Svekka idrettstilbod til utviklingshemma: - Mange kampar å ta det siste året

Publisert:24. mars 2021Oppdatert:26. mars 2021, 12:45
Trening med dåverande langrennsløpar Astrid Uhrenholdt Jacobsen i forkant av Special Olympics 2015. Diverre har idrettstilbodet for utviklingshemma vore dårleg under koronapandemien. Foto: Norges Idrettsforbund

Dei svakaste gruppene i samfunnet har blitt hardt råka som fylgje av koronapandemien. Ei av dei viktigaste arenaene for sosial og fysisk meistring, idretten, har for mange utviklingshemma forsvunne i lange periodar.

– Alle treng å halde seg i fysisk form, men også ein stad å høyre til.

Det seier den nyleg valte forbundsleiaren i Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU), Tom Tvedt. Den tidlegare idrettspresidenten har lenge hatt eit brennande engasjement for universell utforming og tilretteleggjing for menneske med nedsett funksjonsevne. Han meiner pandemien har gått særleg utover utviklingshemma, meir enn for andre i samfunnet: 

–  Denne gruppa har definitivt kome utruleg skeivt ut, både heime i huset sitt, på jobben sin og ikkje minst i idrett- og aktivitetslivet sitt. Nedstenginga gjorde at dei blei endå meir isolert.


NFU-leiar Tom Tvedt, her som idrettspresident under Special Olympics i Los Angeles i 2015. Foto: NIF

Tvedt legg ikkje skjul på at utviklingshemma låg langt bak også før pandemien starta. Noko av problemet er at ein ikkje har tilbod nok. Han opplysar om at 30% av personar med funksjonsnedsetjing deltek i liten grad i sosiale aktivitetar, noko som er dobbelt så mange som befolkninga forøvrig.

På den andre sida ynskjer 40% av personar med funksjonsnedsetjing å delta i sosiale aktivitetar og idrett, medan tilsvarande tal for befolkninga elles er 9%.

– At kommunane har mykje å gå på for å oppmuntre idrettslaga, turistforeininga og frivillig sektor for å lage tilbod til denne gruppa, meiner eg er underkommunisert og dårleg fokus på, seier Tvedt.

Varierande alder i treningsgrupper

Norges Idrettsforbund (NIF) har ein eigen seksjon for idrett for menneske med nedsett funksjonsevne, som går under namnet paraidrett. Denne seksonen har fire målgrupper: rørslehemma, høyrselshemma, synshemma og utviklingshemma.

Mette M. Berg er rådgjevar for paraidrett i NIF, og opplyser om at det finst relevant forsking frå NTNU som er på frigjevingsstadiet i desse dagar. Den skal publiserast i mars, og NIF har på førehand fått nokre tal.

Den seier at rørslehemma har blitt mykje mindre aktive og fått dårlegare helse sidan pandemien starta. I undersøkinga har 3 av 4 forklart redusert aktivitet med manglande aktivitetstilbod.


Rådgjevar for paraidrett i Norges Idrettsforbund, Mette M. Berg. Foto: NIF

Når det kjem til utviklingshemma, finst det ikkje noko tal. Berg anslår likevel at dei er råka hardt. Spesielt med tanke på aldersspenn i treningsgrupper, der deltakarane er både under og over 20 år.

– Du har til vanleg ei treningsgruppe med utviklingshemma som har større aldersspreiing enn normalt. Sjølv om aldersgrensene seier 20 år i norsk idrett, så er det ei treningsgruppe.

– Det har både med kronologisk og mental alder. Mange av dei utviklingshemma kan ikkje forstå kvifor dei ikkje skal få vere med på trening når andre får lov, seier Berg

Berg peiker også på kor viktig idrett/trening er for denne gruppa, og at fysisk aktivitet er ei kjelde for sosial kontakt med andre.

– Det blir veldig lett eit stillesitjande liv, og det vil krevja meir for nære pårørande å halde aktiviteten i gang når idretten er borte. Det er veldig ofte det einaste sosiale tiltaket dei har i tillegg til bufellesskap og eventuelt jobb, om den er i funksjon.

