Ønskjer endring: –Noreg burde leggje meir vekt på kvifor nokon faktisk vil studere medisin

Publisert:8. april 2022Oppdatert:8. april 2022, 09:23
SKYHØGT SNITT: Studentane Ylse Brokking (t.v) og Elise Mathisen synast at noko må gjerast med opptaka til medisinstudiet.

20. april er det frist for å søke seg til høgare utdanning. Høgast på lista over poenggrensar står medisinstudiet, med ei poenggrense så høg, at ho sender studentar til Polen 1. desember i år kan det skje endringar for opptak til studiar i Noreg.

Opptaka i Noreg blir gjort på bakgrunn av karakterar på vidaregåande med eventuelle tilleggspoeng. I Noreg er det fire institusjonar som tilbyr profesjonsstudium i medisin. På alle disse plassane var den ordinære kvota for å kome inn over 68 i 2021. Det at ein må ha svært høge karakterar frå vidaregåande, og fleire tilleggspoeng. 

–Heilt umenneskeleg

Elise Mathisen (20) frå Fredrikstad begynte å studere medisin i haust, men ikkje i Norge. Mathisen er ei av mange som måtte ut av landet for å ta fatt på draumestudiet. 

–Snittet i Noreg er altfor høgt, for meg var det ikkje noko sjanse. Det er jo heilt umenneskeleg å kome inn!

Mathisen synast det er kjipt, fordi ho sjølv hadde hatt veldig lyst å studere medisin i til dømes Bergen.

Også Ylse Sophie Brokking (22) går på medisinstudiet i Polen. Ho er einig i at snittet i Noreg er alt for høgt og meiner at opptaket på medisin burde vore annleis. 

–I Polen og fleire andre land i Europa har ein opptaksprøve i realfag, i tillegg til intervju og motivasjonsbrev. Det fungerer kjempebra synast eg, fortel Brokking på telefon frå Polen. 

–Noreg burde leggje meir vekt på kvifor nokon faktisk vil studere medisin. 

Mathisen reagerer også på korleis opptaket fungerer i Noreg. 

–Det er rart at karakteren eg fikk i gym eller sosiologi skal bestemme om eg kjem inn på medisin.  

Sånn det er no, fortel Mathisen at det berre er dei flinkaste frå vidaregåande som får mogelegheita til å studere medisin i Noreg. Mathisen og Brokking håper no at opptakskrava kan endre seg i tida framover. 


DET HØGASTE I NOREG: Medisinstudiet var studiet med høgast poenggrenser i 2021. Skjermdump frå heimesida til Samorda Opptak

–Ein debatt verda over

Professor i allmennmedisin og tidlegare prodekan for utdanning ved UiB,  Steinar Hunskår fortel at opptaket for medisin er ein debatt verda over. Modellen som Brokking og Mathisen har trekke fram har blitt vurdert også i Norge, men Hunskår fortel at dei har lagt det frå seg igjen.

–Det er mange som har meint at vi legg meir vekt på det personlege, med intervju og brev også vidare. Problemet er at dette er ekstremt ressurskrevjande. 

Hunskår fortel at denne prosessen hadde teke så lang tid, at dei ikkje ville kunne teke inn folk rett frå vidaregåande. 

–Landet spør etter eit visst tal legar, og det er oppgåva vår som universitet å levere talet dei ber om. 

Han er oppteken av at ein ikkje skal bry seg så mykje om kva studentane har gjort før dei tok fatt på medisinstudiet, men heller kva dei gjer når dei kjem og korleis dei er når seks år har gått. 

–Oppdraget vårt er å sikre at kvaliteten på legane vi utdannar til samfunnet er gode når dei er ferdig. 


TIDKREVJANDE: Professor Steinar Hunskår meiner at opptaksmodellen i Polen tek for lang tid.

Til vurdering

Opptaket for høgare utdanning organiserast under Samordna Opptak. Det er dei som sørger for å fordele dei tilgjengelege studieplassane. 

I ein e-post forklarer Sveinung Skule, direktør for Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, at Noreg er unike i verdsamanheng; same ordning gjeld for alle skulane, i staden for at kvar enkelt skule har sine opptak med eigne ordningar. 

– Ulike former for opptaksprøver, motivasjonsbrev og intervju er dømer på slike alternative konkurranseformer. 

Skule meiner, på like linje med professor Hunskår, at dette er ei prosess som både er tidskrevjande og kostbar.

–Derfor ser vi også at mange utanlandske utdanningsinstitusjonar krev betaling eller ein avgift for å gje søkarane tilgang til opptaksprøvene. 

Direktøren forklarer at snittet på medisin har blitt høgare dei siste åra, med ei merkbar auke i pandemien. Det kjem av at det er fleire søkarar til få studieplassar. 

–Det problemet løysast ikkje gjennom opptaksprøvar. 


Direktør for Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, Sveinung Skule. Foto: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Vegen vidare

Kunnskapsdepartementet skal innan 1.desember avgjere om kriteria for opptak til høgare utdanning skal endrast. 

Brokking håpar at dei vil vurdere å føre inn strategien som er i Polen. Ho fortel at ho også måtte betale for å søke på skulane i Polen, men meiner det ikkje gjorde noko. 

–Eg synes det går heilt fint om Noreg vel å gjer det same som Polen. Det viktegaste er at opptaka blir meir rettferdige.