Lungene til Sverre (21) fekk ait avbrekk frå smogen – forventa korpsmusikk

Publisert:2. mars 2021Oppdatert:2. mars 2021, 12:40
TOK BUSS: Sverre Jervell (21) tok buss for å koma seg unna den giftige bylufta.

Studenten Sverre mista kontroll over kjenslene då han fekk koma heim.

– Eg blei overvelda då eg kunne pusta inn fjordlufta. Eg hadde nesten gløymt korleis det var, seier studenten Sverre Jervell.

Denne helga fekk han endeleg koma heim, etter å ha brukt mange timar i leilegheita si i eit av dei mest trafikkerte områda i Bergen.

– Kjenslene tok overhand, seier Jervell.

Forventa korps

Jervell legg ikkje skjul på at han var spent på korleis heimkomsten kom til å vera.

– Eg lurte på om familien min kom til å stå der med velkomstplakatar og korps. Det gjorde dei diverre ikkje, seier studenten.

Jervell har sjølv lang erfaring med å få vitjingar av korps i tunet heime. 

Kvar 17. mai pleier Øystese musikklag taktfast få ruta langs Gartveitvegen, og stoppa framfor utvalde hus. 

Aller best hugsar han nasjonaldagen det året han var russ. Då hadde han tre kameratar sovande i garasjen.

– Så kom mor til ein kompis og vekte dei med tubaen sin. Det var vel unt, seier Jervell.

Kjøpte billig brus

Studenten er likevel nøye med å presisera at det også finst gode ting ved å bu i Bergen.

– Førre veke kjøpte eg seks halvannanlitrar med Cola Zero til 89 kroner pluss pant. Det var eit godt tilbod, seier han.

Brusen kjøpte han på Kiwi Hamrehjørnet, som saman med Spar Karensfryd er hans favorittbutikk.

– No har eg drukke opp tre av dei, smiler Jervell lurt.

Simulerer fotball

Det at brusen allereie er halvvegs drukke opp, kan ha samanheng med Jervell sine hobbyar. Aller viktigast for han er det å spela Football Manager, også kjend som FM.

– Eg har spelt det utruleg mykje i det siste. 

– Men det er når eg er åleine, presiserer studenten.

Traileren til spelet kan du sjå her: