Desse Brann-spelarane bør du ha på Eliteserien Fantasy

Publisert:18. april 2021Oppdatert:19. april 2021, 14:22
Slik kan ein for eksempel setje opp spelarstallen sin inn mot første serierunde i Eliteserien Fantasy. Foto: Skjermdump

Det er under ein månad til Eliteserien sparkast i gang, og tradisjon tru dei siste fire åra, er det duka for nok ein sesong med Eliteserien Fantasy. Ekspertane skildrar Brann som eit usikkert blad inn mot komande sesong.

– Eg trur Brann kan overraske positivt i år, men eg er veldig usikker på dei no i forkant av sesongen, seier Andreas Hopen, som er den eine halvdelen av fantasy-podkasten FantasyFans som gir lyttarane sine innsikt og tips om kva dei bør gjere i Eliteserien Fantasy.

Eliteserien Fantasy er eit managerspel som går ut på å velje eit lag på 15 spelarar i Eliteserien for 100 virtuelle millionar kroner. Poenga blir tildelt avhengig av korleis spelarane gjer det i ligaen. Mål, målgivande pasningar og «å halde nullen» er nokre av prestasjonane som gjer at spelarar sankar poeng.

2021-utgåva av Eliteserien Fantasy vart lansert for litt over ei veke sidan, og i skrivande stund har heile 11 203 personar allereie sett opp eit lag. Fantasy-ekspert Hopen ser på Brann som eit vanskeleg lag å vurdere inn mot den komande sesongen, men påpeiker at seriestarten ikkje talar for å ha Brann-spelarar på laget.

– Brann har eit veldig tøft kampprogram i starten av sesongen med topplag som Vålerenga, Molde og Bodø/Glimt i tre av dei fire første kampane, så ein skal ikkje laste på med Brann-spelarar frå start av. Då hadde eg vore redd under kampane, slår han fast.


Bymagasinet diskuterte interessante fantasy-alternativ i Brann via Zoom med Andreas Hopen frå FantasyFans-podkasten. Foto: Skjermdump

– Eg fryktar at Brann kan bli eit botnlag

Anders Pamer, som skriv Brann-kommentarar for Bergens Tidende og snakkar om Brann i podkasten Ballspark, ser per dags dato på Brann som eit ganske uinteressant lag å velje spelarar frå.

– Brann er nok ikkje det mest spennande fantasy-laget den komande sesongen, seier han.

– Trur du Brann kan gjere ein god sesong, trass i at dei kanskje ikkje er det mest interessante laget i fantasy-perspektiv?

– Nei, eg trur det motsette. Det er sjølvsagt mykje usikkerheit på grunn av den lange perioden utan treningskampar og ein utsett seriestart, men slik som det ser ut no, fryktar eg at Brann kan bli eit botnlag. Dei har klart å trene godt og unngått alvorlege skader, men dei har ein ganske tynn og ung stall, seier Pamer.

Bymagasinet prata med Pamer i forkant av sesongens første treningskamp, som enda med eit stygt 4-1-tap borte mot Sogndal, som spelar i OBOS-ligaen, divisjonen under Eliteserien.

Fleire spennande alternativ i forsvaret

Trass i at både Hopen og Pamer har sine reservasjonar ovanfor Brann den komande sesongen, ser dei framleis fleire interessante spelarar som kan bli verdifulle å hente på Eliteserien Fantasy i løpet av året. Begge er einige i at backane, Ole Didrik Blomberg (5.0) og David Wolfe (5.0) som begge kostar fem virtuelle millionar kroner, er blant Branns mest spennande fantasy-alternativ.

– Eg trur at backane kan vere spennande val! Eg er skeptisk til dette laget når det kjem til «å halde nullen», men eg trur målpoeng frå backane kan vere mogleg. Dei kjem til å kome høgt i bana, begge kjem til å få mykje speletid og er ganske billige, forklarar Pamer.

Blant dei som er oppførte som forsvarsspelarar, må også Jon-Helge Tveita (5.0) nemnast som eit interessant val, mykje på grunn av usikkerheita rundt kven som skal spele på høgrekanten til Brann. Om Tveita, som står som forsvarsspelar i spelet, får spele på høgrekanten, betyr det at han er ein «out of position»-spelar, ofte forkorta «OOP». Då kan han få med seg poeng for «å halde nullen», samtidig som han har større sjansar for å få sanke målpoeng, ettersom han spelar høgare i bana.

– Å ha ein spelar som spelar «out of position» er noko av det deiligaste som kan skje i fantasy! Om Tveita klarer å spele seg inn på høgrekanten, må han vurderast, seier Hopen.

– Han har gjort det klart at han ikkje vil spele på backen, og kven som skal spele i høgrekantposisjonen er ikkje skrive i stein. Med Tveita oppført som forsvarsspelar, kan det gi betalt, slår Pamer fast.

