Festivalsommaren i fare: – Heng i ein relativt tynn tråd

Publisert:7. april 2021Oppdatert:7. april 2021, 14:27
Koengen: Her brukar dei store konsertane og festivalane i Bergen å bli arrangerte, men i sommar kan det bli like folketomt som på bildet. Foto: Erik K. Heimdal

I juni skal det etter planen haldast fleire store konsertarrangement i Bergen, men per dags dato er det svært usikkert om det blir noko av. Arrangøren ser på moglegheitene som lite realistiske.

– Det er vel ikkje ein hemmelegheit at det heng i ein relativt tynn tråd. Eg trur ikkje norske myndigheiter er klare for å opne opp for store arrangement i slutten av juni. Det trur eg er lite realistisk, seier dagleg leiar i Bergen Live, Frank Nes, som snakkar om dei musikalske arrangementa i Bergen i sommar.

Dersom covid-19 ikkje hadde eksistert, ville arrangement som musikkfestivalen Bergenfest og konsert med Post Malone begge gått føre seg i sommar, nærare bestemt i juni. Førstnemnde har tidlegare samla over 9000 publikummarar kvar dag på Bergenhus Festning over fire dagar, medan Post Malone-konserten har selt ut alle dei 22 000 tilgjengelige billettane.

Seinare i dag, onsdag, skal regjeringa kome med ein plan for attopninga av Noreg.

– Eg har ikkje store forhåpningar om at slusene for konsertpublikum skal opnast med det første, så vi får berre vere tolmodige. Vi har vore gjennom dette i eitt år no, så vi må tåle å vente litt til. Det er berre slik verda er akkurat no, seier Nes.


Frank Nes, dagleg leiar i Bergen Live, diskuterte moglegheitene for sommarens arrangement med Bymag over Zoom.

– Kjipt at det sannsynlegvis ikkje blir noko av

– Det som er gøy med festivalar er å oppleve noko med kompisar, møte på kjentfolk som ein ikkje har sett på lenge, og å sjå flinke artistar opptre, seier Willem Percyval Westli, som studerer medie- og interaksjonsdesign ved Universitetet i Bergen.

Studentane har blitt hardt ramma av koronapandemien dei siste knappe 13 månadane med blant anna mykje digital undervisning, og det kan sjå ut som festivalane ryk også denne sommaren.

– Ein gler seg alltid til at det skal skje ting på sommaren, at ein skal gjere ting med venar og at ein skal kunne ha det gøy i litt varmare ver. Festivalsommaren er noko ein ser fram til når ein er ferdig med studiesemesteret, så det er kjipt at det sannsynlegvis ikkje blir noko av i sommar, seier Westli.

På grunn av den pågåande situasjonen har han venta med å kjøpe billett til konsertar eller festivalar i sommar, men om det grøne lyset for festivalsommaren kjem, har han planen klar.

– Då skal eg prøve å kjøpe billett til Post Malone-konserten her i Bergen. Eg har vore på konsert med han tidlegare, og synst det var særs bra. Han kan verkeleg å lage show, seier studenten.


Willem Percyval Westli, som studerer i Bergen, fortel at han ikkje har kjøpt billettar til arrangement i sommar på grunn av koronapandemien.

Treng 6-8 veker med førebuing

For at Bergen Live skal kunne arrangere både Bergenfest og Post Malone-konserten, må dei ha beskjed i god tid før arrangementa – og siste frist nærmar seg.

– Til Post Malone-konserten treng vi i alle fall 6-8 veker på oss for å kunne gjere alt som er nødvendig. Det skal trass alt bestillast ein del utstyr og diverse som ein ikkje har på lager i Bergen. Vi er førebudde på å gjennomføre arrangementet dersom vi får moglegheita, men på eit eller anna tidspunkt må vi setje foten ned. Eg trur nok at veldig mange avgjersler må bli tatt seinast i byrjinga av mai månad, fortel Nes.

Bergen Live sin daglege leiar fortel at dei tok ein risiko då dei la ut billettane til konserten med den amerikanske rapparen.

– Når vi la ut billettane før jul, var det positivtet og optimisme blant helsemyndigheitene som tilsa at vi kunne sjå fram mot ein normal sommar, men vi visste at det var ein god sjanse for at konsertar og festivalar ikkje kom til å bli gjennomført. Det var likevel ikkje aktuelt å sitje stille og ikkje gjere noko, for det handlar om å planlegge for ei framtid med arrangement og aktivitet, slår han fast.

Nes ser heller ikkje vekk frå at det kan bli aktuelt å ombooke konserten med Post Malone dersom 30. juni blir for tidleg.

– Alt er mogleg. Det kan absolutt skje at vi får til konserten ved eit anna høve, så får vi sjå. Vi har i alle fall ein god dialog med artisten sine representantar, så vi håper å få ei moglegheit når den byr seg.

– Vi har sjølvsagt alternative planar

Westli har ei klar formeining om korleis han håper konsertane og festivalane kjem til å sjå ut i sommar, dersom dei blir arrangerte.

– Om det blir og eg får kjøpt billett, vil eg at det skal vere ope. Eg vil ikkje at det skal vere avgrensa på noko som helst vis, som at ein for eksempel berre kan vere nære fem personar. Det blir ikkje det same. Då mistar ein essensen av kva ein konsert eller festival skal vere, seier han.

Nes fortel at dei jobbar med alternative planar for dei ulike arrangementa deira, men kan på noverande tidspunkt ikkje uttale seg for mykje om kva det kan bety for konsertopplevinga.

– Vi har sjølvsagt alternative planar, men det er ikkje noko vi kan snakke om akkurat no. Vi veit rett og slett ikkje. Vi må ta ein ting og ein dag om gongen. Det er rett og slett slik kvardagen har blitt, seier han.

Han har likevel eit klart håp for sommarens arrangement.

– Eg håper at vi klarer å samle folk til arrangement på ein trygg måte i sommar, konkluderer Frank Nes, dagleg leiar i Bergen Live.