Eldsjela sparar ikkje på superlativa når han fortel om klubbrennet Gullfjellet Idrettslag arrangerte i vinter. Då var det gått 30 år sidan sist renn i anlegget. Trass dei mange bakkane som var i bruk på 60- og 70-talet, har hoppsporten i Hordaland, og spesielt i Bergen, slite dei siste åra. Ingen av del 37 hopparane i Junior-NM i Bavallen i vinter var frå regionen.
På Gullbotn har dugnadsgjengen brukt tre år på å setja anlegget i stand att. I anlegget er det bakkar med kritisk punkt på 5, 8, 12, 28 og 38 meter. I klubben er no 22 skihopparar i barneskulealder med og hoppar.
– Det er der me må byrja. I og
med at me har så mange ivrige hopparar, må me prøva å behalda dei. Her er det berre snakk om å tilretteleggja, seier Glistrup.
Vil leggja plast
For å få dei unge skihopparane til å fortsetja, vil Glistrup difor at dei skal få på plass plast i bakkane. Det er nødvendig når det er så kort vintersesong som i Bergen.
– No har me skaffa oss desse unge, og dei er veldig interesserte. Viss me no klarar å få til plastbakke kan me klara å behalda dei. Me kan ikkje berre basera sporten på ein og ein halv månad med snø, seier Glistrup.
Han har forhøyrt seg med både Bergen og Trondheim kommunen for å skaffa plast å hoppa på.
– Viss me kunne fått hundre kvadratmeter brukt kunstgras så hadde me hatt nok, seier Glistrup.
Rustar også opp plasten på Voss
For tre sesongar sidan var det eit brukande hoppmiljø på Voss. Etter nokre år med dårlege vintrar har aktiviteten vore laber, men i år har mange små born vore med på skileik på Framnes på Oppheim. Der deltek ungane på langrenns- og turski, som dei også hoppar med i ein liten bakke.
– Me ligg nede i ein bølgjedal. Me må byrja med dei små og skapa interesse, seier Magne Sørestrand. Han er ein av eldsjelene i hoppmiljøet på Voss og leiar i hopp- og kombinertkomiteen i skiforbundet i Hordaland skikrets.
Også på Voss vil dei no utvida tilbodet for å hoppa på plast. Bakkane på Framnes med kritisk punkt på 15 og 25 meter er det allereie plast på, men no skal det også koma i 10- og 55-metersbakkane.
– Det er jo eit sprang å få kultur frå snøhopping på vinteren til plasthopping på sommaren. Men ein får den progresjonen som er nødvendig i hopping, seier Sørestrand.
– Brukbar rekruttering til toppidretten
– Eg skal ikkje teikna eit bilete av at rekrutteringa er problemfri, men eg eg vil ikkje seia at det er heilsvart. For det finst absolutt gode lyspunkt, seier Ståle Villumstad, arrangementssjef hopp i Noregs Skiforbund.
Sidan fleire innandørs idrettshallar har vore stengt det siste året, kan koronapandemien faktisk ha ført til at fleire barn har byrja med skihopping i Noreg.
– Me har ikkje fått telt opp etter årets sesong, men tilbakemeldinga er at det har vore positivt med tanke på rekruttering, seier Villumstad.
– Kva er det som må til for å rekruttera nye skihopparar?
– Anlegg, utstyr og eldsjeler. Det siste er det vanskelegaste å få tak i. Bakkar har me ganske greitt med, og eg veit ikkje om ein einaste skihopp-klubb i Noreg som ikkje låner ut eller leiger ut utstyr særs billig, seier han.
Dei rundt aktive 1500 skihopparane i Noreg delte i 2019 på 322 hoppbakkar. 91 av dei var plastlagde, men andelen aukar.
– Plastsesongen er jo lenger enn vintersesongen mange stadar. På ein måte er det avgjerande for å behalda dei som startar, seier Villumstad.
Fleire stadar i Noreg finst det sterke miljø som rekrutterer nye hopparar. Til dømes har opprustinga av ein bakke i Rissa vore med på å auka talet i Nord-Trøndelag.
– Der har det blomstra opp, takka vera to-tre eldsjeler som har halde bakkar opne og skapt aktivitet.
Også i Buskerud, Oslo og i Evje i Agder, veks sporten bra, ifylgje Villumstad.
– Me har ein brukbar rekruttering til toppidretten, iallfall i forhold til andre nasjonar.