Trass i at Johannes Høsflot Klæbo vart diska frå gullet på siste dag av verdsmeisterskapen i nordiske greiner i Oberstdorf søndag, gjekk både det nemnte gullet og bronsen til to av hans eigne landsmenn. Samtidig betydde det medalje nummer 30 og 31 for skigiganten Noreg, og runda av tidenes skiverdsmeisterskap sett med norske auge. Medaljerekorden sett i Seefeld to år tidlegare vart effektivt tilsidesett, sjølv om rekorden på 13 gullmedaljar «berre» vart tangert.
I kjølvatnet av meisterskapet har problematikken rundt Noregs enorme dominans igjen vorte sett i søkelyset. Er det øydeleggjande for skisporten at Noreg alltid er best?
Har ikkje alltid vore like suverene
I Oberstdorf var Noreg den einaste nasjonen ein kan kalle ein medaljegrossist. Vi var faktisk så dominante at resten av landa ikkje klarte å vinne like mykje til saman ein gong. Nærast på medaljestatistikken kom Austerrike og Sverige med 7 medaljar kvar. I Seefeld leda Noreg an med 25 medaljar, medan Tyskland og Austerrike stoppa på 9 medaljar. Ein må faktisk heilt tilbake til VM i Trondheim i 1997 for siste gong Noreg ikkje toppa denne statistikken. Men har Noreg alltid vore eit par hestehovud framfor resten?
– Noreg er jo eit av dei landa som verkeleg har satsa og satsar på skisport i nordiske greiner, og det har gjeve resultat. Men det har jo gått litt opp og ned, som det gjer i idrett. Ein har jo også hatt periodar der Noreg har gjort det dårleg. seier idrettshistorikar Matti Goksøyr. Han peiker på at Noreg under Calgary-OL i 1988 ikkje tok eit einaste gull.
Russisk astma-skepsis
Det er i langrennssporten at skilnadane er desidert størst, og der problemet i størst grad ligg. I Oberstdorf tok langrennslandslaget 9 av 12 gull, og på herresida vart det trippel norsk på både sprint og 15 km fristil. Ein overlegenheit ein knapt har vore vitne til, og som har skapa reaksjonar. Tidenes vinterolympiar og tidlegare langrennsløpar Marit Bjørgen at ho var bekymra for langrennsporten. Ho fekk støtte av Therese Johaug, som tok tre individuelle gull i VM. Jan Petter Saltvedt i NRK skreiv i ein på måndag at det beste grepet mot Norges totale dominans i langrennssporet vil vera å kutte konkurranse i klassisk stil.
Frå Noregs kanskje argeste rival, Russland, kjem det undring over den norske suvereniteten. I et intervju med , hevder den russiske langrennspresidenten Jelena Välbe at “det er andre krefter som hjelper dei norske”. Ho har tidligare vore skeptisk til at nokon av dei norske idrettsutøvarane bruker astmamedisin, og er overbevist om at konkurrentar brukar dopingklassifiserte medisinar ved hjelp av legemiddelutdeling. Eit smutthol som ho meiner FIS ikkje er interessert i å takle. Ho kjem også med eit stikk mot Therese Johaug, som har verka uslåeleg etter at ho sona ferdig dopindommen i 2019:
– Alle forstår at ei kvinne ikkje kan vinne nesten alle distanserenn dei siste tre årene, og å vinne med tre minutt til andre. Ja, du må vere einig i at det vekker nokon tankar, seier Välbe til Ria Novosti.
Ulik ressursfordeling
Tidlegare skipresident og visepresident i Det Internasjonale Skiforbundet (FIS), Sverre K. Seeberg, trur hovudutfordringa ligg i fordeling av ressursar. Mange nasjonar set inn ressursane sine i greiner og idrettar der dei trur dei har moglegheit til å få gode resultat. Sidan dei fleste landa har tyngda av sine inntekter gjennom sine olympiske komitear, vil dei ha ekstra gode ressursar i år der dei olympiske leikar (OL) vert arrangert.
– Om ein ser at 6 av 10 i langrennsteten er nordmenn, så er det mogleg at ein nasjon heller vil satse pengane på andre skidisiplinar der medaljar er meir jamt fordelt, og kor det er større sannsyn for å lukkast. Eit eksempel på dette er skiskyting, seier Seeberg.
