Åsane Arena nærmar seg opning: – Det blir eit eventyr!

Publisert:14. april 2021Oppdatert:14. april 2021, 14:58
Gorm Natlandsmyr, dagleg leiar i Åsane Fotball, framfor hovudtribunen til det nye fotballstadionet på Åsane Arena. Foto: Erik K. Heimdal

Åsane Arena, eit enormt idrettsanlegg, er i ferd med å bli ferdigstilt i Åsane. Dei involverte gler seg stort til å ta i bruk og oppleve fordelane det nye anlegget vil gi.

– Dette er ein av grunnane til at eg valde å byrje i Åsane. Det er svært få idrettslag som får moglegheita til å få sitt eige skreddarsydde anlegg, seier dagleg leiar i Åsane Fotball, Gorm Natlandsmyr.

Arbeidet med å få på plass eit nytt anlegg har heldt på i over ti år, men i mai 2018 vedtok bystyret i Bergen reguleringsplanen for anlegget. I november same år, starta arbeidet med Arena Nord, som anlegget heitte før det vart offisielt døypt om til Åsane Arena i august 2020.

Åsane Arena er eit anlegg på heile 32 000 kvadratmeter. Arenaen har eit fotballstadion med kapasitet på 3700 tilskodarar, tre handballbaner, ein turnhall, ein klatrehall, ein ishall, ein curlinghall og ein sandhall som kan nyttast til forskjellige idrettar. Fleire av hallane er ferdigstilte, medan fotballstadionet etter planen skal bli ferdig til 31. mai.

Og det beste av alt for Åsane Fotball og idrettslaget elles; dei betaler ikkje rekninga. Trond Mohn, som likar å gi midlar til prosjekt i idretten, har sagt ja til å betale rekninga for heile Åsane Arena.

– Vi er ekstremt takksame og audmjuke for det. Det gjer at vi kan bruke midlane vi skaper på eigenhand til å skape aktivitet for både born og unge, breidda og dei som ønskjer å bli skikkeleg gode. Det er ein slik klubb vi er. Topp og breidde skal gå hand i hand, seier Natlandsmyr.  

– Eg trur det vil hjelpe på rekrutteringa

Store byggeprosjekt er ofte i faresona for å bli utsett, og Åsane Arena har ikkje klart å kome seg heilt unna nokre utsetjingar det siste året.

– Grunnen til at det har stoppa litt opp på slutten, er hovudsakleg på grunn av pandemien. Det å få tak i arbeidskraft, materiale og utstyr har blitt vanskelegare. Det har ført til nokre utsetjingar det siste året, men elles har det stort sett gått greitt, seier Roald Bruun-Hanssen, dagleg leiar i Åsane Arena AS.

Bruun-Hanssen reknar med at ein i eit pandemifritt samfunn vil ha 2000 aktive personar på anlegget kvar einaste dag. Han trur det nye anlegget vil gi eit løft på fleire område for idrettslaget.

– Eg trur det vil hjelpe på rekrutteringa. Tidlegare var det berre fotballaktivitet her, men no er det ei stor mengde andre idrettar som er på plass, noko som gjer tilbodet så mykje meir variert. Det gjer at vi i større grad kan fange opp ein del av dei som ikkje har følt seg heilt heime enten innan fotball eller handball, seier han og held fram:

– Eg ser også for meg at dei mest ambisiøse får forholda så godt lagt til rette for seg at det er gode moglegheiter for å utvikle seg vidare. Eg ser altså for meg ei positiv utvikling både for breiddeidretten og toppidretten, forklarar Bruun-Hanssen.

– Det blir eit eventyr!

Natlandsmyr gler seg til å endeleg kunne flytte frå Myrdal stadion til Åsane Arena som ligg like ved sidan av kvarandre.

– Det blir eit eventyr! Spelarane vil oppleve at fasilitetane deira er vesentleg betre, men dei skal berre spele fotball ute på ei kunstgrasmatte. Eg trur det er publikum som vil merke den største endringa. På Myrdal føregår alt utandørs. Regnar det, så blir ein våt. Her (Åsane Arena) sit ein tørt og har gode fasilitetar i pausen, seier dagleg leiar i Åsane Fotball.


Åsane har i ei årrekke spelt fotballen sin på Myrdal Stadion. Om ein og ein halv månad kan dei ha spelt sin siste kamp på stadionet. Foto: Erik K. Heimdal

Han trur det nye anlegget vil gi nye moglegheiter for å samarbeide med mindre klubbar i området rundt.

– Vi må prøve å få det til å bli eit anlegg for meir enn berre oss. Vi kjem til å vere veldig bevisste på å for eksempel invitere naboklubbar på kampar. Vi i Åsane Fotball ønskjer å vere sjølve fotball-lokomotivet i bydelen. Vi må prøve å få dei andre klubbane til å kjenne at det vi held på med er noko dei også kan få glede av. Vi må gjere dette til noko alle kan bli stolte av, slår Natlandsmyr fast.

Åsane Fotball sitt a-lag spelar fotballen sin på Noregs nest-øvste nivå i OBOS-ligaen. I fjor hamna dei på ein sterk 5. plass og spelte kvalifisering om å kome til Eliteserien. Der vart det tap for Ranheim i kamp nummer to. Natlandsmyr har eit klart mål for laget i komande sesong.

– Målet er å stabilisere seg i den ligaen vi er i no. Vi har vore der frå 2015 til no, utanom 2019 då vi var ein tur nede i PostNord-ligaen (nivå tre i Noreg). Vi har vore med i nedrykkskampen i alle sesongane i OBOS-ligaen forutan førre sesong. Det vil vere godt nok for min del med ein ny sesong der vi viser at vi er i ferd med å bli stabile i ligaen. Vi skal vere ein del av norsk toppfotball over tid, forklarar han.

Seriestarten i OBOS-ligaen har blitt utsett frå 6. april til 15. mai, og  Åsane skal etter planen ta imot Fredrikstad på heimebane. Det blir litt i tidlegaste laget for tidenes første kamp på Åsane Arena, noko som betyr at kampen går på Myrdal stadion.

– Eg gler meg kjempemykje!

Bruun-Hanssen ser fram til å få ferdigstilt heile Åsane Arena.

– Eg gler meg kjempemykje! Vi har hatt det kjempegøy hittil, og har byrja å ta i bruk delar av anlegget allereie. Når alt blir ferdig, kjem det til å bli veldig moro, slår han, som er dagleg leiar i Åsane Arena AS, fast.

Natlandsmyr ser også fram til at Åsane Arena er klar til bruk. Han har ein klar visjon for kva han vil oppleve på det nye anlegget.

– Når nokon spør meg om kva eg draumar om å få til som dagleg leiar i Åsane Fotball, har eg sagt at det å sitje på tribunen og sjå utover eit fullsatt Åsane Arena der vi sigrar i ein viktig kamp vil vere det ultimate målet. Det treng ikkje å vere ein opprykkskamp eller at vi kjem oss til cupfinalen, men eg vil sjå at vi klarer å trekke publikum til stadion og begeistre dei, konkluderer Gorm Natlandsmyr, dagleg leiar i Åsane Fotball.