Varsel om snøskred fleire stader på vestlandet

Publisert:9. april 2021Oppdatert:9. april 2021, 15:51
Mange stader måtte det brøytast då snøen kom til Vestlandet søndag kveld.

– Å følgja med på varsla når ein skal ut på tur er viktig, seier Anne Solveig Andersen, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk Institutt.

– Det er ute varsel om snøskredfare i store deler av vestlandet, seier meteorologen, og legg til at faren har vore størst i Møre og Romsdal og nord i Vestland fylke.

Fleire stader i landet har varselet tidlegare i veka vore oppe på raudt nivå, for å signalisera stor snøskredfare. I skrivande stund er Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre, Indre Fjordane, Jotunheimen, Indre Sogn, Voss, Hardanger og Heiane på oransje nivå, ifølgje Varsom.no. Varsla ser ut til å halda seg slik også i helga.

Råd ved fare for skred

– Å følgja med på varsla når ein skal ut på tur er viktig, er rådet frå Andersen.

Om overflata er av våt og laus snø bør ein unngå å ferdast i terreng brattare enn 35 grader, ifølgje Varsom.no. Ein bør også styra bort frå å opphalda seg i utløpssoner under slikt terreng.

Ved tørr overflate bør ein ikkje ferdast i terreng brattare enn 30 grader med fersk fokksnø og utløpsområde, og ein bør òg vera varsam for terrengfeller.

Går mot betre vêr

På laurdag kan det sjå ut til at ein vil få nordvestleg bris først på dagen, så kan vinden gå opp mot liten kuling i kystområda etterkvart. Ein vil ha skiftande skydekke, med sludd- og snøbyger.

– Sola vil nok dukka opp innimellom. Det er ein kjølig vêrtype. Søndagen ser mykje betre ut, det ser ut til at me får lite eller ingen nedbør, med skiftande bris. På ettermiddagen kan han koma opp på ein nordleg frisk bris i kystområda. Søndagen ser fin ut, der dagtemperaturane vil gå opp. I Bergen vil det nok bli 6 til 8 grader på dagtid, seier Steinar Skare, vakthavende meteorolog ved Meteorologisk Institutt, til Bymag fredag.

Nattetemperaturen vert ganske låg framover, som tilseier at det vil verta nattefrost.

– Mandagen ser fin ut. Temperaturane vil då liggja på rundt 7-8 grader på dagtid, men ein vil få nattefrost. På tysdag ser det ut til at det skyar litt til igjen. Ein vil ha lite nedbør fram til tirsdag kveld og overgangen til onsdag. Onsdagen vert truleg ein nedbørsdag, og då er det snakk om regn og sludd i låglandet. Ein må opp i fjellet for å få snø. Midt på dagen på torsdag, og på fredag, laurdag og søndag, vert det lite nedbør og ganske fint vêr. Dagtemperatuane til neste helg igjen kan koma til å liggja på 9 til 12 grader, seier Skare.

Stor utbreiing

Førre helg kom snøen til vestlandet, og vêret kunne ein oppleva som nokså skiftande, med mykje vind og varierande temperaturar.

Snøvêret ein har hatt skuldast vinden som har kome frå nord-nordvest. Det har vore kuling på kysten og i fjellet, med nedbør og opphald innimellom.

– Vêret har strekt seg over store deler av vestlandet, sa Andersen tysdag.

Det er i Møre og Romsdal ein har hatt mest snø. Ifølgje meteorologen var det tidlegare i veka ute farevarsel om at det kunne koma frå 15 til 30 cm på 24 timar i låglandet i Møre og Romsdal, medan snøen på vestlandet elles kunne hamna på 5 til 15 cm på 24 timar.

Problem på fjellet

I tillegg har det vore varsel om snøfokk for fjellet, fortalde meteorologen.

– Det har vore mykje stengde vegar og kolonnekjøring på vegane som går frå aust til vest, og på fjellet generelt, sa Andersen.

– Det har vore mange brøytebilar ute, la ho til.

Elles var temperaturane nede på eit par plussgrader i Bergen og i låglandet, med litt lågare temperaturar i fjella og indre strøk.

Må venta på finvêret

På torsdagen som var, byrja vinden å dreia meir i sør-sørvestleg retning, og det har kome inn gradvis meir nedbør, med forbigåande mildvêr, regn og sludd i låglandet ein periode.

– Mot helga ser det ut til at det kjem inn kjøligare luft. Eg ville ikkje pakka vekk vinterkleda med det første. Det er kanskje litt ute i neste veke det er håp om at temperaturane stig att og det vert litt mildare, sa Andersen tysdag.

– Det er litt slik om våren at det kan koma periodar med kjøligare vêr, la ho til.