Det er noko Goksøyr held med han i. Samtidig meiner han at det faktum at skisporten endå er så populær i Noreg gjer ein fordel. Det har gjeve gode sponsorforhold, og gjort at det er midlar til å byggje eit skikkeleg apparat rundt ski-Noreg.
– Når vi ser på toppnivå og antal gullmedaljar, har det vore med på å gjere at Noreg har eit større støtteapparat enn dei andre landa. Så på eit vis er det ulikt spel her, meiner Goksøyr.
Slit kommersielt når konkurransen er dårleg
Spørsmålet om Noreg er for god i langrenn, kan vere ei problemstilling som har samanheng med kommersialiseringa av idretten. Dei kommersielle interessene, dei som viser og reklamerer for sporten, er naturlegvis interessert i å ha mest mogleg spenning. For å få det bør det vere opne konkurransar, der fleire kjempar om å vinne.
– Sett frå det kommersielle og mediebedriftene sine sider, så er det eit problem om resultatlistene er ute på «førehand», legg Goksøyr til.
Seeberg viser til land som Polen og Tyskland, der dei ikkje viser sport kor dei sjølv ikkje kan hevde seg. Då Justyna Kowalczyk var ei av dei største stjernene i langrennssporet, var interessa i Polen høg. Resultatet av at ho no har lagt opp og ingen andre har teke over, er at 30 millionar menneske ikkje ser på sporten lenger.
– Tyskarane var heilt like då dei dominerte i hopp. Då var rettigheitene til skiflyging om lag like mykje verd som heile VM i nordiske greiner til saman. Med ein gong dei ikkje var like gode, fell prisane på det momentant, seier han.
Seeberg legg til at det er slik marknaden fungerar på godt og vondt. Det er bra så lenge dei er med og får konsekvensar så ein nasjon forsvinn heilt ut av det. Difor gagnar det verken den økonomiske eller kulturelle interessa om konkurransen er dårleg.
Positiv FIS-direktør
Jürg Capol er marknadsdirektør i Det internasjonale skiforbundet, og har tidlegare uttrykka bekymring for utviklinga og breidda i langrennssporten. I ein epost til Bymag bekreftar han at interessa i andre nasjonar vert avgrensa når ein eller to nasjonar dominerer fullstendig.
– Topp-plasseringar frå fleire nasjonar bidrar til å skape meir interesse i forskjellige land, skriv Capol.
Eit anna problem FIS-direktøren peiker på, er forskjellane i budsjetta for støtteapparat og smøre-team. Han meiner det trengs fleire smurning- og skiavgrensingar, for å jamne ut ulikskapar. På spørsmål om den økonomiske interessa for sporten har gått ned dei siste åra, svarar han at tala er dei same, men at heile modellen treng ein evaluering. Viss ein ikkje gjer det kan det gå gale og begrensa interesse vil gjere at marknadsverdien forminskast. Men Capol kjem også med positive nyheiter:
– Langrenn har likevel ei høg påverknad på fritidsaktivitet og for alle som likar å gå på ski. Sal og profilar på båe sider er høge og positive. Langrenn er ein blomstrande sport for tida!
– Kan ikkje be nokon gå saktare
Heilt til slutt kan ein spørje seg om Noreg faktisk er for god, og om det er eit problem for sporten som heilheit. Goksøyr spør seg om det er Noregs problem. Det er vanskeleg å be oss bli dårlegare i sporten, eller at ein skal trene mindre. Til slutt viser han til at klimaendringane også kan ha noko å sei:
– Sesongen blir kortare og kortare, til og med i Noreg. Og det betyr jo at den blir endå kortare i utlandet. Då blir det for spesielt interesserte. Det blir ei kjempeutfordring.
– Det er inga kjapp løysing på det. Og løysinga er jo ikkje å be nokon gå saktare. Men det er å vere raus, open og dele informasjon. Og så ville det vere å håpe at ressursane var litt betre fordelt. Det siste er det som bekymrar meg mest, og det trur eg liksom i sin tid i neste augeblikk heng saman med sannsynet for å lukkast. Ressursar til langrenn kontra til andre idrettar, avsluttar Seeberg.