– Ho elska å danse og å svømme då ho var yngre. Då ho vart sju år gammal introduserte eg ho til symkronsymjing. Ho har elska det sidan, seier mamma Willemina Timmer.
Sarina Norzairin Seljeskog er nå klar for å representere Bømlo symjeklubb.
– Eg trives her. Det har vore bra, fortel Sarina.
Ho har allereie ei imponerande medaljeliste. Ho har blant anna seks gull solo og ti medaljer i gull og sølv for lag.
Sarina starta med synkronsymjing då ho var sju år gammal. Året etter vann ho sin første gullmedalje. I Malaysia trente ho to til tre timar seks dager i veka. På Bømlo trenar ho ein gang i veka og meir fram mot ein konkurranse.
Synkronsymjing VS Korona
Korleis fungerer konkurransane nå under korona?
– Sidan korona har det ikkje vore nokon konkurranser med fysisk oppmøte. Andre klubbar organiserer digitale konkurranser. Då lager me ein video og sender inn til dommerane, seier Willemina, som også er trenar og utdanna dommar.
21. februar fekk Sarina ein sjetteplass i det første digitale internasjonale stemnet ho har delteke i. Sarina kom også på pallen i Mexico i slutten av mars. Ho fekk ein tredjeplass i det digitale synkronstemnet.
Bassenget har vore heilt stengt i lengre periodar. Då har det ikkje blitt noko trening eller konkurransar.
Kvifor Bømlo?
Då familien skulle flytte stod valet mellom Oslo, Ålesund, Bergen, Trondheim og Bømlo.
– Mannen min er frå Stavanger, men dei har ikkje grupper som trenar synkronsymjing der. Før vi flytta så sjekka me kor den beste plassen for symkronsymjing var, og me fann Bømlo.
Er det stor interesse for synkronsymjing på Bømlo?
– Bømlo symjeklubb er ein ny klubb. Dei starta for ikkje så lenge sidan så nå er vi fem jenter. Me håper på å bli fleire etter kvart, seier Willemina.
– Sarina har fortsatt mykje å lære. Til neste år skal ho hoppe over til den neste aldersgruppa som er 13 til 15 år. Det kjem til å bli meir utfordrande.