Losnar for Børven

Publisert:9. april 2021Oppdatert:12. april 2021, 12:27
Torgeir Børven under kampen mot Konyaspor 7. april i år.

Dei fyrste månadane irriterte Torgeir Børven seg over mykje i Tyrkia, men no har det byrja å losna. – Eg vil gje mesteparten av æra for det til den nye trenaren, seier kvemmingen.

Då Ankaragücü vitja Konyaspor i den tyrkiske eliteserien Süper Lig onsdag, var det på kvar sin kant spelarar med ungdomslandslagserfaring for Noreg. Kampen enda 1-1 utan at verken Konyaspor sin Zymer Bytyqi eller Torgeir Børven noterte seg på skåringslista.

– Eg spelte heilt ok. Det var litt uvant å spela kant, seier Børven.

Like før pause sette angriparen frå Øystese eit skot i stanga.

– Eg burde ha skåra. Men det er sånt som skjer, det kjem nye mogelegheiter på sundag, seier han.

Då ventar nemleg Gençlerbirliği på andre sida av banen.


Torgeir Børven vart toppskårar i Eliteserien i 2019. Førebels ligg han på niandeplass på lista i årets Süper Lig.

Har losna under trenar nummer tre

Sidan Børven signerte for Ankarargücü i september, har han skåra ti mål på 24 kampar, 17 av de ifrå start.

– Me har hatt tre forskjellige trenarar. Med to av dei har me ikkje hatt nokon plan for kva me har gjort på trening, og me har spelt meir på følelsar enn taktikk, seier Børven.

Det skil seg frå kva Børven er vane med som eliteseriespelar.

– Det var litt vanskeleg i starten, og mange irritasjonsmoment, seier angriparen.

Men midt i februar tok Hikmet Karaman over som trenar i Ankaragücü. Karaman har ifylgje Børven ein tanke bak alt laget gjer på treningsfeltet og ein plan å følgja i kampane. Etter trenarbytet skåra Børven fem mål på sju rundar.

– Det har vore ein opptur med ny trenar. Han har fått skikk på oss og gitt oss tydelege roller, seier Børven.

Bur med lagkameratane

Børven har sjølvsagt også merka konsekvensane av koronapandemien i Tyrkia.

– Eg har ikkje fått med meg så mykje av byen og har gått glipp av litt av opplevinga grunna det.

Dei siste vekene har likevel ting vore opne, og han og lagkameratane har til dømes kunne gått ut for å eta eller drikka kaffi.

Kvemmingen bur i eit nyare leilighetiskompleks i Ankara saman med mange av lagkameratane.

– Det er ganske fint. Me har alt me treng av fasilitetar, mat og shopping i bygga rundt oss. Ein treng eigentleg ikkje bevega så mykje på seg, seier Børven.


Ankaragücü før kampen mot Konyaspor.