, med eit nytt miljø, og at det derfor er ekstra viktig at klubben legg til rette for alle.
– Vårt bilete er at idretten er for alle, og det er derfor veldig viktig å vise oss fram.