– Det er mange som gjev faen

Publisert:15. mars 2021Oppdatert:26. mars 2021, 10:05
Britt Amalie Bergkvam (t.v) og Margrethe Wernøe nyt sola ved Lille Lungegårdsvannet. Dei håpar at folk kan bli flinkare til å kaste munnbind der dei høyrer heime - i bosset. Foto: Sverre Jervell

Munnbind har blitt eit miljøproblem. I Bergen reagerer folk på at ikkje alle tek avfallshandteringa på alvor. - Folk må skjerpe seg!

Det seier Terje Monsen (64) frå Bergen, som bruker både tøymunnbind og eingongsmunnbind. Sjølv kastar han sistnemnde i søppelet. Han synest lite om folk som ikkje klarar å kaste munnbindet der det skal. 

– Det er heilt forferdeleg, eg har sett det flyte alle vegar. Så, det må jo i bosset. Folk tenker seg ikkje om, seier han.

Monsen meiner det er blitt eit forsøplingsproblem i Bergen. 

– Kommunen går og plukkar det opp, og det er bra. Men altså, det er så mange som gjev faen. Dei tenker ikkje på det eingong, at alle kan bli sjuke av det.

Monsen er sjølv i risikogruppa, og oppsummerar at han meiner at folk i byen må forbetre seg.

– Du har sett det sjølv, seier han. 


Forverra problem

Koronapandemien har gjort at behovet for smittevernutstyr har auka kraftig. Eingongshanskar, munnbind og handesinfeksjon har blitt kvardagslege for norske husstandar. Men auka tilførsel av eingongsprodukt betyr meir avfall som fylgje.

Ein skal kaste eit medisinsk munnbind etter bruk, og  det er anbefalt bruk på  stadar der mange menneske omgås. Døme på dette er kollektiv transport og i matbutikkar.  Sidan dette er vanleg i omlag heile landet, fyllast søppelbøttene opp raskare enn nokon gong.

Munnbind har blitt eit vanleg syn utanfor også, då ikkje alle klarar å kaste det der det skal. 

Kine E. Martinussen i Hold Norge Rent seier at bekymringa rundt munnbind som eit forsøplingsproblem oppstod tidleg i pandemien, og at det ikkje har blitt noko betre. 

Hold Norge Rent er ei ideel foreining med hovudformål om å forebygge og rydde opp i forsøpling på land og i havet. Martinussen er fagansvarleg for marin forsøpling, og jobben hennar inneber blant anna å  arbeide med det faglege bak og utvikling av riktige regelverk for å bekjempe særleg marin forsøpling. Ho bekreftar at munnbind har blitt eit miljøproblem, og at det har blitt verre. 

– Det er slik at kvar gong det er eit eller anna eingongsprodukt som veldig mange menneske tar i bruk, så er det også ein risiko for at det hamnar på avvege. Og særleg då på dei plassane der folk har behov for å bli kvitt dei raskt. For munnbind er det ved utgangen av kollektivstasjoner, utanfor kjøpesentere eller utanfor butikken. 

– Munnbinda tar mykje volum i søppelkassene, så dei blir fulle raskere enn dei plar. Dei har det også med å falle ut av lommer og vesker. seier Martinussen. 


Kine Martinussen. Foto: Andreas Winter

Ho opplyser vidare at organisasjonen hennar har kome opp med nokre råd for å unngå forsøpling frå munnbind og annet avfall som oppstår på farten, såkalla munnbindvettreglar.

Ho trur det å lage nokre forholdsregler for munnbind er eit bra tiltak mot problemet rundt forsøpling. 

– Eg forstår det at når eit munnbind har falt på bakken, sjølv om det er sitt eige, at ein ikkje vil ta på det med eigne hender. Er det smittsamt? Folk er stort opptatt av å gjere det riktige, og no får vi beskjed om å minska smittefaren. Det er ikkje så lett å vite kva det riktige er no, avsluttar ho.

Fleire aktørar har ansvaret

Kommunikasjonsrådgjevar i BIR, Tina Skudal, seier at dei ikkje merkar om det er mykje munnbind i restavfallet dei henter heime hjå folk, då posane der ofte er knytt. Ho peikar på at det er til dømes Skyss, kjøpesenter og butikkar som sjølv har ansvar for søppelavhending på og rett ved sine verksemder. Offentlege søppelkasser rundt om i byen er det kommunen som har ansvar for å tømme. 

– Det som ligger på gaten og er til sjenanse er det andre aktørar som handterar, seier ho.

– Vi har bossnettnedkastar i sentrum, og dei som er for restavfall har ei lita luke som forbipasserande kan kaste strøbos i. Der passer også munnbind inn. Dette er ei lita hjelp for å halde byen rein og fin.

Ho synst at situasjonen har vorte betre, og at det var verre med forsøpling når det fyrst kom. Munnbind skal i restavfall, og alt restavfall blir brent. Energien frå det blir utnytta til å lage strøm og kjernevarme.

– Munnbindet må kastast i søppelet. Alt anna er slurv og uhygienisk med tanke på smittespreiing og slikt, seier Skudal.

- Dårleg gjort

Margrethe Wernøe (22) og Britt Amalie Bergkvam (21) frå høvesvis Hamar og Stavanger,  studerer begge i Bergen. Dei har lagt merke til at mange brukte munnbind ligg og sleng i bybildet. 

– Eg har sett ganske mykje forsøpling av munnbind, men eg har ikkje sett nokon fysisk gjere det, seier Bergkvam.

– Eg har heller ikkje sett nokon gjere det. Om folk ser at dei mister det så gidder dei sikkert ikkje plukke det opp att. Det er dårleg gjort, legg Wernøe til. 

Jentene peiker på at søppelspann raskt vert fylte opp grunna det høge forbruket av eingongsmunnbind, og at det ofte flyt over. Slik hamnar det også på bakken. 

– Det er ganske ekkelt å sjå dei overalt på gata, seier Wernøe. 

– Korleis skal ein få fleire folk til å kaste munnbind i søppelet?

– Kanskje ha ein kampanje om det, seier Bergkvam.

–  Passe på at det er god nok plass i søppeldunker. Tøm dei jamnleg og pass på at folk ikkje berre kastar det på bakken grunna ein full søppeldunk. Det blir jo mykje meir kasting av munnbind no når alle må bruke det heile tida, avsluttar Wernøe. 


Eit vanleg syn i Bergen. Foto: Sverre Jervell