Kassetten som musikkmedium er på veg tilbake

Publisert:26. mai 2021Oppdatert:26. mai 2021, 17:45

– Det er mykje nostalgi involvert. Og etter å ha jobba med eit album over ein lengre periode vil ein gjerne gi ut noko fysisk, seier kassett-entusiast Kristoffer Eikrem til NRK.

I Noreg har trenden enno til gode å skyta fart, men i utlandet er salet av kassettar på god veg opp. I Storbritannia vart det i 2020 seld 160.000 kassettar, noko som svarar til ei dobling av salstala frå 2019. Dette er òg det høgste rapporterte talet på 20 år, ifølgje .

Musikkekspert og journalist Guttorm Andreasen fortel NRK at han trur den aukande populariteten er eit resultat av at folk vil ha noko fysisk å ha i henda, som dei kan hanga opp på veggen eller visa fram til vener. Samstundes er kassettar rimelegare enn vinylplater.

Mange populære artistar har byrja å selja musikken sin på formatet, som kan tolkast som eit svar på etterspurnaden ein har sett i seinare tid.