Pokemon-boom i pandemien

Publisert:9. april 2021Oppdatert:9. april 2021, 14:49
Det ligg svært mykje verdi i pokemonkort for tida. Den samla verdien på desse korta er på mellom 200 tusen og 300 tusen kroner. Foto: Erik K. Heimdal

Over 20 år etter at pokemonkort vart utgitt i Noreg, har interessa auka kraftig igjen. Pokemonmiljøet trur ei blanding av nostalgi og koronapandemien er oppskrifta på «boomen».

I Bergensområdet kan ein finne pokemonkort til sals for 73 tusen kroner på Finn.no, og i Oslo må du bla opp med heile 200 tusen kroner for å sikre deg det dyraste kortet på marknaden. Pokemon er den største medie-franchisen i verda, og interessa er enorm både innanlands og internasjonalt.

Ein av dei som har investert i pokemonkort dei siste åra er Alexander Golten frå Sotra.

– Eg leita etter noko å putte pengane i og såg på både vin og whisky, men så kom eg over pokemonkort. På det tidspunktet, i 2017, var det veldig lite informasjon om pokemonkort tilgjengeleg og eg følte det låg ei moglegheit der. Eg bestemte meg for å investere og har vore med i «gamet» sidan, fortel Golten.

I dag har samlinga hans av pokemonkort ein samla verdi på rundt 600 - 700 tusen kroner, men han fortel at samlinga på eit tidspunkt har vore verdt meir enn det.

– Verdien var oppe og snuste på omtrent éin million kroner ei stund. Etter det har det vore ein liten dipp, i tillegg til at eg har selt unna litt av samlinga. Eg er i alle fall i «null» på noverande tidspunkt, men eg trur eg framleis er i «pluss», seier han. .  

Golten trur koronapandemien har vore ein vital faktor for at interessa og etterspurnaden rundt pokemonkort har teke seg opp det siste året.

– Eg føler pandemien har hatt stor påverknad! Folk blir permitterte eller sit på heimekontor, dei ser i gamle skuffer, følgjer meir med på sosiale media og ser etter noko å plassere pengane sine i. Det trur eg har vore med på å gjere at pokemonkort har fått ein oppsving, seier han.


Alexander Golten frå Sotra byrja å investere i Pokemonkort i 2017. Samlinga hans er i dag verdt omlag 600 tusen - 700 tusen kroner. Foto: Privat

Pandemi, kjendisar og nostalgi

Nadeem «Nas» Abdelhadi, som står bak samlarnettsida og butikken Poke4Dayz, trur også at koronapandemien har spelt ei viktig rolle i oppsvingen rundt pokemonkort, men påpeiker samtidig at «boomen» starta nokre år før covid-19 oppstod.

– Koronapandemien har absolutt påverka interessa og etterspurnaden etter pokemonkort. Folk er meir heime og har rett og slett meir tid tilgjengeleg. Samtidig starta eigentleg «boomen» i 2016 då Pokemon Go vart lansert. Det ein ser i dag er gjerne resultatet av det som vart starta då, forklarar han.

Store internettpersonlegdomar, som for eksempel Logan Paul med nesten 23 millionar abonnentar på YouTube, har interessert seg for pokemonkort det siste året, noko Abdelhadi peikar på som ein anna viktig grunn til interesseauka.

– Mange kjende folk har byrja å involvere seg i hobbyen og har vore med på å promotere eit produkt som svært mange har eit forhold til. Det er mange andre produkt som er gamle og var populære i si tid som ikkje har eksplodert like mykje som pokemonkort, seier han.

Det at folk har eit forhold til og gjerne enten samla på pokemonkort eller spelte dei diverse pokemonspela i barndomen, har også vore ein faktor å ta med i reknestykket, ifølgje Abdelhadi.

– Nostalgi er utan tvil eit viktig aspekt! Det er nok den største grunnen til «boomen».


Dette Charizard-kortet er Golten sitt mest verdifulle. Han kjøpte det for 95 tusen kroner, og det har i dag ein verdi på 80 - 120 tusen kroner. Korter har fått graderinga 7 på grunn av kortets tilstand. Hadde det vore i perfekt tilstand og fått gradering 10, ville kortet straks fått ein verdi på omlag tre millioner kroner.

Tru på langsiktig interesse rundt pokemonkort

Trass i at nostalgi blir peika på som potensielt den viktigaste grunnen til den auka interessa for pokemonkort, har ikkje det påverka Alexander Golten i stor grad.

– Det er sjølvsagt noko nostalgi der, men eg byrja ikkje å investere fordi eg er pokemonfan. Eg gjorde det fordi seg såg på det som ei fin investeringsmoglegheit, seier han.

Golten har ei formeining om kva han vil gjere med pokemonkorta sine i tida framover.

– Eg kjem nok berre til å sitje med dei ei stund. Eg trur det er lurt å tenke langsiktig og sjå på det som ein aksje. Det er sjølvsagt berre rein spekulasjon, men eg trur det vil vere lurt å vere tolmodig, seier han.

Naseem «Nas» Abdelhadi har trua på at interessa rundt pokemonkort kjem til å halde fram i tida framover.

– Det kjem nok ikkje til å halde fram heilt på same måte som no, ettersom pandemien kjem til å vere over på eit tidspunkt. Det kan fort dabbe av litt, men «boomen» er basert på reel interesse. Dei siste månaden og åra har mange fleire blitt interesserte i pokemonkort, og interessa går nok ikkje vekk med det første for dei som nyleg har blitt interesserte. Det er difor det er ein «boom» og ikkje ei boble, konkluderer han.