–Draumen er å gje Arna ein ny utestad, fortel restaurantsjef Isabel Befring.
Restauranten er inspirert av USA med typiske «diner»-stoler og bord, jukebox midt i rommet, vinylplatar på veggane og «Greese» tapet. Restaurantsjef Befring fortel at dei er både ein bar og ein restaurant. Ho håpar Roll og Rock med tida kan by på «ein heil natt i Arna» for innbyggjarane.
–Du kan ha vors i Arna, så kan ein reise hit, også heim igjen på nach.
Manglande tradisjon
Fredrik Kvant (22) bur i Arna og fortel at det er kjekt å få noko nytt. Likevel føler han ikkje at Arna er ein stad ein fer ut.
–Arna er ein heimefeststad.
Han synast Isabels draum om “ei heil natt i Arna”, høyrast optimistisk ut, fordi innbyggjarane i Arna har ein tradisjon med å dra inn til sentrum kven dei fer ut.
–Vi vil jo møte nye folk og ikkje feste med dei same menneska kvar gong. Eg trur ikkje folk legg vekk byen for å feste i Arna.
Sture Nepstad høyrer til generasjonen over Kvant, og er ein annan Arnainnbyggjar. Han fortel også at dei ikkje har noko tradisjon for å fer ut i Arna.
–Vi i Arna liker oss best for TV`n trur eg, fortel Nepstad og ler.
Men Nepstad kan hugse tilbake til liknande restaurantar dei har hatt før, som har mått stenge.
–Så det har vore liv i Arna før!
Gamal haldning
Befring forstår godt kva dei to meiner med den manglande tradisjonen, fordi det lenge ikkje har vore noko tilbod i Arna for uteliv. Den førre staden Arnafolket kunne reise på bar, gjekk konkurs for mange år sidan.
–Eg trur det er ein gamal haldning vi har lyst å kvitte oss med. Vi håpar Roll&Rock kan gjere at ikkje Arnainnbyggarane må reise til sentrum i Bergen for å samlast.
Restaurantsjefen fortel at ho trur det er lett å tenke at ein ikkje kan vere i Arna heile kvelden ute, fordi det lenge ikkje har vore mogleg å vere det.
–Vi vil overtyde folk om at dei kan kome her og bli til klokka halv tre på natta om ein vil.
For store ambisjonar
Kvant syns det er bra at dei held ope fram til halv tre på natta, men opplev at Roll og Rock har litt for svære ambisjonar.
–Eg trur nok at dei gapar litt høgare enn dei kan tyggje.
Arnaguten er likevel tydeleg på at han ikkje skal sei at det ikkje kjem til fungere.
–Det kan bli bra! Arna har jo folk både frå distrikta som også kan kome hit.
Nepstad fortel at han sjølv ikkje pleier å gå ut så mykje, men han trur har kjem til å ete der litt meir.
–Spesielt når det er fint vær. Det er nydelig å sitje i kveldssola der ute.