Glede i nået
Arnstein Hagesæter (89) er den eldste deltakaren i koret. Han song tidlegare i kor på gymnaset og på Handelshøgskulen. Då han fekk seg familie og jobb hadde han ikkje lenge tid. Dette tilbodet opnar for tilbakeblikk med ungdomsåra.
– Eg er veldig spent og likar framleis å synge, seier han og smilar.
Anne Bente Hagesæter (61) er dottera til Arnstein og vart glad då ho såg det kom tilbod om eit demenskor i Fyllingsdalen. Ho presisera at det ikkje er sikkert faren kjem til å hugse alt frå korøvingane.
– Det viktigaste er at han får gode augneblink, der han kjenner på ekte glede.
Stor etterspørsel
Prosjektleiar for koret Marianne Hole i «Aktivt Pusterom» seier det har vore ein enorm respons frå pårørande ved påmeldinga. Ho er ikkje i tvil om at dette tilbodet vil gjere ein forskjell for mange.
– Det er rørande å sjå kor stor glede folk med demens får av songen.
Hole hadde lenge ein visjon om eit demenskor men var usikker på korleis det skulle organiserast i praksis. Då ho såg «Demenskoret» på NRK i vinter fekk ho den inspirasjonen ho trengte til å setje idéen til live.
– Eg ser kva musikk gjer med menneske. Plutseleg hugsar dei songar, sjølv om dei kanskje ikkje klarar å kommunisere skikkeleg med andre.
Får tilbake meistringskjensla
Trond Eirik Bergflødt, rådgivar på Kompetansesenter for demente i Bergen kommune er svært positiv til at koret i Fyllingsdalen startar og kor viktig det kan vere for menneske med demens som ikkje kjenner på meistring i kvardagen lenger.
– Mange kjennar på mykje meistringstap etter dei får sjukdommen. Dette gjer noko med deg som menneske.
Bergflødt trekk fram at dette er ein unik moglegheit for dei som tidlegare måtte slutte i koret sitt, og at dei no kan komme tilbake til eit kormiljø der dei kjenner seg trygge og inkluderte.
– Det er fantastisk at dei no får vere med lengre i kor og får tilbod om tilpassing etter deira behov.