Lokal turngruppe har haldt stand

Sotra Sportklubb har ulike tilbod retta mot uviklingshemma. Eit av dei er turn og leik for unge med ulike funksjonsnedsetjingar. Instruktør Kjersti Andersen seier at dei har måtte tilpassa seg når Sotra Turnhall vart stengt ein lengre periode. 

– Då laga eg treningsvideoar så borna kunne øve heime. Me gjekk også på turar saman slik at me kunne treffast innimellom, seier ho. 

Då den opna igjen har tilbodet vore bra. Dei har trena to gongar i veka, i tillegg til at dei har kunne trene helger utan at andre utøvarar er til stades. 

– Eg merka at det var som å byrje på nytt når dei hadde vore så lenge vekke. Ikkje alle foreldre fekk til å trene med borna. 

Andersen valde sjølv å stoppe treninga ein periode då smittetalet var høgt, då nokre av borna er i risikogruppa. Ho føler ikkje at dei har blitt nedprioritert under koronapandemien. 

– Dei har vel heller vore opptatt av at me skal få moglegheit til å trene på lik linje med andre.

– Oppsummert så har det gått veldig fint, avsluttar ho. 


Turn er fin aktivitet for alle, då ein kan trena opp motorikk og basisferdigheiter. Foto: NIF

Mange kampar å ta

– Me har fått veldig få henvendelsar frå medlemmane våre om opphør av organiserte treningstilbod under pandemien, skriv juridisk rådgivar i NFU, Ingvild Østerby, i ein epost til Bymag.

Ho trur ikkje det skuldast at treningstilboda har vore oppredthaldne, men at folk anten har akseptert nedstenginga eller at dei ikkje har orka å ta endå ein kamp.

– Det har vore mange kampar å ta det siste året, med tanke på nedstenginga av tenester.

Østerby viser til at dei har fått nokon forespurnadar om at personar med vedtak om trening i basseng eller med fysioterapi, ikkje har fått desse tenestene.

NFU har også fått ein del som gjeld at kommunar har lagt ned eller laga strenge avgrensingar på støttekontakttenesta, utan at det er heimel for det.

– Støttekontakt er for mange eit viktig bidrag til fysisk aktivitet, anten som fylgje til treningssenter eller som turfølge, skriv Østerby.

Nedstenging av organiserte treningstilbod og støttekontakt har føra til at mange menneske menneske med utviklingshemming får lite fysisk aktivitet. Kommunane visar til at dei som ytar tenester i heimen, skal sikre aktivitet. Dette lar seg alikevel ikkje gjennomføre i praksis, ifølge Østerby. 

– Personar som liker fysisk aktivitet får ikkje den hjelpa vedkommande har behov for, blir vist til aktivitetar innandørs, og blir inaktive.

Spent på gjenopning av samfunnet

NFU-leiar Tvedt hadde sitt fyrste møte med likestillings- og kulturminister Abid Raja denne veka, berre 6 dagar etter at han blei vald. Hovudfokuset til Tvedt var tydeleg i møte med statsråden:

– Me må gjera eit krafttak no for å laga moglegheiter for denne gruppa til å delta. Fysisk aktivitet gjer betre folkehelse, både fysisk og psykisk. 

Når det kjem til ei eventuell gjenopning av samfunnet, er Tvedt si utfordring til samfunnet at ein må passe på at denne gruppa ikkje kjem sist - igjen.


14. juni 2017: Statsministeren besøkte DNT for utviklingshemma på Sæteren gård i Bærum. Slike arrangement har diverre vore vanskeleg det siste året. Foto: Statsministerens kontor

– Eg har tatt det opp med statsråden og sagt at når ein opnar opp, så må dei inn i frivillig sektor og tenkje på at dei utviklingshemma og fysisk funksjonshemma kjem i gang raskast mogleg.

– Det gjeld idrett og det gjeld turistforeininga. Det gjeld alt av fysisk aktivitet, seier han.

Mette Berg i NIF peiker på at det er krevjande med omstillingsprosessar for dei som er utviklinghemma. Ho meiner det blir spanande å sjå om alle kjem seg i gang att. 

– Om ein no har vore ute eit år, kvifor skal ein byrja trena igjen? 

– Det blir veldig krevjande å starta opp att og det vil krevje ein del samarbeid. Det blir den store syretesten, avsluttar ho.