Forskar på om det er sunt å drikka pulver av torskehovud

Publisert:26. mars 2021Oppdatert:26. mars 2021, 15:23
ROSA: Caroline Christiansen var overraska over at pulveret var så godt som det var.

At det er sunt å ta tran og eta fisk har vore kjend lenge. No vil forskarar ved Universitetet i Bergen finna ut om peptidar frå fisk kan senka kolesterolet hjå menneske.

– Eg syns det er godt og vart positivt overraska over smaken. Det luktar litt vanilje, seier Caroline Christiansen.

Ho er med i eit forskningsprosjekt som skal finna ut om protein frå fisk er sunt for menneske. Kvar morgon blandar Christiansen 30 ml med eit glas vatn og drikk det. Ho veit ikkje om ho er ein av dei som drikk placebopulver eller pulveret som er laga av fisk.

– Det blir spennande å finna ut kva av dei eg har fått.

Pulveret er laga av slakteavfall frå fisk, som så har gått gjennom ein behandlingsprosess der proteinane er brote ned i mindre delar, såkalla peptidar.


SHAKER: Pulveret løyser seg lett opp i vatn – om ein ristar godt. Caroline Christiansen brukar ein proteinshaker.

Nysgjerrig på om det har ein effekt

Christiansen har to veker att av det tre månader lange prosjektet. Det blei teke prøvar av blodet, urinen og avføringa til alle deltakarane før studien byrja. Det skal også takast etterpå, og analyserast. Den gratis helsesjekken deltakarane får, var ein av grunnane til at Christiansen ville delta.

– Eg er oppteken av kosthald og helse, og det er artig å kunna bidra til forsking.

– Og så er eg jo nysgjerrig på om det faktisk har ein effekt, seier Christiansen.

– Har du merka noko?

– Nei, eg lever som før. Eg veit ikkje heilt kva eg skulle merka heller. Det er jo kolesterolet som senkast. Det trur eg ikkje er slik som ein merkar så mykje til.

Senka kolesterolet til mus og rotter

I blodet er det ikkje bra å ha for mykje av feittstoffa triglyseridar eller kolesterol. Medan ein veit at tran og omega-3-feittsyrer senkjer nivået av triglyseridar, er hypotesen til forskarane at protein-delane kan senkja kolesterol-nivået. Det har dei indikasjonar på frå tidlegare forsking på mellom anna mus og rotter. Det gav også ei betre fordeling av den gode typen kolesterol, såkalla HDL

– Det er utruleg kjekt å prøva å forstå dette. Det er interessant å sjå om dette stemmer i menneske, seier Rolf Kristian Berge, professor emeritus ved Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen.

Frå dyreforsøka har forskarane også indikasjonar på at peptidane gir mindre betennelse, så kalla inflammasjon, i kroppen. Berge trur ein av grunnane til at peptidane har vist positiv effekt er at dei får den delen av cellene som lagar energi og forbrenn næringsstoff, mitokondriane, til å fungera betre. Det vil gje høgare forbrenning og dermed meir energi.

– Samanhengen mellom den mitokondrielle funksjonen og livstilssjukdomar er beinhot, seier Berge.

Laga av slakteavfall

Peptidane blir laga ved at slakteavfall frå fisk går gjennom det som kallast hydrolyse. Avfallet blir kverna, varma opp og tilsett eit enzym. Det gjer at proteinet som er igjen i fisken blir delt opp i mindre bitar, som altså kallast peptid.

Finansieringa til prosjektet kjem mellom anna frå Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond. Dei betalar 9 av dei 10,6 millionane prosjektet er budsjettert til å kosta. 

– Tran og omega-3-feittsyrer går som varmt kveitebrød for fiskeindustrien. Klarar me å finna ut at det er gunstig å få i seg peptidar, kan me anbefala det til menneske, seier Berge.