“Absurd handling”
Lykke Kristine Moen (33) er skodespelar i musikalen, og fortel om det ho kallar «ein nokså absurd handling».
–Assassins handlar om folk som har prøve å drepe amerikanske presidentar opp igjennom tidene.
Føler du at musikalen er upassande å spele i tida vi er i no?
–Sjølv om det føles rart å skulle spele dette no, er det kanskje likevel enda meir rart å skulle spele ein useriøs standup, fortel Moen.
Skodespelaren fortel vidare at musikalen er bygge på satire, men ho sjølv synas det er ganske absurd at vi ler av at folk blir drepen. Likevel viser ho oss att ende til samfunnet, og fryktar at det menneskeligheten som skaper disse menneska som har drepe presidentane.
Moen er likevel klar på bodskapet til musikalen.
–Assassins er jo ein enorm åtvaring. Vi må ikkje let folk falle utanfor, og vere aleine.
Ei verd som ikkje heng på greip
Pål Louis Rasmussen er student og bur til vanleg i Oslo. Han var i Bergen i vinterferien og såg Assassins. Rasmussen fortel at han var redd for at han kom til å få sympati for nokon som drep, og at han var skeptisk til å skulle bli underhalde av drapsmenn. Likevel var opplevinga ei anna;
–Ein ender opp med å sjå ned på dei som har drepe nokon, og ein kjenner på ein frykt for at det kanskje er oss, samfunnet, som har skapt drapsmennene.
På spørsmål om korleis han følte det var å sjå musikalen i ein uroleg tid, fortel Rasmussen at han såg Assassins to dagar før krigen i Ukraina braut ut. Likevel har han gjort seg nokre tankar om kva for eit inntrykk musikalen har gitt.
–Assassins handlar jo om ei verd som ikkje lenger heng på greip. På same måte prøver Putin heile tida å lage eit bilete av røyndomen kvar han kan forsvare tinga han gjer.
Rasmussen trur at nokon gongar krev det underhaldning for å fortelje eit viktig bodskap. Han opplev Assassins som ein kommentar til samfunnet.
–Den gir ein kommentar og nysgjerrighet til kvifor nokon ønskjer å drepe. Og det spørsmålet er noko ein sit igjen med etter å ha sett musikalen.
Avslutningsvis fortel Rasmussen at han ser ikkje at det er eit problem at Assassins vert vist no.
–Da må vi, dersom det er tilfelle, stille spørsmål omkring alle filmane som går på kino nå.
–Det er for enkelt
Stefan Larsson er teatersjef på Den Nationale Scene i Bergen. På spørsmål om han synast
at det er etisk problematisk å spele Assassins i ei tid med krig kven mange verte drepen, fortel Larson at han ikkje syns det.
–Assassins som ein politisk satire, er ein ventil til å diskutere dei spenningane som finst.
Vidare fortel teatersjefen at ein bruker humor til å diskutere, og ein kan le på distanse.
–Vi må ha respekt for at vi skal kunne ta og diskutere det som er smertefullt i samfunnet og i verda. Det er for enkelt at alt handlar om Ukraina, avsluttar Larsson.