Badelanda har vore del av fire skikkelege nedstengingar sidan pandemien starta. Den siste perioda har folk fått trene på treningssenter lokalt, medan badeanlegga har haldt stendt. Det på trass av at det har vore mange smitteutbrot på , noko det knapt har vore i norske badeland.
– Det kjennast riktig urettferdig. Me har jo eigentleg blitt sett i ein dårlegare kategori enn treningssentera, seier Homme.
Han er dagleg leiar for Sørlandsbadet, i tillegg til vervet som styreleiar i interesseorganiasjonen Badelandene.no. Organisasjonen representerar 35 av dei største badeanlegga i Noreg, som både er lokalisert i byar og lokalt i distrikta. Til saman har anlegga rundt 10,5 millionar årlege gjester.
Homme er ikkje i tvil om at koronapandemien har råka bransjen hardt og brutalt. Det har vore fleire store utfordringar for badeanlegga, og ei av dei har vore uforusigbarheita.
– Eg har sjølv kjent det på kroppen som dagleg leiar, du veit ikkje kva neste time og neste dag. Ufourtsigbarheita har vore tøff, den har tatt mykje energi i forhold til å ha fokus på drift, personell, utvikling og alt saman, seier Homme.
Ei anna utfordring han trekk fram er tida som kjem. Framtida er usikker med tanke på korleis besøket blir. Framfor mange ligg ein hard jobb med å sikre omdømme og dei aktivitetshusa som eingong har vore.
– Under permitteringar og og uvisse med drifta i bedriftar, er det alltid ein risiko for å miste kritisk kompetanse. Det har berørt mykje folk og familiar, legg Homme til.
Kan gå utover livskvalitet
Som Noregs nasjonalanlegg for symjing og stup, plar Alexander Dale Oen Arena i Bergen å ha 360 000 besøkjande i løpet av eit år. Under koronapandemien har dei nesten halvert antal besøkjande.
For eit badeanlegg som enkelt kan ha 700 gjester inne på ein gong, har dei i periodar berre hatt 350 inne. Dagleg leiar Håkon A. Egeberg Johansen veit at mange er avhengig av den aktiviteten Ado Arena kan tilby.
– Mange skulle vore her og sumt, og kanskje går det utover livskvaliteten deira. Å ikkje kunne ta seg ein symjetur eller sitje i badstua og preike. Mange treng å bevege kroppen sin, og ein del har ei dårleg helse i utgangspunktet. Dei er sjølvsagt lei seg.
Føler med dei ansatte
Bergen kommune eig bygget til Ado Arena, og det er også kommunalt eigd. Egeberg Johansen opplyser om at dei har innteningskrav og må selje billettar som private bedriftar, men har litt snillare vilkår og andre målsetjingar.
Gjennom det siste året har badeanlegget måtte tole fleire millionar mindre i omsetnad. Kommunen har måtte ta mesteparten av tapa, men Egeberg Johansen opplyser om at også selskapet har mista millionar.
– For oss er det ikkje viktig å berre tena pengar, men at folk skal ha eit tilbod. Skuleborn skal kome og bli trygg i vatn, eldre skal få komme å symje og bevege seg. Nokon er handikappa og nyttar godt av det. Folkehelse er viktig, seier han.
For den daglege leiaren har den største utfordringa vore å få dei ansatte til å føle at dei er med på laget, trass i at dei har måtte halde stengt. Drifta har 110 ansatte og omlag 40 årsverk. Det har ikkje vore noko permittering, men færre som har jobba deltid.
– Dei ansatte i faste stillingar har vi brukt til vedlikehald og oppussing, sett i fornuftig jobb. Dei var og eksamensvaktar ein periode i fjor, seier han.
Ado Arena har til vanleg mange studentar i deltidsstillingar. Men det siste året har ein ikkje kunne tilby dei like mykje arbeid. Det synest Egeberg Johansen er synd.
– For dei er ein deltidsjobb veldig viktig for å klare seg. Dei har kanskje endå mindre å gå på enn mange andre. Så ein del av dei har ikkje hatt det så lett. Me betalte dei litt lønn i ein periode, men det har vi ikkje moglegheita til når vi ikkje tener pengar, fortel han.
Tungt for Vannkanten
Vestkanten badeland i Loddefjord har også fått kjenne på konsekvensane for koronapandemien. Dagleg leiar Mette Thormodsen seier nedstengingar har ført til store økonomiske konsekvensar, og at alle ansatte har vore permitterte fleire gongar.
– Heldigvis har nokon av våre ansatte vore i jobb via Vestkanten Storsenter på driftsavdelinga og som servicepersonal på senteret, seier ho.
Ho informerar om at badelandet har hatt stor pågang av besøkjande som har brukt opplevingane deira når dei har kunne haldt ope. Til tider har det vore fullt både i badelandet og spaavdelinga. Grunna restriksjonar har dei berre hatt plass til 200 inne i badelandet.
Thormodsen slit med å skjøna kvifor dei har måtte halde stengt, medan treningssentera samstundes har fått halde ope.
– Me må berre forhalde oss til dei restriksjonane som er, men det er litt vanskeleg å forstå at nokon får opne før andre, seir ho.