Keeper Håkon Opdal (5.0) nemnast også av Hopen som ein spelar å vurdere å få inn på laget, mykje på grunn av ein ganske gunstig pris.

Kva så med dei offensive alternativa?

Midtbanespelarane til Brann er ganske likt prissett, men det er ingen av dei som peikar seg ut som eit klart førsteval. Hopen og Pamer har likevel nokre spelarar ein bør halde eit auge med og potensielt vurdere i løpet av sesongen.

– Petter Strand (7.0) har ein ambisjon om å bidra med målpoeng og var veldig god som indreløpar under Kåre (Ingebrigtsen) i fjor, så han kan vere ein «outsider», seier Pamer.

– Robert Taylor (7.5) er den som eg tenkjer har mest mål og målgivande pasningar i seg, men så skal han jo vekk til EM i juni med Finland. Då må ein vurdere om ein skal ha han nokre kampar før ein må bytte han ut igjen ganske kjapt, seier Hopen.

Mathias Rasmussen (6.0) er ein av spelarane som kjempar om å gjere høgrekanten til sin, og blir skildra av begge som interessant dersom han klarer å spele seg inn og etablere seg i førsteellevaren.

Filip Delaveris (7.5) er, i lag med Robert Taylor, den med høgast pris blant Brann sine midtbanespelarar, men både Pamer og Hopen rår fantasy-spelarar til å vente med å ta han inn på laget.

– Det blir spennande å sjå kva type Filip Delaveris er! Han har vore vekke frå norsk fotball eit par år, og han er ikkje den eg med ein gong tenkjer at det luktar mykje mål av. Ein må vente og sjå han levere før ein skal vurdere å setje han inn på laget, fastslår Hopen.

Blant spissane har Brann berre oppført to spelarar; Daouda Bamba (9.0) og Aune Heggebø (6.0).

– Trur du at Bamba, som er den dyraste Brann-spelaren på heile spelet, kan kome til å levere denne sesongen?

– Nei. Eg trur ikkje han kjem til å levere i forhold til prisen han har fått. Han er jo ein type spelar som kan score to mål i ein kamp, men han har gjort det klart at han ikkje kjem til å halde fram i klubben etter sesongen. Eg ser på Aune Heggebø, som har hatt ein spennande vinter, som ein interessant spiss til ein billig penge, seier Pamer.

Heggebø scora Brann sitt einaste mål i 4-1-tapet for Sogndal laurdag ettermiddag.

– Dersom Bamba ikkje leverer varene, kan Heggebø vere eit interessant alternativ, seier Hopen.

– Eg vil ikkje anbefale å hente han

Det er også nokre Brann-spelarar ein bør unngå å ha på fantasy, ifølgje fantasy-eksperten.

– Den første eg tenkjer at ein aldri må ha inn på laget, er Daniel Pedersen (5.0). Det luktar fleire gule kort enn målpoeng på han, så der ville i alle fall eg heldt meg unna. Eg synst heller ikkje at midtstopparane Vegard Forren (5.0) og Ole Martin Kolskogen (5.0) er gode alternativ. Dei har få målpoeng i seg, og eg ville heller gått for backane blant forsvarsspelarane, forklarar Hopen.

Midtbanespelar Kristoffer Barmen (5.5) har blitt rykta som den føretrekte straffetakaren, men per no ser BT-kommentator Anders Pamer på det som usannsynleg at han er i startellevaren.

– Slik som det ser ut no, er han ikkje inne i førsteellevaren. Då vil eg ikkje anbefale å hente han inn på fantasy-laget, seier han.

På grunn av smittesituasjonen diverse stadar i Noreg, har seriestarten blitt utsett for nokre klubbar. Planen var at alle skulle spele i første serierunde helga 7. – 10. mai, men Haugesund, Stabæk, Lillestrøm, Sarpsborg 08, Mjøndalen og Strømsgodset har fått utsett seriestarten sin til helga etterpå.

– Det kjem til å gjere at det kan skilje veldig mykje allereie i første serierunde. Ein kan då velje å gå for eit lag der ein ikkje tek med spelarar frå laga som har fått utsett seriestart, eller så kan ein tenkje meir langsiktig og strukturere laget med fleire spelarar frå desse laga. Eg satt og såg litt på det i går kveld sjølv, og eg gjekk frå å ha satt eit lag eg var ganske sikker på til å kaste vekk ti spelarar. Det kjem til å bli ein tøff og vanskeleg prosess å velje strategi, seier Hopen.

Fantasy-eksperten har eitt tips til dei som spelar Eliteserien Fantasy for første gong komande sesong.

– Det er viktig å hoppe på spelarar i form tidleg. Eg vil tipse folk til å hoppe tidleg på den type spelarar som plutseleg hamnar inn i ei god rekke. Om ein plutseleg klarer å treffe på slike spelarar, kan ein få ein kjempegevinst, konkluderer Andreas Hopen.